Innlegg tagga med ‘kartlegging’



Barnehagedebatt

27. August 2009

Takk for mange innspel!

La meg begynne med konklusjonen: Etter valet vil eg invitere til eit større dialogmøte om stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen. Der vil eg invitere barnehageforskarar, praktikarar og organisasjonar – men også språkforskarar, spesialpedagogar og representantar for grunnopplæringa.

Det kan vere nyttig etter diskusjonen no, men det er og nyttig fordi vi skal gjere ein ryddejobb i kartleggingspraksisen i barnahegane. Dessutan skal det etter kvart utformast lovframlegg basert på det som ligg i meldinga, og det er viktig å få innspel til det.

Mitt lange innlegg her hadde to formål. For det første å referere tekst direkte frå meldinga, argumentere for mitt syn og gjennom det la folk vurdere det vi skriv/seier betre enn gjennom korte sitat i mediene. Det synest eg eg har gjort på ein grei måte. For det andre ville eg samanlikne det med mediebiletet av det. Eg synest det er langt frå dei framlegga som også blir trekt fram i kommentarane, og “…kunnskapsteste alle barn…”

Det var derimot ikkje eit mål med innlegget å antyde at barnehageforskarar har forstått det slik. Eg forsøkte ikkje å redusere innvendingane. Det var mediene si rapportering eg tok for meg, ikkje synspunkta dei som har lese, forstått og er usamde. Kommentarane til min post viser jo at usemja her går på dei konkrete framlegga i meldinga, og at dokke som skiv har sett dokke gått inn i sakene. Eg vil (sidan nokon antydar det motsette) berre nemne at eg har sett meg litt inn i sakene sjølv og, og mellom anna høyrt på ulike miljø sine synspunkt. Eg høyrer likevel gjerne på fleire og meir.

Eg les elles dette ut av kommentarane: Det er ulike syn på språkkartlegging i barnehagen, men kanskje enno meir usemje om kor store og omfattande konsekvensar det vi skriv i meldinga har. Nokre av dokke skriv om det som eit “systemskifte” i barnehagen, medan eg ser det som tett opp til den praksisen eg ser når eg er rundt i banehagar. I tillegg varslar vi ei opprydding. Eg vil gjerne ha synspunkt i neste runde på korleis vi skal få til det.

I tillegg er det ulike syn på framlegget om å overføre dokumentasjon og kunnskap til skulen. Her tolkar eg det slik at usemja er sterkt ideologisk. Er det “blanke ark” eller “tidleg innsats” som er det rette tankesettet for å hjelpe ungar? Eg trur mest på det siste, men det er lett å sjå at det vil variere og at begge delar har sine sider.

Til sist: takk for mange gode innlegg. Det er godt å ha så mange gode og kritiske lesarar av melding og blogg. Vi sjåast til dialogmøte når valet er vunne – og taper vi skal eg forsøke å gjennomføre det før skiftet:-)



Tidleg innsats – historia om korleis eit inntrykk festar seg

11. August 2009

Den siste månaden har eg opplevd noko interessant. Eg la i juni fram ei stortingsmelding som vi kalla “Kvalitet i barnehagen”. Den fekk stor merksemd. Hovudbodskapen er at etter fem år med utbygging, skal vi ha fem år med satsing på innhald og kvalitet. Barnehagen er viktig for tidleg innsats. Når nesten alle barn går i barnehagen har vi ein arena for utvikling og like muligheiter for ungar som vi må bruke enno betre.

Så begynte ein del av meldinga å leve sitt eige liv. Det starta med at ein forskar var usamd med to av framlegga i meldinga, og gjekk ut mot dei. Så spreidde det seg til enkelte kommentatorar.

No høyrer eg med ujamne mellomrom referert til kva som skal stå der som ei sanning. Utan at det står der. Eg brukar Dagbladet som døme fordi dei har omtala det mest, men det har stått i enkelte medier også:

Før sommaren skreiv Dagbladets Marie Simonsen, i samanheng med skriftleg evaluering i skulen, at “Nå har Regjeringen planer om å innføre lignende evaluering av barnehagebarn.” (altså liknande skriftleg evaluering i barnehagen som i skulen)

I juli omtalte Dagbladet meldinga med at “Her ble det slått fast at også barnehagebarna skal kunnskapstestes.”.

På mandag for to veker sidan skriv så Simonsen igjen om “…hans forslag om evaluering av barnehagebarn”.

Det interessante er at ingen av desse skildringane/påstandane har rot i det som faktisk står i meldinga. Ingen av kommentarane siterer eller refererer heller frå meldinga. 

Enkelte rykka då også ut mot kritikken, til dømes førsteamanuensis i Norsk Margareth Sandvik. Likevel har eg møtt ein del folk som trur at dei har lese i avisa er rett. Felles for dei er at dei ikkje veit nøyaktig kva dei trur eller kvifor dei trur det, men det er noko med testing av barnehagebarn som eg har kome med.

Dette er historia om korleis eit mediebilete oppstår. Difor skal eg gå uvanleg djupt ned i det som faktisk står i denne stortingsmeldinga. 

(more…)