Innlegg tagga med ‘kreativitet’



Koreas konkurransekultur på godt og vondt

27. September 2010

Sør-Korea er eit økonomisk mirakel. Landet var eit lutfattig u-land etter koreakrigen, men har i dag eit BNP på nivå med søreuropa. Dei er verdas tolvte-trettande største økonomi. Ein vekststrategi bygd på industrialisering og utvikling av teknologi gjennom eksportsubsidiar og proteksjonisme – men ikkje demokrati, det kom først i 1987 – var ein stor suksess. Først med enkle, arbeidsintenive eksportprodukt, så med tungindustri, bilar og forbrukarteknologi. Sør-Koreas vekst så vel som dei ”asiatiske tigrane” sin suksess med ei liknande oppskrift er tema for ein eigen litteratur. Den var sterkt i strid med rådande økonomisk ortodoksi, og bidrog til å endre synet på kva som kan få eit land ut av fattigdom.

Mindre kjent er det at dei heile vegen har investert stort i humankapitalen. Satsa på folk sine kunnskapar. Sjølv vektlegg dei dette sterkt. Allereie på 50-talet hadde dei eit arbeidsvillig folk med betre utdanning enn fattigdomen skulle tilsei. Seinare har både staten og familiar satsa på utdanning. Landet har ein sterk kultur for at skulegang er viktig som også når ut til dei fleste familiar. Den sterke arbeidskulturen, ein variant av den protestantiske etikken, er også ei viktig forklåring.

Ein utruleg suksess. Eit land som på to generasjonar har teke eit steg andre har brukt fleire hundreår på. Det er viktig å slå det fast før vi set i gang med problema. For Sør-Korea kan få store problem.

I eit økonomisk språk: Sterke veksthemmarar som låge fødselstal og låg produktivitet, som økonomen Kang Dongsoo ved tenketanken Korea Development Institute (KDI) formulerer det . I eit meir menneskeleg språk: Ein arbeids- og konkurransekultur som hemmar familieliv og kreativitet.

Eg har, kjære lesar, i dramatiske ordelag fortalt deg om kor ille det kan gå med Japan med ei fødselsrate på 1.3. Sør-Korea har om lag 1.1. Eg har brukt opp heile mitt dramatiske vokabular. Eg skal difor ikkje tvære ut dette. Det er mykje av dei same forklåringane som ligg bak, kulturelle og økonomiske. Eg trur dei verkar vel så sterkt her som i Japan, og det er tydeleg at dei har kome kortare i å snakke om og gjere noko med problemet. I Japan var det stor debatt om fødselstal, mange forslag i lufta og interesse for den nordiske modellen. Her er det mindre av alt dette.

Men interessant nok; innvandring verkar å vere ein meir tenkbar tanke i Sør-Korea. Landet har allereie ein del innvandrarar frå andre asiatiske land, utan at eg har fått tak i tala. På “The Presidential Commision for Future and Vision” kan dei også fortelje oss at vert arbeidd med eit forslag om å innføre dobbelt statsborgarskap i Korea. Den viktigste tanken bak er å tiltrekke seg utvandra koranarar, til dømes dei mange som bur i USA. Då kan dei flytte til Korea men halde på rettane sine i USA. Dei understrekar også tydeleg at eit eventuelt slikt steg vil innehalde eit høve til streng prioritering av dei med rett utdanning og bakgrunn. Det er målretta arbeidsinnvandring vi snakkar om.

Ein grunn til fråværet av debatt kan vere at dei sterkare enn i Japan (verkar det som) har dei eit anna særtrekk. Ein arbeids- og konkurransekultur som til no har vore ein enorm fordel, men som kan slite med å vere levedyktig i framtida.

Evan Ramstad er sjef for Wall Street Journal sitt Seoul-kontor. Han fortel meg om arbeidsdagane på kontoret der han arbeider i lag med ein del koreanarar. Dagen startar sakte med aviser og kaffe mellom 8 og 9. Ei lang lunsjpause midt på dagen. Ei ettermiddagspause. Ut til middag i sekstida, men tilbake på kontoret etterpå om sjefen er der. Ein kan aldri gå heim før sjefen. Ut og drikke etter jobb, det er ein sterk drikkekultur med sosialt press om å vere med. Andre stadfestar dette mønsteret. Ikkje for alle sjølvsagt, men for mange – også familiefedre. Sør-Korea har, saman med Japan, lågast produktivitet i OECD-området. Ikkje så overraskande når ein høyrer om arbeidsdagen.

