Innlegg tagga med ‘sosiale medier’



Iran og IFPI

16. June 2009

I Iran held den politiske krisa fram, og det vert tala om dei største demonstrasjonane og mest alvorlege politiske krisa sidan revolusjonen for tre tiår sidan. Voktarrådet har avvist nyval, men dei har opna for ei ny opptelling av valet. I går skreiv eg at det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen. Andreas Halse sin blogg er imidlertid ein god inngang til meir oversikt.

Journalistar vert no utsett for press og oppfordra om å dra frå landet. Det er fort eit teikn på at det kan gå verkeleg ille.

Framleis er sosiale medier best på den raske oppdateringa på det som skjer, og viktige for å få informasjon ut. På NRK Beta skriv dei i dag om mitt tema frå i går, Twitter og valet i Iran. Men journalistar er sjølvsagt uunnværlege for kvalitet, nyansar og djupne i dekninga.

Her heime har IFPI og andre organisasjonar i dag tatt internettleverandøren Telenor til retten. Same dag kjem det fram at bokbransjen også engasjerer seg for at advokatfirmaet Simonsen skal få forlenga sin konsesjon til å overvake og kartlegge ulovlege fildelarar.

Det er fleire trekk som tydar på at norske bransjeinteresser vel ein strategi med overvaking og privat rettshandheving mot ulovleg fildeling. Eg er mot ulovleg fildeling, men dette er feil strategi slik eg tidlegare har skrive. NTNU-professor Arne Krokan har gode poeng om det same.

I staden må vi følge det sporet som nestleiarkollega Audun skildrar i dag. Det dreier seg om vi skal følge den norske kulturpolitiske tradisjonen med å finne ei kollektiv vederlagsordning som sikrar opphavsmenn, gjer tilgang til kultur for mange og utnyttar føremonene ved spreiing av kultur. Biblioteka, NRK-lisens, kasettavgiftsfondet og TONO-avgift er ulike døme på at denne tenkinga har dominert norsk kulturpolitikk.



Svar sosiale medier

12. April 2009

Takk for mange interessante synspunkt på kronikken min om sosiale medier. Eg har tenkt å få på ein versjon i ei papiravis over påske, og fleire innspel førte til endringar (Erlend om universell utforming, Frank Emil om språk, Mina om utforming av tekst).

Eldar har lagt ut sin kommentar etter at eg skreiv ut artikkelen min. Han utviser ein sunn skepsis eller edrueleg haldning som eg deler. Difor er ikkje mitt argument at sosiale medier i dag har alle dei trekka ved seg eg skildrar, men at potensialet er der. Massemedia har den eigenskapen ved seg at dei sprer informasjon frå ein sender til mange mottakarar. Sosiale nettbaserte medier har dei eigenskapane ved seg at dei kan gjere mange til deltakarar og spre informasjon mellom mange. Det potensialet må vi bruke er min bodskap.

Eg vil likevel legge til at mange av oss godt vaksne undervurderer kor mange som deltar. 91% av alle under 30 er på Facebook, og ei rekke andre nettsamfunn er store (YouTube, Wikipedia, Myspace t.d). Ei rekke temabasert nettsamfunn er også store. Bruken av desse er det derimot mykje som gjenstår på, ikkje minst den politiske bruken.

Denne (og andre) kommentaren har det positive ved seg at det får meg og andre som les til å reflektere meir over dette viktige spørsmålet!



Kvifor sosiale medier?

7. April 2009

Eg tok visst ikkje heilt påskefri likevel. Skreiv kort innlegg og sendte til DN i dag tidleg, mellom anna inspirert av diskusjonen på Twitter. Det kjem sikkert ikkje på før påske. Eg skreiv samstundes ut eit utkast til ein lengre kronikk (med ein kjerne av det same innhaldet) som eg tenkte å sende til ei avis over påske. Den er meir ideologisk og forsøker å seie noko om sosiale medier sin mogelege funksjon i samfunnet frå ein politikar sin synstad.

DN-artikkelen kjem sikkert ikkje på enno, så eg legg ut utkastet til kronikk her. Vil gjerne ha kommentarar og synspunkt på den i løpet av påskehelga, sender den først neste veke. Blir litt av og på nettet, men legg igjen kommentar her eller kvitre meg ei melding om du vil.

(more…)



Svar om nettdebatt

2. April 2009

Nei Lisbeth, det er ikkje Simen SS som skriv bloggen min. Det hadde vore utruleg bra om han kunne gjere det for meg ein gong i mellom (berre han skriv bra nynorsk), men inntil vidare må eg gjere jobben sjølv. Enkelte kommenterer (igjen) om eg svarer på kommenterer. Eg viser (igjen) til innlegget “Å svare” frå desember, og klipper inn det sentrale – min svarpolitikk kan vi kanskje kalle det:

Eg har tenkt ein del på korleis eg skal få svart dokke (og andre som skriv på bloggen). Eg trur den brutale sanninga er at dersom eg skulle kommentere alle innlegg som fortener ein kommentar, så ville livslogistikken min bryte saman. Det vil eg ikkje ha noko av. Eg tenker difor å halde fram slik eg har starta; Med å lese alle kommentarar, samle opp og kommentere med jamne mellomrom (ein vanleg metode i debattar for oss politikarar) men ikkje svare på enkeltkommentarar. Protestar kan leverast som kommentarar til denne posten. Eg lover ikkje å endre meining eller svare på dei, men eg vil lese dei og ta stilling til dei.

