Leslie Winer: Witch
29. March 2009 
Det har alltid vore begrensa med informasjon om både plata og dama bak den. Den er eit heilt spesielt eksemplar som eg er veldig glad i, den liknar på lite anna. Snakkande vokal, tørre rytmar, samplingar, ein dose trip hop følelse og ein del fin akustisk gitar. Det spesielle med plata er likevel ei stemning, ei skummel kjensle, som beatet og stemmen skapar saman med nøye utvalde samplingar og gode tekstar. Det er vanskeleg å samanlikne med noko, det finst kanskje inga direkte samanlikning.
Leslie Winer var visstnok ein velkjent modell i NewYork på 80-talet. Ho hadde ei kobling til Willian S Boroughs, noko ein finn att i formen på tekstane. Ho er ein sterkt politisk tekstforfattar, med både ein feministisk og antiautoritær bodskap. Dette er såvidt eg veit den einaste plata ho har gitt ut. Leslie Winer er navnet, men plata er strengt tatt gitt ut under eit slags kunstnarnavn; det C-symbolet som du kan sjå på coveret over. På plata har ho med seg folk som Tim Simenon, Kevin Mooney og Jah Wobble. Kva skjedde? Kvifor ikkje noko meir? Eg veit ikkje, men la oss nyte den vi har.
Plata er anmeldt her, og eit par spor har eg lagt ut her.
