Innlegg tagga med ‘Morten Søberg’



All makt i denne sal

18. October 2010

17.1 % av alle 18-24 åringar i Noreg meiner, i følge ei måling gjort av Infact, at uttrykket “all makt i denne sal” handlar om Arbeidarpartiet. Eg vert sarkastisk i tanken. Kva for ein sal? Storsalen i Folketeaterbygningen? Ein sovesal på Utøya?

Kanskje seier denne opplysninga noko om kunnskapsnivået i norsk skule? Den seier mest om norsk politikk i dag trur eg.

Opplysninga er å finne i Morten Søberg si andre bok som kom ut på Samlaget i haust. Morten Søberg er, i tillegg til å vere ein kjenning, ein av dei meir interessante personane som vandrar rundt i korridorane på Stortinget. Det får han til fulle fram i denne korte sakprosateksten. Eg har skrive om den første boka hans før, ei essaysamling. Det var tidvis bra og interessant. Det er ei stor glede for meg å oppdage at denne teksten er klårt betre. Mykje betre vil eg seie. Den er direkte god og interessant.

Den har ein tråd. Ikkje ein raud tråd, men ein konstitusjonell tråd. Ein konservativ men også radikal tråd vil eg seie, altså ein typisk sentrumstråd.

Kva betyr eigentleg all makt i denne sal? Det er det sentrale temaet i boka, som difor naturleg nok kretsar rundt Johan Sverdrup. Kretsar lett rundt Sverdrup vil eg seie, for tittelen på boka held det den lovar: “Sverdrups ekko”. Den handlar om min arbeidsplass i snart eit år, Stortinget. Gjennom å studere arven frå Sverdrup og fleire mindre heltar som Isak Saba, den første samiske tingmann, David Webster, tidlegare amerikansk senator og utanriksminister og Martin Kolberg, bygger den opp eit vidare epos med ein større helt. Stortinget. Stortinget er helten i denne boka. Boka er ganske enkelt for Stortinget.

Boka inneheld ein dose uro for at Stortinget ikkje har den makta parlamentet har hatt, men først og fremst mange viktige synspunkt på korleis Stortinget kan og skal ha makt.

For det første eig Stortinget grunnlova. Søberg kan fortelje oss at det eingong var vanleg at Regjeringa gjorde framlegg om å endre grunnlova, medan det no er heilt og fullt Stortinget sitt domene. Den konstitusjonelle debatt, kompetanse og innsikt må difor finnast i Stortinget og vaktast av oss representantar. For det andre er det vi tingmenn sjølv som avgjer kvaliteten på Stortinget. Vi treng tingmenn med vilje og evne til definisjonsmakt, skriv Søberg. Han argumenterer også historisk innsiktsfullt for at det ikkje er gitt kva valordning som er best, og at sterkare vekt på personval har sine sider.

Boka er velskrive, på Morten sin alt for konservative nynorsk. Eg tilgir han det sidan innhaldet er så interessant.



Senatet som aldri vart

4. April 2009

Min gamle kjenning Morten Søberg har skrive bok. Essaysamlinga “Senatet som aldri vart” kom nyleg ut på Samlaget.

Mange vil ikkje kjenne Søberg. Han er politisk rådgjevar i Senterpartiet si Stortingsgruppe, tidlegare tilsett i Kommunaldepartementet og har ein doktograd i samfunnsøkonomi. Sist eg sjekka var han ein entusiastisk forkjempar for nynorsk og motstandar av EU-medlemskap. Han arbeider for Ola Borten Moe på Stortinget, og eg er villig til å vedde ein god del på at han er mannen bak “Nei til SV-staten”, “politiske rovdyr” og Stalingrad-referansen.

Han har samla ei serie essays, fleire av dei tidlegare publisert i Dag og Tid, med det eg vil kalle sideblikk på politikken. Han brukar korte blikk i sidespegelen til å sjå på meir enn å analysere personar, hendingar og strukturar. Det er i rommet mellom forteljinga og biletet han opererer. Summen er særs springande, men gjer seg aldri ut for vere noko anna. Kjedar du deg ein augneblink er det aldri langt til noko heilt anna.

Det er ei rekke essays. Dei fleste av dei blandar personlege historiar med politisk fenomen. Eg synest han er best der ei personleg historie går opp i eit større fenomen eller utviklingstrekk . Essayet om den nynorskskrivande samferdslepolitikaren vestfrå er både vakkert og viktig. Han identifiserer ein type politikar eg kjenner godt frå oppveksten min, og fortel samstundes ei fin historie om ein engasjert mann sin kamp for ein veg. Eg las også om utviklinga i norsk pengepolitikk og mannen bak kommunesamanslåingar på 60-talet med den same gleda. Det er også fleire essays med dei same kvalitetane.

Eg finn det ikkje like engasjerande når han skriv om strukturane. Dissensar, grunnlova, lagtinget. Det manglar kanskje ei analystisk tilnærming som kunne løfte det eit hakk, eller så er det berre eg som ikkje er like interessert i det statsvitskaplege. La ikkje det skremme deg frå å lese, dei fleste historiene er engasjerande og gode.

Søberg skriv særs godt. Korrekt og stilsikkert, men samstundes overraskande og morosomt. Han er god på elegante vendingar. Nynorsken er tradisjonell, men aldri parodisk.

Ei god essaysamling eg hadde stor glede av. Sjekk den ut.