Innlegg tagga med ‘Kristenfolket’



Svar

27. August 2009

Under kommentarane til posten om kristenfolket ligg eit par spørsmål frå “rygh” som eg vil svare kort på. Han ber meg svare på spørsmålet om å forhandle med Taliban? Ja, eghar lenge meint at det er naudsynt å ha dialog med moderate element innan Taliban, slik den norske utanriksministeren, den britiske utenriksministeren, NATOs generalsekretær og den amerikanske presidenten har teke til orde for.

Han spør vidare om det er verre med LO/AP-kontakten enn kontakten mellom kristenfolket og FrP/KrF. Svaret er nei. Tvert om, eg synest samanlikninga er god. Det såkalla Kristenfolket er FrP sitt LO. Dei stiller partia spørsmål, og informerer så om kven som støttar dei. Etter valet krev dei at desse sakene vert gjennomført. Slik arbeider LO, slik arbeider kristenfolket. Det store spørsmålet blir då: Vil du at det såkalla kristenfolket eller LO skal ha innverknad i Noreg?

Ida og Kristine vil eg berre takke for i dag, det var moro å vere i klassen dokka. Du Kristine svarte jo også på ditt eige spørsmål, før eg rakk å gjere det. Du har heilt rett.

Og til Bjørn Smestad, som har irritert seg kraftig over mi utfordring til Sponheim og kommenterer at det er typisk politikarar å invitere til synspunkt for så ikkje å svare, vil eg svare at du har rett (om å svare, ikkje om Sponheim!). Eg skulle gjerne vore like aktiv som vanleg, men maktar det ikkje no i valkampen. Forsøker alt eg kan!



Konservativekristne.no

20. August 2009

Vil Siv Jensen høyre på dei kristenkonservative, og gjennomføre den ytterleggåande midtøstenpolitikken dei står for? Vil ho reversere ekteskapslova? Ho seier ja på direkte spørsmål. Vil i så fall Erna Solberg ha kraft til å stå mot?

I dag har eg vore i debatt på Tabloid mot mellom anna Bjarte Ystebø, talsperson for kampanjen Kristenfolket. Det er ein allianse av ytterleggåande og konservative kristne som vil mobilisere mot dei rød-grønne og for KrF og FrP. Det gjer dei på saker som nei til felles ekteskapslov, ja til Israels folkerettsstridige mur gjennom palestinsk territorium og einsidig å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.

Mange med meg blir nok provosert av at dei kallar seg kristenfolket. Dette er ikkje kristenfolket, det er det ytterleggåande kristenfolket. Kristenfolket finst i alle parti, med dei fleste meiningar. Dei fleste meir tolerante og nestekjærlege enn det vi her talar om.

Verre er det at denne gjengen i hovudsak har full støtte frå FrP og KrF, og kan få stor innverknad i norsk politikk ved ein borgarleg valsiger. Spørreundersøkinga deira blant stortingskandidatar viser det. Med Dagfinn Høybråten i spissen er dei fleste KrF-kandidatar med på alt dei ytterleggåande kristne spør om. Det same er Siv Jensen og FrP sine folk.

Vi kan få ein statsminister som stør seg på dei konservative kristne. Lars Sponheim og Erna Solberg skal stå imot denne gjengen, som vil vere godt representert i det klart største partiet på høgresida. Då er det også paybacktime for alle veljarane dei har skaffa.

Kristenfolket.no er inspirert av korleis dei kristenkonservative i USA fekk George W Bush til makta. No skal dei få Siv Jensen til makta.

Er det berre eg som blir utruleg provosert av at konservative mørkemenn kan få avgjerande innverknad på norsk politikk? Bør vi ikkje i det minste få klare svar på om desse ytterleggåande meiningane vil ha gjennomslag?