Landsmøtet i Venstre haldt på partiet sitt nei til EU, med 114 mot 102 stemmer i følge diverse rapportar på Twitter og media (VG og Dagbladet).
EU-saka er som alle veit vanskeleg for Venstre. Partiet er avhengig av velgjarar med både klåre ja- og nei-standpunkt. Sponheim forsøker difor ein manøver der partiet held på sitt nei-standpunkt, samstundes som han sender klåre signal til ja-sjiktet om at han eigentleg er som dei. Eg trur ikkje partiet vinn så mykje på det, men dei kan kanskje unngå å tape på det. Det verkar ikkje som dei blir framstilt som taktiske heller, berre forvirra. Så kan ein jo diskutere kva som er verst.
Uansett har det viktigaste for norsk EU-debatt i dag skjedd på Island. Der har venstresidsa vunne valet. I følge rapportar får sosialdemokratane om lag 30% og SV sitt søsterparti (dei Venstregrøne) om lag 22%. Dei vil med det få fleirtal i parlamentet, og etter alt å døme halde fram i regjering. Det er interessant kva som skjer med EU-saka i ein slik situasjon. Som i Noreg er sosialdemokratane og venstresida usamde om EU-spørsmålet.
Med det valresultatat som ligg, tydar mykje på at dei vil bli samde om å søke for så å legge ut spørsmålet til ei folkerøysting. Den viktigaste grunnen til at Vg kan gå med på det er at det uansett er eit fleirtal i parlamentet for, og at det eksisterer ein annan mogeleg koalisjon som sosialdemokratane kan søke mot (med to mindre ja-parti i sentrum). Det er imidlertid ikkje avgjort med det. I vinter var det stort ja-fleirtal på Island, opp mot 70%. Den siste målinga eg såg var jamn, med om lag 45% ja.
Kva får dette å seie for den norske debatten? Truleg ikkje så mykje, men det ville vere dumt å avskrive det. Det vil få mykje merksemd om Isalnd søker og eventuelt seier ja. Det kan også skape ein ny debatt, ikkje minst i kombinasjon med økonomiske nedgangstider. Dei siste tiåra har det vore i økonomisk utrygge tider det har vore mogeleg å skape noko særleg oppslutning om EU i Noreg.
Det er særleg to grunnar til at eg trur det norske nei’et er meir rotfesta no enn i 1994. For det første så er det no allmenn semje om at Noreg har klart seg og vil klare seg godt økonomisk utanfor EU. I 1994 var trugsmål om industridød, tap av arbeidsplassar og økonomiske problem eit viktig ja-argument. No skal det utruleg mykje til å få folk til å tru på noko liknande.
For det andre (og viktigast for meg og mange andre på venstresida trur eg, eg trudde ikkje på skrmeslane i 94 heller) meiner eg internasjonaliseringa av politikken har styrka argumentet om Noregs sjølvstendig rolle i utanrikspolitikken. Utviklinga dei siste 15 åra viser at handel, miljøspørsmål, økonoiske reguleringar, forsking og andre felt vert internasjonalisert i tillegg til den tradisjonelle utanriks- og utviklingspolitikken. Det gjer stadig nye felt der det er viktig med sjølvstendige aktørar som kan gå litt lenger enn minst felles multiplum i EU, og som kan fremme dei forslaga mange i Europa er for men som det ikkje er oppslutning om i EU. Ikkje minst i klimapolitikken vil det vere ei viktig rolle dei neste tiåra. Den bør ikkje Noreg gje frå seg.
Trur du vi får eit Island-sug som skaper ein ny EU-debatt? Kva er i så fall viktig i den debatten?