Innlegg tagga med ‘Stortinget’



State of the Union

9. October 2009

I dag vart Stortinget opna for sesongen. Det skjer alltid med mykje pomp og prakt og enno meir tradisjon. Og det er flott. Eg har vore med på det nokre gonger no.

I år spelte eg sjølv ein liten birolle. Det er tre talar ved opninga. Først les Kongen trontalen, til sist talar Presidenten. Mellom der les den yngste i Regjeringa les opp “rikets tilstand”, ein politisk rapport frå siste år. I år var det min jobb, sidan Helga Pedersen har gått ut av Regjeringa. Rikets tilstand er på nynorsk, noko som passar meg bra.

Her står eg saman med deler av “barnehagen” i Regjeringa (vi som er om lag 40 eller under; m.a Anniken Huitfeldt og Terje Riis Johansen) og ventar i Eidsvollsgalleriet i Stortinget. Eg held talen i hendene. Til venstre den dyktige regjeringsråden Nina Frisak.



I Stortinget

8. June 2009

Er i Stortinget i kveld (og kanskje natt) for å debattere ein serie med saker. Eg har pause no.

Det er høgtideleg, sjølv når eg har vore her nokre gongar. Første gongen eg skulle på Stortinget sin talarstol var eg nervøs og høgtidsstemt. No er eg ikkje så nervøs, men det er alltid ei høgtid knytt til det.

Stortinget på denne tida er mange lange kveldar for representantane, og enkelte lange kveldar for oss som er statsrådar. Det er noko uvant for meg med ei slik arbeidsform, og det er ikkje akkurat tilpassa dei av oss som har tre små barn. Det heng saman med at saker alltid hopar seg opp før jul og sommar, ikkje minst før eit val. Dermed vert det få sakar om vinteren og lange kveldsmøte no. Slik eg forstår det. Det får eg kanskje høve til å finne ut av i større detalj i framtida, då eg stiller til val som 1.kandidat for SV i Akershus til hausten.



Vekeslutt

6. June 2009

Deilig å vere ferdig med nok ei veke. Denne perioden på slutten av året og stortingsperioden er travel. Mange saker i Stortinget, mykje som skal sluttførast i departmentet, mange som vil ha ein prat før balet – og ein valkamp å føre.

Eg har ei god kjensle. Frå veldig tøft har vi snudd til forsiktig positive medan vi er i regjering. Eg merkar det på den generlt positive men litt avventande stemninga. Folk synes vi spelar ein rolle, får litt gjort. Men det er også ting vi ikkje har gjort og litt usikkerheit om kva som er viktigast no.

Helga er roleg, men på laurdag har vi sagt ja til å dra på Akershus i regi av presidentskapet.



Stortingets julelunsj

16. December 2008

Stortingets julelunsj er ei tradisjonsrik forestilling. Representantar og andre som arbeider på Stortinget, regjeringa, julemat, eit kor og julesang. Tale av president Torbjørn Jagland.

Lunsjen var eit avbrekk i ein dag som hadde mange av dei ingrediensane som ofte går igjen i ein av mine arbeidsdagar. Politisk kvarter om morgonen, ein pressekonferanse, litt arbeid på kontoret, regjeringskonferanse, ein stortingsdebatt. Sånn går no dagan.



Formålsparagraf

5. December 2008

I dag skal eg i Stortinget for å diskutere ny formålsparagraf i skulen. Den gamle kristne formålsparagrafen har røtter hundrevis av år tilbake i tid, og det er på høg tid vi blir kvitt den. Regjeringa la fram sitt forslag før sommaren, etter forhandlingar med opposisjonen har vi klart å samle oss om eit nytt formål. Her argumenterer eg for kvifor det er viktig.

I slike forhandlingar har alle sine ulike syn, og kanskje nokre kjepphestar, men her trur eg alle parti såg at det har stor verdi å vere samd om sjølve formålet med skulen. Det er frustrerande for både lærarar og elevar om politikarane ikkje klarer å samle seg om det mest grunnleggande for skulen.