Innlegg tagga med ‘kompetansekrav’



Lærarkompetanse

11. January 2009

Fleire kommentarar kjem inn til mine postar om kompetansekrav til lærarar. Dei fleste støttar tanken, men har ulike innspel. Eg tenkte eg ville gje eit døme frå det nokså omfattande kunnskapsgrunnlaget vi har på dette feltet. (more…)



Svar på kompetansekrav

7. January 2009

Fleire har posta reflekterte og ikkje minst engasjerte innlegg om dette. Dei viser også at det er mange omsyn ein må ta når vi skal lage eit slikt regelverk, akkurat som ein skulesjef eller rektor har mange omsyn å ta når ein skal sette saman staben sin.

Grunnen til at eg ser på kompetanskrav for lærarar er at vi veit at om lag 40% av lærarane i Noreg underviser i fag utan å ha formell kompetanse. Samstundes veit vi at formell (og annan) kompetanse spelar ein rolle. Ta fag som matematikk eller kunst og handverk; Eg vil tru mange kan sjå at det i desse faga er viktig å ha store kunnskapar om det ein skal lære bort.

Bjørn spør om det ikkje er viktig å ha slik fagkunnskap på barnetrinnet? Jo, det er det. Sjølv om det er stor skilnad på korleis ein underviser 6-åringar og 15-åringar – og kanskje nokre fagskilnadar. Vi må difor sikre kompetansen på ulike vis. I dag vert jo det først og fremst gjort ved at sentrale fag er obligatoriske i lærarutdanninga. Eg vil likevel hevde at det at ungar må kunne forhalde seg til få personar i den første skuletida er ekstremt viktig tidleg på barnetrinnet.

Veslemøy tek opp at vi må ta omsyn til størrelsen på norske skular. Det har ho heilt rett i, det må framleis vere mogeleg å drive dei mange små skulane våre. Det er særleg på barnetrinnet det er mange skular, det må vi ta omsyn til når vi vurderer kompetansekrav.



Kompetansekrav til lærarar

6. January 2009

Dei fleste norske lærarar er flinke og fagleg sterke. For å vere ein god lærar må du både ha fagleg kunnskap om det du underviser og evne til å formidle det. Du kan vanskeleg bli ein dyktig lærar utan begge deler.

Vi veit at ein god del lærarar ikkje har fordjuping i faga dei underviser i. Det er bakgrunnen for at vi i 2009 for første gong etablerer eit varig system for vidareutdanning for lærarar og andre viktige tiltak retta mot lærarane. Vi skal også legge fram forslag om ei ny lærarutdanning om kort tid.

Eg vurderer også om vi bør stille krav til fagleg kompetanse for lærarar som underviser i grunnskulen, slik det er presentert på NRK radio i dag tidleg. Innslaget og nettsaken kan

For det første vurderer vi det. For det andre kan det i prinsippet vere i alle fag på alle trinn, men det er mest aktuelt på ungdomstrinnet. Vi har allereie slike krav til lærarar i norsk, matte og engelsk på ungdomstrinnet. Utfordringa som møter deg som lærar er særs ulik frå ei ny gruppe 1.klassingar til å vere mattelærar for 10.klasse. Mykje er sjølvsagt det samen, men det første krev evne til innlæring av grunnleggjane dugleikar, særleg stor sosial kompetanse og behov for å vere mykje med elevane i mange fag. Det siste krev stor fagleg kompetanse og evne til å formidle eit krevjande fag. Difor er fagkompetanse særleg viktig på ungdomstrinnet, medan allmennkompetanse er viktigast på byrjinga av barnetrinnet. Og difor vurderer vi å innføre kompetanse krav for å undervise i fag, i første rekke på ungdomstrinnet.

Så kjem eg om kort tid tilbake med konklusjonen frå Regjeringa!