Sjølv sit eg og forhandlar Soria Moria 2 til om lag klokka 23 kvar kveld for tida. Eit lite blikk ut av bobla i dag har fortalt meg at Lars Sponehim opnar for at Venstre skal samarbeide mot venstre ved neste val, at Obama var i København og at Chicago ikkje fekk OL i 2016. Det gjekk til Rio.
Men mest engasjerande synest eg; Magnus Carlsen knusar all motstand i superturneringa i Nanjing i Kina (der eg sjølv har vore for nokre år sidan). Både Dagbladet og VG har fått opp auga for det. Magnus leiar no suverent etter halvspelt turnering. Han har 4,5 av 5 poeng, dei fem andre har 2-2,5 alle saman.
Såg du utspørringa av Lars Sponheim på TV2 i kveld? Og intervjuet med han i VG i dag? Kva er det eigentleg Lars Sponheim seier? Vil han hindre at det blir danna ei FrP-regjering, eller kan han la det skje og så vere i opposisjon til den på politisk grunnlag?
I VG seier han at dersom V skal felle ei regjering blir det på politisk grunnlag, men han avviser ikkje budsjettforhandlingar med FrP. Det er det som har gitt seks år med FrP-styre i Oslo med Venstres velsignelse.
På videosnutten under utfordrar eg Lars Sponheim til å svare meg. Det er litt utradisjonelt, men det gjer eit godt høve til å framføre ein kompleks bodskap samanhengande. – Bare kom med den erklæringen så skal jeg gjerne undertegne den en gang til, seier Sponheim. Men i den erklæringa står det ingenting om at han vil forhindre FrP å danne regjering eller la vere å lage budsjett med dei, han vil berre ikkje støtte regjeringa.
På videoen forklårer eg så presist eg klarer kvifor eg meiner ei stemme på Venstre med borgarleg fleirtal kan gje FrP i regjering. Det er ikkje for å belære Lars Sponheim eg går i detalj, han kan det til fingerspissane. Eg forklarer i håp om at flest mogeleg skal følje argumentasjonen min, og kunne vurdere den.
Nettopp det at Lars Sponheim kan dette så godt gjer at eg mistenker han for å vere bevisst uklår. Han garanterer ikkje at FrP skal haldast utanfor regjeringskontora, men det er inntrykket som sit igjen. Vurder sjølv!