Innlegg tagga med ‘Lofoten’



Lofoten-nei

20. March 2010

Årsmøtet i Oslo Arbeidarparti sa nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, melder fleire medier. Kampen om tolkinga av vedtaket er imidlertid allereie i gang. Legge merke til Jan Bøhler sin kommentar i slutten av denne saka; “- Slik jeg leser vedtaket utelukker det ikke oljeutvinning utenfor  Lofoten og Vesterålen, men sier at det skal opprettes petroleumsfrie soner der. Da kan man verne noe, og åpne andre deler, sier fylkesleder i Oslo Jan Bøhler til Dagbladet”.

Eit årsmøte eller eit landsmøte har ein spesiell psykologi. Uansett kor god stemning og kor stor semje det er om dei store linjene, skal årsmøtet  alltid på minst eit punkt klart markere seg mot leiinga og vise at det ikkje akepterer kva som helst.

Vedtaket utløyser raseri i Nordland AP, der fylkesrådsleiar for AP Odd Eriksen slaktar det. Miljørørsla og sånne som eg gler oss. Samstundes er nok sanninga at dette vedtaket får lite å seie for utfallet av saka. AP-landsmøtet gjorde eit vedtak om å vente med å ta stilling til forvaltningsplanen for områda skal rullerast. Då det vil kome enno meir kunnskap om oljeforekomstar og miljøsituasjonen. I samband med forvaltningsplanen skal det vurderast om det skal settast i verk ei konsekvensanalyse. Ei slik konsekvensanalyse er den juridiske prosessen som må til for å sette i gang oljeboring i området.

Sidan vi alle veit at AP-leiinga er for, og at dei truleg har eit klårt fleirtal i ryggen, vil dei sikre seg forankring i partiet på eit rett tidspunkt og forhandle med SV og SP om utfallet. Eit splitta AP er ikkje noko nytt, og det vil ikkje endre på standpunkta til dei som skal handsame saka og forhandle med SV. Det er difor to tilhøve som vil avgjere saka; i kva grad det skjer ei stor mobilisering i opinionen som gjer det politisk vanskeleg å opne opp, og kor stor vekt SV legg på å få gjennomslag i saka. Og vi legg stor vekt på det, det kan eg love.



Nord-Noreg vil ha oljefritt Lofoten

17. August 2009

Ei ny meiningsmåling som er offentleggjort i dag, mellom anna i Nordlys, viser fleirtal i Nord-Noreg mot oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Tala har gått litt opp og ned dei siste åra. Det er ikkje eit rungande nei, men eit knapt fleirtal mot.

Ei rimeleg oppsummering er at Nord-Noreg er delt i to når det gjeld oljeboring utanfor Lofoten.

Rett før helga kom det ei anna måling. Den viste at alle mandat som var inne frå dei tre nord-norske fylka til Stortinget – med eit unnatak – var for oljeboring. Årsaka var at SV var ute i Troms og Finmark, og berre hadde eit mandat inne i Nordland.

Med andre ord; Folkefleirtalet i Nord-Noreg kan bli nesten utan representasjon på Stortinget i den mest profilerte saka i Nord-Noreg så langt i valkampen. Det er eit paradoks som både sentrale kommentatorarar som redaktør Hans Kristian Amundsen i Nordlys og politikarar som Pål Julius Skogholt og Lena Jensen bør gå djupare inn i.

Men vi kan gjere noko med det. For i alle tre fylka sloss SV med høgresida om eit mandat. Det vil vere spesielt om Nord-Noreg si stemme i Oslo skal peike i ei heilt anna retning enn folkemeininga. Det bør vere mobiliseringsgrunnlag for både SV og miljøengasjerte veljarar framover.



Og no: Lofoten

13. August 2009

Eg har aldri vore i Lofoten før, men no er eg i Svolvær. Skal på ein liten runde i morgon med eit par besøk og eit torgmøte. Eg nøyer meg med å legge ut nokre bilete herfrå no.



Lofotaksjonen

18. January 2009

Folkeaksjonen mot oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen (eller blokkene Nordland Vi og VII som dei heiter) vart starta i helga. Du kan melde deg inn og lese nyhende på heimesida deira.