Innlegg tagga med ‘Nordlys’



Så galt kan det gå

25. May 2009

Det oppstår stadig ganske absurde tolkingar av det ein har sagt i media. Det er vanleg for ein politikar å oppleve det. At ein profilert og dyktig redaktør bommar er meir sjeldant.

Hans Kristian Amundsen, sjefredaktør i Nordlys brukar sterke ord i Nordlys i dag. “Aldri før har de rødgrønne skuffet meg mer”  (!) seier han, og refererer til eit oppslag i Aftenposten der eg sa at vi må gjere meir for å gje fagleg sterke elevar utfordringar. Kvar trår han feil?

1. Han har ikkje fått med seg det som er sagt. “Tiden er inne for satsing på de flinkeste, sa SV-statsråden” siterer han fritt frå sin eigen fantasi. Feil. Tida er (framleis) inne for at at alle skal få brukt sitt talent, var bodskapen min i Aftenposten. Elevar som er særleg sterke treng ekstra utfordringar. Nett som dei som slit treng ekstra hjelp.

2. Han trur ein må velge mellom elevar. “Som amen i kirka fører det til at svakere elever, og elever som er tvunget inn i en skole som ikke passer dem, dyttes brutalt ut av politikkens og samfunnets synsfelt.” Men ein lærar i klasserommet kan ikkje velge mellom nokre av elevane sine, ho må gje alle utfodringar på sitt nivå. Då må ein kunne forvente det same av ein kunnskapsminister.

3. Han har ikkje fått med seg kva som er hovudperspektivet til regjeringa. Vi har gjennomført barnehagerevolusjonen, løyva 1 mrd til fleire lærarar for å styrke innsatsen mot dei som slit i norsk og matte, innført tettare kartlegging og gjennomført ei rekke tiltak mot fråfallet i vidaregåande skule. Vi brukar milliardar på tidleg innsats, men enno er det langt igjen. ”Alle skal med” seier dei i AP. “Ulike mennesker, like muligheter” seier  vi i SV. Alt dette er hovudperspektivet i stortingsmeldinga som kjem neste månad. Amundsen bør kome på presentasjonen!

4. Han tar dessutan feil om han trur vi ikkje treng å legge til rette for sterke elevar. Han skriv ikkje det, men han kan forstås slik (eg ber om orsaking om eg misforstår). Det er for mange elevar som kjedar seg og ikkje får nok utfordringar, for mange elevar som ikkje får brukt sitt potensiale og sitt talent. I Troms har fylkesråd Pål Julius Skogholt vore flink til å ta tak i dette, ved å tilby undervisning på nivået over for enkelte elevar. Dette er viktig for at oppslutninga om fellesskulen også i framtida skal vere sterk og brei.

Hovudutfordringa er å sørge for at alle lærer seg å lese, skrive og rekne og får brukt sitt talent. Men ingen kan vel i fullt alvor meine at tilpassa opplæring berre skal vere ein rett for ein del av elevane? Så galt kan det gå.