Eg har bestemt meg for å starte ein ny serie. Om skulebloggar. Eg skal i februar (med jamne eller ujamne mellomrom) presentere norske skulebloggar.
Det er nokså mange av dei. Eg har gradvis oppdaga ein god del dei siste 15 månedane. Dei fleste har eg ikkje merka, berre sveipa innom. Eg må gjenoppdage dei. Andre kjenner eg godt til etterkvart. Eg turr det kan ha interesse for mange som interesserer seg for skule, men ikkje går opp i det til dagleg. Eg trur dessutan det kan promotere bloggar om skulen og bruk av sosial web i skulen.
Eg presenterer nokre no i dag, og litt fleire etter kvart. Eg har bloggar for nokre dagar, men ikkje for ein månad! Difor er eg avhengig av tips frå deg. Eg vil ha tips om alle slags bloggar av elevar, lærarar, folk på høgskular og i administrasjon. Alle som kan seiast å blogge om skule.
Legg igjen forslag som kommentar til ein av postane mine! Her er dei første.
Elevblogg er ein veg inn til ei rekke bloggar av og med elevar. Frå fantastisk til elendig. Frå seriøst til morosamt til tullete. Ein god inngangsport.
Bjørn på norsk underviser mattematikk i lærarutdanninga, og bloggar om lærarar, politikk, kultur og laust og fast – med andre ord om lag som meg. Han stemmer ikkje KrF, det er relativt tydeleg..
IKT i vidaregåande skule handlar mykje om dei to emna. Mannen bak arbeider med IKT på Bodin vidaregåande skule i Bodø. Han er flink til å legge ut spennande snuttar, og har mellom anna skrive interessant om dataspill.
Tanker heiter enno ein blogg om IKT. June Breivik står bak, ho er sosiolog og prosjektleiar for Digital skole i Hordaland fylkeskommune. Lange reflekterte innlegg om feltet ho arbeider med, også i eit vidare samfunnsmessig perspektiv dominerer.
Øystein Johannessen er IKT-guru her på bruket. Han er særs kunnskapsrik og oppdatert på IKT, sosial web og teknologi generelt (og mykje anna). Han veit mykje om korleis IKT kan brukast i læring, og korleis vi skal sette politikk ut i livet for å få det til. Oppdaterer nokså sjeldan, men alltid interessant.