Innlegg tagga med ‘private barnehagar’



Private barnehagar

27. May 2009

Som mange har fått med seg, var det streik i private barnehagar i forrige veke i protest mot manglande likeverdig finansiering av tilbodet i private og kommunale barnehagar, og forslaget til ny lov i Ot.prp 57.

Eg er glad for å fortelje at vi no vil skrive likeverdig behandling inn i lovframlegget og at vi presenterer ein plan for å finansiere det. Eg har i dag sendt eit brev til komiteen på Stortinget, der eg slår fast to ting:

1) Eg støttar at vi i lovteksten slår fast at private barnehagar skal handsamast likverdig med kommunale når det gjeld offentlege tilskott. I brevet skisserer eg korleis dette kan gjerast.

2) Regjeringa tek sikte på å finansiere dette gjennom ein opptrappingsplan på inntil 5 år. Vi vil følge det opp i budsjettet for 2010.

Eg er utruleg glad for at vi har fått ei løysing på denne viktige saka. Det var heilt naudsynt! Alle delar av barnehageforliket frå 2003 er no innfridd eller i ferd med å bli sluttført. Full dekning, lovfesta rett, lågare pris og no altså likeverdig behandling. Les meir på Kunnskapsdepartementet og SV etter kvart.



Streik i private barnehagar

18. May 2009

I dag 19.mai går ei rekke private barnehagar ut i politisk streik. Dei vert stengt klokka 12.00. Det dreier seg i følge Private Barnehagers Landsforbund (der du også kan lese begrunnelsen med deira eigne ord) om ca 2000 barnehagar. Fleire store private aktørar er ikkje med på streiken, til dømes Kanvas.

Streiken er retta mot ot.prp 57 som inneheld framlegg om å overføre ansvaret for finansieringa av barnehagane til kommunane. I denne stortingsperioden har vi sluttført ein barnehagerevolusjon. 60.000 nye plassar så vi har full dekning, lågare pris, fleire førskulelærarar og lovfesta rett til plass. 12 mrd kroner meir til barnehagar! No skal vi etablere eit system for å styre og finansiere barnehagane varig.

Barnehagane er eit offentleg tenesteområde som skule eller eldreomsorg. Vi meiner at det er naturleg at kommunane også har det heilskaplege ansvaret for barnehagesektoren på linje med andre sektorar når vi har oppnådd full dekning. Det har lenge vore brei politisk semje om dette. Overføringa skal skje frå 2011, så det er god tid til å førebu den. Eg føler meg trygg på at kommunepolitikarane er like opptatt av å gje sine innbyggjarar eit godt barnehagetilbod som vi er det nasjonalt. Dei som ikkje bryr seg med det, må likevel. I lovforslaget har vi lagt føringar som vil sikre finansieringa til dei private barnehagane. Plikt til å finansiere eksisterande barnehagar, kvalitetsstandarar og lovfesta rett til barnehageplass sikrar dei private. I tillegg får kommunane alle pengane med på kjøpet.

Kritikken mot lovframlegget dreier seg vel så mykje om finansieringssystemet. Private barnehagar har 85-100% finansiering av dei kommunale, etter eit nokså komplekst system. Vi foreslår at kommunane får meir fridom til åå utforme systemet i sin kommune, men innan dei nemnde klåre rammene.

Det er no dokumentert at det er dårlegare lønns- og arbeidsvilkår i private barnehagar, noko som heng saman med dagens finansiering. Dette er alvorleg. Sjølv om private barnehagar har like god kvalitet som kommunale i dag, er det eit spørsmål som over tid kan undergrave kvaliteten. Det er uakseptabelt med så store skilnadar og dårlege vilkår for mange lågtløna. Det er eit pengespørsmål som må løysast i samband med budsjetta framover. Regjeringa arbeidar for like lønns- og arbeidsvilkår. Dersom slike skilnadar bit seg fast over tid, kan det gå ut over rekruttering og kvalitet. Dette spørsmålet må løysast uavhengig av kva finansieringssystem vi har.