Motorpsycho: Timothy’s Monster
20. January 2010
Medan eg ventar på å kjøpe den nye plata til Motorpsycho, presenterer eg den plata eg har som ein knapp favoritt frå katalogen deira. Blant 14-20 plater (utan singlar. Og alt etter korleis ein tel) likar eg nok denne best (av dei eg har høyrd).
Men først, om det skulle vere nokon uinvidde; Vi snakkar om Noregs største rockeband nokon sinne, den dominerande nyskapande krafta i norsk rock, prog, heavy og dei fleste andre stilartar dei siste tiåra. Bandet kan synast vanskeleg tilgjengeleg, men veldig mange har likevel funne noko der. Dei har eit variert uttrykk, men samstundes ein utruleg eigenart. I Noreg er dei respektert og populære. I mange europeiske land har dei også ei stor (kult)fanskare.
Timothy’s Monster peika veg for mange av platene deira seinare. Den er lang, og blandar tung prog, rockeperler og fine rolege songar. Den har også ein x-faktor ved seg. Kvar gong eg spelar plata dukkar det opp noko nytt.
Dette er ein flott introduksjon til Noregs viktigaste band, og ei flott plate å spele igjen og igjen. Under to utypiske låtar. Eit opptak av opningssporet Feel frå ein konsert på Sicilia (som eg mest har tatt med pga setteinga) og deretter rolege “Now It’s Time To Skate”


