Innlegg tagga med ‘Høyre’



“Parti representerer ulike interesser i samfunnet”

1. September 2010

På mandag var eg i diverse debattar med Erna Solberg med utgangspunkt i denne artikkelen i Dagsavisen. I den hevda eg at Høgre aldri har vore og aldri kjem til å bli eit velferdsparti. Eg begrunna det med at dei har arbeida mot og stemt mot ei rekke sentrale velferdsreformer dei siste 120 åra.

Det mest interessante med denne debattrunden var Erna Solberg sin reaksjon på ein konkret, og etter mitt syn ganske openbar og uskuldig, påstand kom med. Eg sa at dei politiske partia i Noreg representerer ulike interesser i samfunnet.

Erna Solberg blei irritert og indignert av denne påstanden. Det er ikkje slik at partia representerer ulike interesser, men ulika ideear svarte ho den første gongen. Dette er ei vulgær framstilling svarte ho den andre gongen.

Eg synest dette er interessant. For meg er det elementær historie, politisk sosiologi og statsvitskap at det er slik eg sa. Med nyansar sjølvsagt; mange stemmer også på tvers av interessene, og dei var meir framtredande i partia før. Men likefullt, om vi ser på historien, veljarane eller omlandet til partia er dette openbart. Kvifor vil ikkje Høgre at partia i norsk politikk skal representere ulike interesser? Eg trur det er på grunn av dei interessene dei representerer. I Noreg kler det ingen å representerer dei med høgast inntekt, mest makt. Vi likar ein underdog. Det kler særleg ikkje eit part som vil vere eit folkeleg velferdsparti.

Denne kommentaren kan tene som ein mild illustrasjon til mitt poeng over.