Innlegg tagga med ‘Jørn Simen Øverli’



Vladimir Vysotskij

17. May 2009

  

Spalten heiter vekas album, men ingen regel utan unnatak. I høve MGP i Moskva gjer eg unnatak for å hylle ein av det forrige hundreårets største artistar og låtskrivar, som aldri fekk gitt ut eit album i si levetid (1938-1980).

Vladimir Vysotskij var kanskje den sterkaste og mest populære stemmen i Sovjet på 70-talet og i åra etter sin død. Songar og diktar. Politisk aktør og kvardagsskildrar. Vaken men alkoholisert. Han skildra den russiske mentaliteten og det absurde samfunnssystemet som ingen andre. Han er politisk, men på den subtile måten som var mogelg. Tekstane hans er små poetiske forteljingar, filosofiske og kvardagslege på same tid.  “Stemmen min er som et skrik” har han sagt. Det er treffande. Han skrik ikkje (vel, innimellom), men framfører songane med eit indre skrik som når gjennom skjermen.

Han blei møtt på paradoksalt vis. Den sovjetiske staten nekta han adgang til platestudio, men han fekk samstundes verke som visesongar. Han reiste og spelte. Det vart teke opp kasettar som vart kopiert, kopiert igjen og igjen og igjen… Han var kjent over heile landet, men det finst ikkje nedskrivne songar eller offisielle innspelingar etter han.

Eg kom over han via Jørn Simen Øverli si flotte plate med musikk og gjendikta tekstar av Vysotskij. Alle bør sjekke ut den, ikkje minst for å forstå tekstane. Den har berre eit problem. Den bleiknar litt når du har høyrd orginalen. Eg har sett at han vert kalla Russlands Bob Dylan. Det er ei nedvurdering. Han treng inga samanlikning. Og eg trur hans innverknad på russisk musikk og samfunnsliv er vel så stor som Dylans innverknad i USA. Det kan ikkje vere tvil om at han er ein av dei viktigaste musikarane og låtskrivarane i det forrige hundreåret.

 Her er ein versjon av Ohota Na Volkov (Ulvejakta), som skal vere skrive rundt Sovjets invasjon av Tsjekkoslovakia og er ein analogi til eit tøffare politisk klima.

 

Her syng han Cupola (kuplane) i det som skal vere det siste opptaket med han.