Innlegg tagga med ‘Soria Moria 2’



Borgens bok

10. November 2009

Erling Borge har gitt ut bok i dag, Fredsnasjonens hemmeligheter. Den mangeårige fredsaktivisten og journalisten går til frontalangrep på viktige sider ved norsk utanrikspolitikk, med særleg vekt på våpenproduksjon- og sal samt norsk militær deltaking i Afghanistan.

Han bruker også eit kapittel på SV. Han hevdar at vi har svikta i regjering og slogt vekk politikken vår for å sitt ei regjering, enkelt sagt. Eg meiner han tek grunnleggande feil, og svarer han ulike stader. Særleg i utanrikspolitikken er det lett å sjå at SV har hatt avgjerande innverknad. På ei rekke viktige felt er det som SV før var aleine om å meine no offisiell norsk politikk.

SV var det einaste partiet som stemte mot å sende norske styrkar til Irak etter den fatale krigen. Då vi kom i regjering vart dei trekt ut. SV var det einaste partiet som var mot norsk deltaking i den amerikanskleia OEF-operasjonen i Afghanistan. Då vi kom i regjering gjekk Noreg ut. SV var aleine om å meine at Noreg bør ha kontakt med med den Hamas-leia palestinske regjeringa. No har Noreg kontakt som eit av få vestlege land. Slik kunne eg halde på.

For kort tid sidan vart Soria Moria 2 lagt fram. Den inneber eit nytt skritt til venstre i utanrikspolitikken.



11 månaders studiestøtte

9. October 2009

Mange spør kor det vart av 11 månadars studiefinansiering i Soria Moria 2. Svaret er at det ikkje vart prioritert. Mange er skuffa, med god grunn.

Ein grunn til det er at vi var varsame med å skrive inn konkrete lovnadar om dyre reformer og satsingar, fordi handlingsrommet i den økonmiske politikken vil vere mindre i åra som kjem. Det er fleire viktige saker som difor ikkje er med i SM2. I høgare utdanning var det brei semje om at ei styrking av basis og fleire studieplassar er prioritert. Det var ikkje semje om å utvide studiefinansieringa til 11 månader.

Så seier nokon; korleis kunne dokke forhandle vekk noko som alle var samde om? Dei som seier det bør nok sjå nærare på kva som står i programma (ordrett):

AP: øke bevilgningene og legge om utbetalingsstrukturen for studielån, slik at studiefinansiering betales ut over 11 måneder.

SV: I denne stortingsperioden vil SV prioritere å utvide studiestøtten til å gjelde for 11 måneder

SP: Innføre 11 månaders studiestønad

Eg var i fleire debattar der dette var tema i valkampen. Der sa eg ein ting: Eg meiner alvor med 11 månaders studiestøtte, og eg skal arbeide for det. Det har eg gjort, og det vil eg halde fram med å gjere. Eg har arbeidd for gratis læremiddel i vdg skule sidan 1989, no har vi fått det til.

For studentorganisasjonar og andre er lærdomen å stille oss politikarar klårare og meir presist til veggs, å gjere enno meir for å reise saka på dagsorden. Og viktigast – å arbeide systematisk vidare med saka.

13.10: Eg har nok formulert meg klønete her. Fleire kommentarar ser ut til å ha oppfatta meg slik at eg legg skulda på studentorganisasjonane og studentane for ikkje å ha kjempa hardt nok eller stilt upresise krav. Ingenting kunne vore fjernare for meg. Det har vore jobnba hardt for dette kravet, og det er overhode ikkje studentorganisasjonane sin feil at det ikkje står i Soria Moria 2. Det ansvaret må vi rødgrøne partia ta heilt sjølv.

Eg meinte å oppfordre alle til å halde fram innstasen for å få det gjennomført, og intensivere den ytterlegare. Det vil trengs i åra som kjem.



Takk for innspel

26. September 2009

Tusen takk for stort engasjement og mange innspel til Soria Moria 2 forhandlingane. Mange av innspela er generelle og dreier seg om kva vi skal prioritere eller legge vekt på (som t.d å få til ei større satsing på fornybar energi), men mange er også heilt spesifikke (om studiefinansiering eller adopsjonsstøtte).

Eg skal bruke helga på å gå gjennom dei siste kommentarane og systematisere det heile, samstindes som eg gjer andre førebuingar til SM2.

No er eg på veg til landsstyremøte i SV der vi skal oppsummere valet og diskutere vegen vidare.



Soria Moria 2

21. September 2009

Framover skal AP, SP og SV forhandle om Soria Moria 2. Alle partia har sine program med seg som utgangspunkt, i tillegg til dei planane vi har lagt fram for åra som kjem og dei avtalane som er inngått i Stortinget.

Berre nokre få får vere med på sjølve forhandlingane. Frå SV er det Kristin Halvorsen, Audun Lysbakken og eg som skal forhandle. Eg vil likevel invitere dokke til å bli med på denne prosessen. Ikkje heilt inn, men i området rundt.

Berre nokre få kan forhandle, men fleire kan vere med på ideutviklinga og veiinga av saker mot kvarandre. SV har allereie fått ei rekke innspel frå organisasjonar og institusjonar. Sjølv mottar eg og slike. Eg vil samstundes gje høve til den enkelte å kome med innspel og synspunkt. Legg igjen dei her i kommentarfeltet. Eg vil lese alt, men reknar ikkje med å svare. Du kan skrive kva du vil, men eit tips kan vere å vere poengtert, kort og ta utgangspunkt i at SVs vedtekne politikk ligg nokonlunde fast. Værsågod!



førebuingar – Larvik – fjellet

17. September 2009

Førbuingar for politiske forhandlingar om Soria Moria 2 har såvidt starta. Diskusjonane byrjar i dei enkelte partia, og løpet vert lagt av partileiarane og andre sentrale. Det betyr mange ballar i lufta samstundes dei neste vekene.

I morgon tar eg ein litt kort dag. Først drar eg til Larvik der eg skal forta den offisielle opninga av Thor Heyerdahl vdg skule. Så drar eg avgarde på fjellet ein tur. Noko langhelg er det ikkje tid til, men det vert i alle fall eit par dagar. Nede igjen søndag kveld.