Svar om IKT og lærarar
1. June 2009Nina spør om IKT og meldinga om kvalitet i barnehagen. Du har rett i at det ikkje er ei hovedsak, vi kunne sikkert godt djupare inn i det. Det er imidlertid omtala i punkt 9.7. Så kan eg varsle at vi om kort tid vil sette i gang etableringa av eit IKT-senter som også får ansvar for barnehagen. Eg skal også sjå nærare på forslaget om ein nettportal.
Geir LS og Torgeir Åge kommenterer min artikkel om 4000 nye lærarar. Tallgrunnlaget for den er heilt rett og baserer seg på tall som SSB har samla inn og som er presentert samla av Utdanningsdirektoratet her. Eg viser til utviklinga sidan den raud-grøne regjeringa overtok, altså dei tre åra frå skuleåret 05-06 til 08-09. Kort oppsummert viser tala at det vart om lag 4000 fleire lærarar (personar) i periode og noko over 2500 årsverk (det eksakte talet går ikkje an å skaffe). Det er samstundes klårt at lærartettleiken har blitt betre og gruppestørrelsen noko mindre, men endringane er relativt små. I forrige periode, med Høgre ved makta, vart gruppene større og det var nedgang i talet på årsverk.
Det er fleire menn her; timetalet har gått opp, og noko av veksten har kome i form av personar utan godkjend pedagogisk utdanning. Når det gjeld artikkelen som Geir og Torgeir Åge viser til, så handlar den om utviklinga siste år (i tillegg til at den har gjort eit noko anna utval). Det er ingen tvil om at utviklinga siste år var klart dårlegare enn dei to første. Det var i bunn og grunn lite endring det siste året, heile veksten kom dei to første raud-grøne åra. Det stemmer også med den generelle kommuneøkonomien.
