Verdsstjerner
16. September 2009Sjå nøye på biletet. Til venstre for sjakkbrettet sit denne hobbysjakkspelar, trebarnsfar og politikar.
Til høgre for brettet sit tidenes største sjakkspelar Garri Kasparov og den som kan bli verdas beste om kort tid, norske Magnus Carlsen (for tida nr. 4 i verda og tidlegare omtala her)
Kasparov, assistert av Magnus, gjer meg eit grunnkurs i Najdorfvarianten i Siciliansk, som eg spelte “på ein litt umoderne måte” som Kasparov diplomatisk sa det.
Det er ikkje så ofte du kan få litt opplæring av dei beste i verda. Opptrinnet det er snakk om her skjer etter at Trond Giske og eg har spist lunsj med dei to sjakkspelarane, toppidrettssjefen, Simen Agdestein, stortingsrepresentant Marianne Aasen og nokre til. Der diskuterte vi sjakkhistorie, sjakk i skulen, sjakk-OL og det faktum at Kasparov skal trene Magnus. Meir om det her

