Nytt kommentarsystem
29. June 2009I dag har eg installert eit nytt system for kommentarar på bloggen. Tanken er at det skal bli lettare å halde i gang dei diskusjonane som er her og som gjer meg mykje spennande input.
Tanken er også at det skal gjere det enklare å halde digital spørretime framover, ved at dokke skal kunne stemme fram dei spørsmåla dokke (først) vil ha svar på. I tillegg skal det bli lettare å følge tråden mellom spørsmål og svar. Eg vil gjerne ha innspill og synspunkt på korleis dokke trur dette vil fungere.


