Innlegg tagga med ‘FrP’



Konservativekristne.no

20. August 2009

Vil Siv Jensen høyre på dei kristenkonservative, og gjennomføre den ytterleggåande midtøstenpolitikken dei står for? Vil ho reversere ekteskapslova? Ho seier ja på direkte spørsmål. Vil i så fall Erna Solberg ha kraft til å stå mot?

I dag har eg vore i debatt på Tabloid mot mellom anna Bjarte Ystebø, talsperson for kampanjen Kristenfolket. Det er ein allianse av ytterleggåande og konservative kristne som vil mobilisere mot dei rød-grønne og for KrF og FrP. Det gjer dei på saker som nei til felles ekteskapslov, ja til Israels folkerettsstridige mur gjennom palestinsk territorium og einsidig å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.

Mange med meg blir nok provosert av at dei kallar seg kristenfolket. Dette er ikkje kristenfolket, det er det ytterleggåande kristenfolket. Kristenfolket finst i alle parti, med dei fleste meiningar. Dei fleste meir tolerante og nestekjærlege enn det vi her talar om.

Verre er det at denne gjengen i hovudsak har full støtte frå FrP og KrF, og kan få stor innverknad i norsk politikk ved ein borgarleg valsiger. Spørreundersøkinga deira blant stortingskandidatar viser det. Med Dagfinn Høybråten i spissen er dei fleste KrF-kandidatar med på alt dei ytterleggåande kristne spør om. Det same er Siv Jensen og FrP sine folk.

Vi kan få ein statsminister som stør seg på dei konservative kristne. Lars Sponheim og Erna Solberg skal stå imot denne gjengen, som vil vere godt representert i det klart største partiet på høgresida. Då er det også paybacktime for alle veljarane dei har skaffa.

Kristenfolket.no er inspirert av korleis dei kristenkonservative i USA fekk George W Bush til makta. No skal dei få Siv Jensen til makta.

Er det berre eg som blir utruleg provosert av at konservative mørkemenn kan få avgjerande innverknad på norsk politikk? Bør vi ikkje i det minste få klare svar på om desse ytterleggåande meiningane vil ha gjennomslag?



Valkampen så langt

16. August 2009

Valkampen byrjar i desse dagar med valkampopningar og starten på TV-sendingane. Men valkampen har sjølvsagt starta for lenge sidan også. La oss kalle den fasen vi har vore i dei siste veken for opptakten til innspurten. Kva er biletet så langt?

Det er ingen klår tendens på målingane så langt. For eit år sidan trudde alle det skulle regjeringsskifte. Så kom finanskrisa, og ein kraftig framgong for dei raud-grøne og AP særleg. FrP tok igjen mykje av det tapte etter utspelet om snikislamisering, og sidan det har det vore jamnt og stabilt mellom blokkene. Statsvitar og valanalytikar Svein Tore Marthinsen viser at ikkje er særleg klåre eller sterke tendensar etter sommaren heller. SV ligg til dømes heilt flatt (utan ned- eller oppgong), både på lokale og sentrale målingar. Dei fleste nasjonale målingar den siste veka har hatt eit knapt, borgarleg fleirtal.

Dagsorden i opptakten er sprikande og litt overraskande. Det begynte med ein klassisk skatt/velferd/fordelingsdebatt sett i gong av Stein Erik Hagen. Langesundulukka gjorde brått miljø til ei stor sak, og etter kvart Lofoten til den viktigaste regionen i valkampen. Den siste veka har vore prega av litt av kvart; litt eldreomsorg, litt skule og SFO, litt kriminalitet, litt kultur og litt meir miljø.

Dessuten forlot Jens-Jensen toget stasjonen. Førebels har ikkje AP-FrP aksen dominert så totalt som nokre spådde. Både Erna og Kristin er tungt profilert, dagsorden i valkampen peikar i sprikande retning og folk er som vanleg opptekne av å høyre frå dei partia dei vurderer (AP el SV i år? V el H?), ikkje berre hovudmotstandarane.

Neste veke er det skulestart, starten på TV-valkampen og ulike valkamp for fulle muggar over heile landet. Trendar, både i dagsorden og målingar kan kome når som helst, men førebels er alt overraskande stabilt. Det gjer auka styrke til det ein kvar valkamp eigentleg handlar om:

Resultatet blir ikkje slik det ser ut no. Det skjer alltid endringar den siste månaden, til dels store endringar.

Det har lenge vore lite skifting mellom blokkene. Sjølv om dette skulle auke noko mot valet, vil den viktigaste drivaren for endring vere folk som bestemmer seg, eller dett ned frå gjerdet om du vil. Det er å mobilisere reserver av tidlegare og potensielle veljarar, samt å vinne konkurransen om dei som vaklar mellom 2-3 “naboparti” det eigentleg dreier seg om.

Eit viktig spørsmål er då kven som har litt å gå på. På mange av målingane er FrP fullmobilisert. Dei har nesten ingen tidlegare veljarar på gjerdet. Dersom mange tvilarar fell ned på sine ulike parti, medan FrP ikkje vinn nye, så vil det aleine dra ned FrP sin relative andel av stemmene.

SV er i den andre enden av skalaen, vi har mange tidlegare veljarar som tviler. Men vi er ikkje aleine.

Mobilisering, det er stikkordet.