Assistant Professor Layne Hartsell ved Sunkyunkwan universitetet fortel om møtet med koreanske studentar. Dei har gode basiskunnskapar, ikkje minst i mattematikk og naturfag. Derimot er dei utrena i å vurdere ein påstand, resonnere rundt eit problem eller foreslå ei løying. Aller minst presentere den for andre. Han seier at dei manglar kreativitet. Dei er gode ingeniørar, men dårlege på spørje seg kva ingeniørkunsten kan brukast til. Mykje forsking og utvikling her skjer gjennom samarbeid med utanlandske forskarar der dei kan utfylle kvarandre. Dette gjeld sjølvsagt heller ikkje alle, men mange.

Forklaringa er kanskje å finne i det konkurransebaserte skulesystemet og arbeidskulturen. For den koreanske middelklassen er det vegen oppover i samfunnet. Barnehage skal førebu på skule, med formell læring frå 4-årsalderen (for dei få som går der). I skulen er det sterke konkurransekrav. Dei som vil at ungane skal bli best kan fylle på med kveldsskule, så karakterane blir gode nok. Det er ikkje noko for dei få; Det store fleirtalet får privatundervisning vert det sagt her, og ved nemde KDI seier dei at det er vanleg å bruke 20-30% av inntekta si på utdanning for ungane. Ungane konkurrerer, og foreldra med dei. Dei konkurrerer om å kome inn på eit så godt universitet som mogeleg. Universiteta er tydeleg rangert, og avgjer i stor grad vidare sjansar. Godt universitet = god jobb, men også godt nettverk, noko som er viktig i dette samfunnet.

På overflata er Sør-Korea gode på utdanning. Best i Pisa, 80% startar på høgare utdanning. Bak overflata skjuler det seg ein sterk konkurransekultur med lange skuledagar, innlæring gjennom pugging og sterk utsiling. Prisen på utdanning må reknast med når foreldre vurderer om dei kan få barn.

For meg framstår ikkje dette som eit godt liv, om eg er aldri så mykje eit konkurranemenneske. Eg meiner politikk handlar mykje om å la oss menneske ha ein bra barndom, god helse, tid til kvarandre. Det ser heilt sikkert mange koreanarar annleis på.

Men eg tvilar også på om det er framtidsretta for økonomien. Prisen på utdanning bidrar til dei låge fødselstala. Arbeidskulturen bidrar til både det og den låge produktiviteten, samt vanskar med å få kvinner inn i arbeidslivet.

Eg trur skulesystemet, arbeidskulturen og konkurransekulturen har vore ei stor føremon i ein teknologisk industriell produksjonsøkonomi. Eg trur ikkje det er tilfelle når dei må heve produktiviteten, og ta overgangen til ein meir tenestebasert økonomi. Og det er nettopp et som vert utfordringa framover. Begge deler krev kreativitet, samarbeid og betre måtar å organisere seg på.

Tenk deg at du er ingeniør, eller selgar i eit reisebyrå. Du oppdagar eit problem med produktet. Held du fram med å gjere det du har fått beskjed om, melder du frå om problemet og ventar på ny beskjed eller løyser du problemet på staden og melder så frå for å få til ei endring?

Eller du deltek, som ingeniør eller seljar, i ei prosjektgruppe som skal utvikle eit nytt produkt. Korleis er det organisert? Får du beskjed om å gjere oppgåvene dine, melde frå om synspunkta dine om du har nokre eller å finne løysinga på problemet saman med andre?

Den store produktivitetsgevinsten i framtida ligg i kreativitet og organisering. Fordi det er effektivt, men også fordi det gjer folk meir ansvar og eigarskap til jobben. Dersom vi vil ha fram dette – anten fordi vi meiner det kan gjere livet betre og meir meiningsfylt for folk eller fordi vi vil ha opp produktiviteten – må vi forme utdanningssystemet og arbeidskulturen etter det.

Eg generaliserar. Eg forenklar. Ikkje minst fordi ein i Seoul kan møte haugevis av flinke folk utdanna på amerikanske toppuniversitet. Men eg trur Sør-Korea (og Japan) har ei stor utfordring. Delar av det ligg nok i kulturen deira, delar av det i vekstmodellen og politikken. Men hei, både Noreg og mange andre land har klart å endre både kultur og politikk. Har vi klart det, kan i alle fall dei klare det. Etter berre tre dagar i landet har eg ei sterk kjensle av at dei kan klare det meste. Anten kjem dei til å motbevise at konkurransekulturen er eit problem, eller så kjem dei til å endre den.