Nokre kommentarar; Eg såg oppskrifta di Anders, det var vel den som fekk meg til å skrive innlegget i grunn. Den er eit bra moralsk paradigme for kvar enkelt av oss, og peikar på ein sentral faktor for betre dialog på nett – at folk med makt må delta der og (Det er poenget til Simen også). Det er jo irrasjonelt at statsrådar og stortingsrepresentantar stiller på møte i mellomstore norske kommunar der det møter 8 personar som aldri vil endre meining om noko – medan vi ikkje deltek i nettdebattar med hundrevis av personar. Det er både tradisjon og mangel på kunnskap som spelar inn. Eg skulle likt å få kvalitetssikra data på kor mange deltakarar (grovt sett) dei store nettdebattane har til dømes. Det vil gradvis komme nye generasjonar som ser dette annleis, men vi må arbeide i partia for å snu innarbeida mønster.

Eg trur det kan gjerast litt med sjølve debattane også. Som Jørgen og Mihoe er inne på skal nettdebattar halde på sitt særpreg, men la oss snu utgangspunktet og spørre kva som skal til for å trekke inn maktpersonar. Kva er viktig for ein travel politikar? For det første å nå mange, og å nå riktig publikum. For det andre å begrense og kontrollere tidsbruken. Korleis kan det gjerast, utan å bryte med dei ibuande føremonene nettet har?

Det Vårt Land no gjer ser interessant ut. Dei kopierer vanleg møteverksemd, og bestiller deltaking på bestemte tidspunkt og tema. Det er vi politikarar vand med. Spørsmålet er korleis ein kan gjere det utan at nettdebatt blir erstatta av eingongs einvegs kommunikasjon. Eg trur kanskje at tydelegare skilting av tema/målgruppe/medier kunne freiste fleire utpå også. Det er også noko politikarar er vant med. Vi blir invitert til møte med eit tema og eit bestemt publikum.

Eg er vel sterkt i tvil om kor mykje form og struktur eigentleg betyr. Heller til at det først og fremst er eit spørsmål om å endre forståinga og haldningane hos oss politikarar. Dessutan meiner eg nok at det er minst like viktig å få dei sosiale mediene til faktisk å fungere politisk sosialt, slik vi har sett enkelte døme på i andre land sine valkampar.



Nettdebatt?

31. March 2009

Dei fleste viktige debattar i politikken handlar om politiske saker. I år trur eg likevel at debatten om korleis og kvar vi diskuterer politikk kan bli viktig.

Årsaka er at nettet har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen. Dei fleste store teknologiske gjennombrota i det forrige hundreåret gjorde det lettare for ein person å nå mange. Internett gjer det lettare for mange å nå kvarandre, og lettare for mange å nå den eine. Om vi vågar.

Som eg tidlegare har skrive her, vart eg først frelst under den amerikanske primærvalkampen i 2003-2004. Sidan den gongen har mykje skjedd, men det grunnleggande spørsmålet er det same. Korleis skal vi bruke nettet til å oppnå samtale og demokratisering, ikkje einvegskommunikasjon og hype?

Norske parti har langt igjen. Dei fleste nettsidene ser ut som nettaviser, med vekt på å informere om kva vi gjer og fortelle om kva som står i avisene. Gode politiske nettsider frå USA og Storbritania ber deg delta. Sjekk skilnaden på Obama og FrP, eller Labour (som også har denne) og Arbeidarpartiet. Ingen av dei norske er blant dei dårlegaste hos oss, DNA er vel heller blant dei beste.  

Sosiale medier er eit viktig svar. Sjølv har eg vald å delta aktivt på sosiale medier, fordi det gjer eit reellt høve til kommunikasjon. Eg møter langt fleire slik enn eg gjorde på dagens konferanse på Hamar, og eg har betre tid og høve til å svare på spørsmål. Men framleis er det for få politikarar og journalistar som bruker sosiale medier, og alt for få som bruker sosiale medier sosialt. Meir om det på NRKBeta.

Nettdebattar er noko som har frustrert mange av oss. Dei er viktige for å få opp eit offentleg rom, men sjeldan veldig gode. Anders Brenna i teknisk ukeblad skriv viktig og utfordrande om det her. Kor lenge kan vi gå rundt og klage på at det er usakleg og dårleg? Burde vi ikkje heller erobre arenaen. Eit litt slitsomt prosjekt, men eg trur han er inne på noko viktig.



I Dagsavisen

4. March 2009

Det står eit intervju med meg om fildeling og nettet som kanal for å spreie kultur og kunnskap i dagens Dagsavisen (og ein liten snutt om bloggen min), eit tema eg har skrive ein del om her. Seinare i dag skal eg debattere potensialet i sosiale medier på Vika Kino, i samband med premiere på dokumentaren Us Now.