Innlegg tagga med ‘Helge Øgrim’



Nye Dagbladet

17. March 2009

Eg har ikkje greie på Dagbladet, og no les eg dei fleste aviser dagleg, men frå gamalt av er det den riksavisa eg først ser på. Dagbladet fekk ny leiarkabal her forrige veke, ein del av eit større grep for å snu synkande opplagstal på papir.

Korleis ser den interne debatten om ei avis si framtid ut? Mange institusjonar i samfunnet må tåle at den interne debatten kjem ut, og at det vert sett eit offentleg søkelys på den. Strid, ulike vurderingar og enkeltpersonar sitt syn på leiinga kjem ut i politiske parti, enkelte av dei store statlege etatane våre (forsvaret og skulen t.d) og i profilerte bedrifter. Eg kan imidlertid ikkje hugse å ha fått med meg ein større profildebatt om vegen vidare i eit avishus (NRK er annleis).

Eg oppdaga eit unnatak i går. Det kan godt vere eg som ikkje har føld med, men eg fann denne bloggposten frå Helge Øgrim særs interessant. På grunn av innhaldet (som er reflektert – om det er rett veit eg ikkje), men også fordi det gjer ein type innblikk eg ikkje har hatt. Dette er imidlertid relativt typisk for kva ein kan finne offentleg i ein debatt om til dømes vegen vidare for eit politisk parti. Vi burde i grunn ha meir offenrtleg debatt om dei interne vurderingane som blir gjort i avishusa.