Private barnehagar
27. May 2009Som mange har fått med seg, var det streik i private barnehagar i forrige veke i protest mot manglande likeverdig finansiering av tilbodet i private og kommunale barnehagar, og forslaget til ny lov i Ot.prp 57.
Eg er glad for å fortelje at vi no vil skrive likeverdig behandling inn i lovframlegget og at vi presenterer ein plan for å finansiere det. Eg har i dag sendt eit brev til komiteen på Stortinget, der eg slår fast to ting:
1) Eg støttar at vi i lovteksten slår fast at private barnehagar skal handsamast likverdig med kommunale når det gjeld offentlege tilskott. I brevet skisserer eg korleis dette kan gjerast.
2) Regjeringa tek sikte på å finansiere dette gjennom ein opptrappingsplan på inntil 5 år. Vi vil følge det opp i budsjettet for 2010.
Eg er utruleg glad for at vi har fått ei løysing på denne viktige saka. Det var heilt naudsynt! Alle delar av barnehageforliket frå 2003 er no innfridd eller i ferd med å bli sluttført. Full dekning, lovfesta rett, lågare pris og no altså likeverdig behandling. Les meir på Kunnskapsdepartementet og SV etter kvart.