Dei har gått frå u-land til industristormakt på eit halvt hundreår. Då kan dette flotte landet få til det meste.



Meir kreativitet

29. March 2009

Takk for mange og grundige innspel til diskusjonen om kreativitet i skulen generelt, og mi opning for å diskutere eit nytt fag eller ei ny ramme for kunstfag og kreativitet i skulen. Det er ulike syn på dette, og heile spekteret er representert. Det er trong for vidare diskusjon om dette og andre måtar å sikre ein kreativ skule på.

Eg tek med meg innspela og synspunkta vidare, og vil bruke eit eller to i talen min på konferansen skapande læring 2009 i morgon. Her skal eg innleie til diskusjon, og mellom gå inn på diskusjonen om fag. Ein annan person som skal tale på konferansen er briten Paul Roberts. Han er ein av strategane bak den britiske satsinga på skapande læring. Eg møtte han i London for berre ein månad sidan.



Landsmøtetale og kreativitet

25. March 2009

Eg talte til SV-landsmøtet om skulepolitikken. Du finn link til talen her.

Eit tema eg tok opp i talen var kreativitet og kva plass kunst og kultur skal ha i skulen. Til mi store overrasking har det ført til at nokre personar har sett i gang ein mail-kampanje mot meg med overskrifta “Nei til nedlegging av musikk og kunst og handverk”. Det er litt rart, sidan eg aldri har foreslått det. Tvert imot, eg vil at kunst og kultur skal bli viktigare i skulen.

OK, her er det eg sa; Kunst og kultur har ein stor og aukande plass i samfunnet, noko vi mellom anna kan sjå i ein sterk vekst i sysselstjinga i kulturnæringa. Den er no like stor som reiseliv målt i talet på tilsette. I tillegg kjem eit utall amatørutøvarar og den rollen kultur har i dagleglivet.

I framtida vil kreativitet stå sentralt i mange yrke og bransjar. Kreative evner vert etterspurt. Men kreativitet og kunsterniske evner kjem ikkje av seg sjølv – dei må trenast og utviklast. Difor bør vi styrke denne dimensjonen ved skulen.

Det er eit tilleggsargument for det. Vi veit at det å lukkast på ein arena kan ha ein “flowover effect” til andre fag. Elevar får auka sjølvtillit og sjølvkjensle og dermed betre motivasjon og prestasjonar. Medelevar og lærarar kan i tillegg få auka sine ambisjonar til ein elev når dei ser eit stort talent. Professor Anne Bamford har skrive ein kjent rapport for UNESCO, The Wow Factor, der dette er eit viktig tema.

Eg argumenterte for at vi treng ein skule som stimulerer kreativitet. Det bør gjerast gjennom heile skulen, noko den raud-grøne regjeringa har starta med. I den nye lærarutdanninga vil kunst og kultur som metode bli del av det obligatoriske pedagogikk-faget, det blir stilt kompetansekrav i dei kreative faga på ungdomstrinnet og vi har allereie oppretta eit eige senter for kunst og kultur i opplæringa.

Kulturskulen er ein viktig del av dette. Vi treng fleire plassar og lågare pris. Eg kunne nemnd den kulturelle skulesekken og, men gjorde det ikkje.

I tillegg sa eg (og NRK laga ei sak om det – derav merksemda) at vi bør vurdere om dagens musikk og kunst og handverk bør bli del av eit nytt felles kreativitetsfag/kunst- og kulturfag. Det kan vere eit fag, eller ulike fag under same paraply. Argumenta for er at det er ei rekke uttrykk som ikkje har eigne fag, men er representert i ulike læreplanar (dans, drama, teater, film, design etc) . Desse har enkelte felles dimensjonar ved seg. I tillegg trur eg ei samling av ulike uttrykk vil styrke den samla vekta vi legg på skapande læring. Det finst og sterke motargument, mellom anna at faga er fundamentalt ulike på mange vis.

SV har ikkje vedteke dette, eg har ikkje kome med eit forslag om det – vi har ikkje ein gong sett i gong ei utgreiing. Eg meiner vi treng diskusjonen om dette og andre måtar å styrke kreativitet i skulen, og vil gjerne ha innspel her!