Obama???
9. October 2009Obama? Eh? Sånn reagerte nok mange i dag. Synspunkta er særs delte (VG Dagbladet). Det er ein overraskande og spesiell pris, til ein mann som ikkje har utretta mykje som statsleiar enno. Samstundes kan ein forstå argumenta til komiteen når ein tenker ein runde ekstra. Han har satt ein tone og spela ein rolle for fred og nedrustning det siste året. Komiteen kan støtte og påverke ein prosess.
Det siste er eg likevel usikker på. “The Last Thing He Needs” er tittelen på denne kommentaren frå Time, og mange kommentatorar i USA heller i den retning. Her heime er prisen godt motteke, men det vert den jo alltid. Eg syns Anniken Huitfeldt oppsummerte det godt i ei tekstmelding ho hadde fått frå mannen sin; Litt spesiell pris, men eg trur eg takkar ja til å bli med på utdelinga i år!