Nokre svar og kommentarar + Midtlyng

2. August 2009

Først: Grunnen til at studentane var på Romerrike Folkehøgskule var nok berre at dei kan bu der, ha møte der og kose seg i fine omgjevnadar!

Det er litt ulike syn på H/FrP-rapporten. Nokre blir irritert, eg vil forsvare at vi peiker på kva politikk vi kan vente oss av partia. Det er jo også slåande at vår versjon av dei skal meiner er mild bris i høve til det deira eigne ungdomsparti kom med framlegg om i forrige veke. Tonje og Frode kommenterer begge behovet for rapporten, og Frode spør om vi får noko meir om kva dei raudgrøne vil gjere. Det kan du vente deg i valkampen, vi vil kome med noko felles. I tillegg gjeld jo det at når vi er samde om å halde fram, må du også vurdere kva del av det raudgrøne samarbeidet du vil styrke. SV, AP eller SP.

Til sist vil eg vise til interessant kommentarar til det siste innlegget eg skreiv før ferien. Der er det kommentarar til Midtlyngutvalet si innstilling, som inneheld ei rekke radikale framlegg til kva vi skal gjere med spesialundervisninga i skulen. Utvalet si innstilling er sendt på høyring med ekstra lang frist, over fire månedar. Vi gjer det slik fordi dette er viktige og vanskelege tema, der vi må få fram alle syn. Køyr debatt!



H/FrP-regjering?

29. July 2009

I dag vert det lagt frem ein rapport om kva politikk ei eventuell H-FrP regjering vil føre. Det er SVs stortingsgruppe som har laga den. Rapporten blir nok lagt ut her utover dagen.

Det er ikkje for å sverte partia, men ganske enkelt for å klargjere kva vi kan vente oss. Sidan dei borgarlege ikkje kan bli samde om å bli samde, må vi sjå på kva vi kan vente oss.  Det SV har gjort er enkelt, vi har sett på kva dei har stemt og gjort på Stortinget og kva som står i programma.

Min nestleiarkollega Audun Lysbakken stiller til nettmøte i dagbladet om rapporten i dag



Hallo FrP!

2. June 2009

Det vert mykje barnehage om dagen, men slik er det når du legg fram ei melding for Stortinget.

I dag har eg innleia til debatt på den nasjonale barnehagekonferansen på Rica Hell på Stjørdal. Fantastisk god stemning og masse folk og veldig hyggeleg mottaking. Kjende at eg var skikkeleg oppglødd av å stå der og legge fram den nye meldinga om kvalitet i barnehagen. Den er eit viktig ledd i det å etablere barnehagen som ein naturleg start på utdanningsløpet.

Og medan eg var på veg til Værnes vart det debattert likelønn (som også er viktig for barnehagane!) på radioen. Sjukepleiarane har – med god grunn – peika på at det ikkje står noko om likelønn i FrP sitt program. FrP svarer at det ikkje er alt dei meiner som står i programmet. Hallo FrP!

Alle politikarar veit at det som står i eit partiprogram har prioritet, fordi ein skal bli målt på det i fire år. I FrPs tilfelle er ikkje det så reint lite, for å seie det sånn. Det som ikkje står i programmet er mindre forpliktande og kjem etter i prioritet. Men verre er jo kva som faktisk står i FrPs program. Vår gode sekretariatsleiar på Stortinget tipsa meg om kva dei skriv på side 10 i det nye programmet:

“Det er ikke en offentlig oppgave å utjevne lønnsforskjeller som naturlig oppstår i arbeidsmarkedet.”

FrP har vedteke å ikkje løfte ein finger for likelønn. Så har dei oppdaga at det er i ferd med å bli ei stor sak, kasta seg på bølgen og laga eit stunt. Dei kjem ikkje til å gjere noko med det, og kan då trygt vise til programmet.



Aktiv dødshjelp?

24. May 2009

Etter nokre dagar med avistørke og mediatausheit i Sverige kjem eg tilbake til avslutninga på FrP sitt landsmøte. Landsmøtet har tydelegvis vore ei velregissert forestilling som har vist at FrP er det viktigaste og største høgrepartiet i Noreg. Landsmøtet har gjort nokre snåle vedtak, forsøkt å overta ei klassisk venstresak og vedtatt ei rekke klassiske høgrestandpunkt ispedd kjende innvandringsskeptiske dosar.

Dessutan har dei opna for aktiv dødshjelp. Vedtaket har fått dei vanlege avvisande reaksjonane. Eg synest både tonen og innhaldet i avvisinga er vel overdive. Det er lett å peike på problematiske sider ved vedtaket, både etisk og praktisk, men problemstillinga burde i det minste invitere til refleksjon.

Ellers er vel det mest openbare etter at dei borgarlege partia har hatt landsmøte at H-FrP er det einaste realistiske regjeringsalternativet på høgresida, og at det teiknar seg eit bilete av kva ny politikk vi vil få oppleve i Noreg om dei kjem til makta. Det skal eg kome attende til. Legg også merke til at begge desse partia er begynt med handhaldne små plakatar som alle viftar med på landsmøta. Det må vere eit teikn! Av alle dei spennande og bra tinga som skjer i amerikansk valkamp, skal dei hente handhaldne plakatar som delegatane på landsmøtet kan vifte med.