I dag har Tora Asland og eg, saman med mellom anna Utdanningsforbundet, KS, NHO og LO, presentert eit partnerskap som vi kallar GNIST. GNIST er ei stor mobilisering for lærarane i Noreg, og har særleg tre hovudmål: Å rekruttere fleire lærarar, å skape ei betre lærarutdanning og å støtte og utvikle dagens lærar, til dømes gjennom meir vidareutdanning.
For å rekruttere fleire til yrket gjennomfører vi ei rekke tiltak. Ein rekrutteringskampanje, avskriving av studielån for dei som vil utdanne seg til lærar, ei lektor II-ordning der nye yrkesgrupper kan kome inn i skulen og anna. På fredag legg vi fram forslag til ei ny lærarutdanning. Denne vil stille høgre krav til fagleg kompetanse enn det tilfellet er i dag, og den vil utruste lærarane med betre evne til å formidle fag og og handtere den praktiske kvardagen i klasserommet. Det konkrete kjem på fredag. Støtten til dagens lærarar handlar mellom anna om vidareutdanning. Vi har i budsjettet for 2009 presentert ei varig satsing på vidareutdanning for lærarar. Vi bruker 400 millionar kroner på å gje lærarar høve til å heve kompetansen sin.
I dag kom også nyhenda om at det vart særs få nye lærarårsverk i skulen. Lærartettleiken har gått opp under den raud-grøne regjeringa, medan det gjekk feil veg under forrige regjeringa. Men endringa er berre marginalt til det betre. Sjølv om kommunane har fått meir pengar, har det mange stader ikkje gått til fleire lærarar. Barnehage og eldreomsorg er vinnarane lokalt, ikkje skule. Dette er langt dårlegare enn ambisjonane. På mandag i forrige veke løyva vi 2 mrd meir til kommunane. Dette må no mellom anna gå til å tilsetje fleire lærarar. Vi må også vurdere nye grep for å sikre at skule faktisk vert prioritert lokalt.
Sjå dekning av desse sakene her (Aftenposten, Dagsavisen, Dagbladet)