Innlegg tagga med ‘KrF’



Konservativekristne.no

20. August 2009

Vil Siv Jensen høyre på dei kristenkonservative, og gjennomføre den ytterleggåande midtøstenpolitikken dei står for? Vil ho reversere ekteskapslova? Ho seier ja på direkte spørsmål. Vil i så fall Erna Solberg ha kraft til å stå mot?

I dag har eg vore i debatt på Tabloid mot mellom anna Bjarte Ystebø, talsperson for kampanjen Kristenfolket. Det er ein allianse av ytterleggåande og konservative kristne som vil mobilisere mot dei rød-grønne og for KrF og FrP. Det gjer dei på saker som nei til felles ekteskapslov, ja til Israels folkerettsstridige mur gjennom palestinsk territorium og einsidig å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.

Mange med meg blir nok provosert av at dei kallar seg kristenfolket. Dette er ikkje kristenfolket, det er det ytterleggåande kristenfolket. Kristenfolket finst i alle parti, med dei fleste meiningar. Dei fleste meir tolerante og nestekjærlege enn det vi her talar om.

Verre er det at denne gjengen i hovudsak har full støtte frå FrP og KrF, og kan få stor innverknad i norsk politikk ved ein borgarleg valsiger. Spørreundersøkinga deira blant stortingskandidatar viser det. Med Dagfinn Høybråten i spissen er dei fleste KrF-kandidatar med på alt dei ytterleggåande kristne spør om. Det same er Siv Jensen og FrP sine folk.

Vi kan få ein statsminister som stør seg på dei konservative kristne. Lars Sponheim og Erna Solberg skal stå imot denne gjengen, som vil vere godt representert i det klart største partiet på høgresida. Då er det også paybacktime for alle veljarane dei har skaffa.

Kristenfolket.no er inspirert av korleis dei kristenkonservative i USA fekk George W Bush til makta. No skal dei få Siv Jensen til makta.

Er det berre eg som blir utruleg provosert av at konservative mørkemenn kan få avgjerande innverknad på norsk politikk? Bør vi ikkje i det minste få klare svar på om desse ytterleggåande meiningane vil ha gjennomslag?