Innlegg tagga med ‘lærar’
1. June 2009
Nina spør om IKT og meldinga om kvalitet i barnehagen. Du har rett i at det ikkje er ei hovedsak, vi kunne sikkert godt djupare inn i det. Det er imidlertid omtala i punkt 9.7. Så kan eg varsle at vi om kort tid vil sette i gang etableringa av eit IKT-senter som også får ansvar for barnehagen. Eg skal også sjå nærare på forslaget om ein nettportal.
Geir LS og Torgeir Åge kommenterer min artikkel om 4000 nye lærarar. Tallgrunnlaget for den er heilt rett og baserer seg på tall som SSB har samla inn og som er presentert samla av Utdanningsdirektoratet her. Eg viser til utviklinga sidan den raud-grøne regjeringa overtok, altså dei tre åra frå skuleåret 05-06 til 08-09. Kort oppsummert viser tala at det vart om lag 4000 fleire lærarar (personar) i periode og noko over 2500 årsverk (det eksakte talet går ikkje an å skaffe). Det er samstundes klårt at lærartettleiken har blitt betre og gruppestørrelsen noko mindre, men endringane er relativt små. I forrige periode, med Høgre ved makta, vart gruppene større og det var nedgang i talet på årsverk.
Det er fleire menn her; timetalet har gått opp, og noko av veksten har kome i form av personar utan godkjend pedagogisk utdanning. Når det gjeld artikkelen som Geir og Torgeir Åge viser til, så handlar den om utviklinga siste år (i tillegg til at den har gjort eit noko anna utval). Det er ingen tvil om at utviklinga siste år var klart dårlegare enn dei to første. Det var i bunn og grunn lite endring det siste året, heile veksten kom dei to første raud-grøne åra. Det stemmer også med den generelle kommuneøkonomien.
1,418 kommentarar |
Barnehage, Grunnskule, Skule, lærar |
IKT, lærar, lærarar, utdanningsdirektoratet
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
IKT, lærar, lærarar, utdanningsdirektoratet
Posta i Barnehage, Grunnskule, Skule, lærar | 1,418 kommentarar »
19. May 2009
I går presenterte Utdanningsdirektoratet tala som viser utviklinga i grunnskulen dei siste åra. Tala måler kva som har skjedd etter 3 av 4 år med raud-grøne budsjett.
Siden den raudgrøne regjeringa tok over har det blitt 4000 fleire lærarar og over 2500 fleire lærarårsverk i ordinær grunnskule. Lærartettleiken har også gått i riktig retning sidan SV tok over Kunnskapsdepartementet, sjølv om utslaga er små. Det er no fleire lærarar i skulen som kan gje kvar enkelt elev den oppfølginga dei treng.
Under forrige regjeringsperiode var talet på lærarårsverk synkande samstundes som det vart færre lærarar pr elev. Vi har dermed snudd den negative utviklinga som var i skulen i heile forrige periode fordi ein prioriterte skattelette til dei rike framfor å satse på fellesskapet.
SV har større ambisjoner enn dette og mange stadar er det framleis mangel på lærarar. Difor vil vi i neste periode gå inn for sterkare nasjonal styring av skulesektoren for å sikre at det blir nok lærarar i skulen. Vi må også vurdere korleis vi kan ivareta alt dette.
729 kommentarar |
Grunnskule, Internasjonalt, Videregåande |
lærar, utdanningsdirektoratet
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
lærar, utdanningsdirektoratet
Posta i Grunnskule, Internasjonalt, Videregåande | 729 kommentarar »
21. April 2009
Sterk vekst i søkninga til høgare utdanning. Den store vinnaren er læraryrket. 35% vekst i søkninga til allmenlærarutdanninga – 1000 fleire på eit år - og vekst også for dei andre lærarutdanningane (Aftenposten VG). Det er fantastisk bra, og veldig viktig. Det er likevel berre starten. GNIST-samarbeidet skal halde fram i minst tre år, og vi skal bruke nye midlar på kvalitet i skulen og kampanje for å få fleire til å søke neste år.
I ettermiddag klokka 15.00 blir det feiring med partnarar og lærarkake i KD. Hurra!
1,784 kommentarar |
lærar |
GNIST, lærar
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
GNIST, lærar
Posta i lærar | 1,784 kommentarar »
6. February 2009
I dag har Tora Aasland og eg lagt fram stortingsmeldinga “Læreren – rollen og utdanningen”. Her foreslår vi:
- Spesialisering av lærarutdanninga i to løp (barnetrinn og ungdomstrinn), noko som vil gje grunnlag for større fagleg fordjuping.
- Eit nytt fag “Pedagogikk og elevkunnskap” og praksis kvart år, som skal førebu ein lærar bedre på det som faktisk ventar i klasserommet.
- Rettleiing av ein mentor det første året for alle nye lærarar.
Vi foreslår dessutan mykje meir, ikkje minst når det gjeld rekruttering og forbetring av innhaldet i utdanninga. Eg er veldig stolt av meldinga. Eg trur den vil gje betre, fleire og tryggare lærarar i framtida. Her er nokre korte punkt om innhaldet, for den som ikkje har tolmod til å gå inn i sjølve dokumentet (som eg linka til over).
1,063 kommentarar |
Skule, lærar |
lærar, lærer, læreren, stortingsmelding
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
lærar, lærer, læreren, stortingsmelding
Posta i Skule, lærar | 1,063 kommentarar »
7. January 2009
Fleire har posta reflekterte og ikkje minst engasjerte innlegg om dette. Dei viser også at det er mange omsyn ein må ta når vi skal lage eit slikt regelverk, akkurat som ein skulesjef eller rektor har mange omsyn å ta når ein skal sette saman staben sin.
Grunnen til at eg ser på kompetanskrav for lærarar er at vi veit at om lag 40% av lærarane i Noreg underviser i fag utan å ha formell kompetanse. Samstundes veit vi at formell (og annan) kompetanse spelar ein rolle. Ta fag som matematikk eller kunst og handverk; Eg vil tru mange kan sjå at det i desse faga er viktig å ha store kunnskapar om det ein skal lære bort.
Bjørn spør om det ikkje er viktig å ha slik fagkunnskap på barnetrinnet? Jo, det er det. Sjølv om det er stor skilnad på korleis ein underviser 6-åringar og 15-åringar – og kanskje nokre fagskilnadar. Vi må difor sikre kompetansen på ulike vis. I dag vert jo det først og fremst gjort ved at sentrale fag er obligatoriske i lærarutdanninga. Eg vil likevel hevde at det at ungar må kunne forhalde seg til få personar i den første skuletida er ekstremt viktig tidleg på barnetrinnet.
Veslemøy tek opp at vi må ta omsyn til størrelsen på norske skular. Det har ho heilt rett i, det må framleis vere mogeleg å drive dei mange små skulane våre. Det er særleg på barnetrinnet det er mange skular, det må vi ta omsyn til når vi vurderer kompetansekrav.
47 kommentarar |
Grunnskule, Ikkje kategorisert |
kompetansekrav, lærar
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
kompetansekrav, lærar
Posta i Grunnskule, Ikkje kategorisert | 47 kommentarar »