Iran og IFPI
16. June 2009I Iran held den politiske krisa fram, og det vert tala om dei største demonstrasjonane og mest alvorlege politiske krisa sidan revolusjonen for tre tiår sidan. Voktarrådet har avvist nyval, men dei har opna for ei ny opptelling av valet. I går skreiv eg at det var vanskeleg å få oversikt over situasjonen. Andreas Halse sin blogg er imidlertid ein god inngang til meir oversikt.
Journalistar vert no utsett for press og oppfordra om å dra frå landet. Det er fort eit teikn på at det kan gå verkeleg ille.
Framleis er sosiale medier best på den raske oppdateringa på det som skjer, og viktige for å få informasjon ut. På NRK Beta skriv dei i dag om mitt tema frå i går, Twitter og valet i Iran. Men journalistar er sjølvsagt uunnværlege for kvalitet, nyansar og djupne i dekninga.
Her heime har IFPI og andre organisasjonar i dag tatt internettleverandøren Telenor til retten. Same dag kjem det fram at bokbransjen også engasjerer seg for at advokatfirmaet Simonsen skal få forlenga sin konsesjon til å overvake og kartlegge ulovlege fildelarar.
Det er fleire trekk som tydar på at norske bransjeinteresser vel ein strategi med overvaking og privat rettshandheving mot ulovleg fildeling. Eg er mot ulovleg fildeling, men dette er feil strategi slik eg tidlegare har skrive. NTNU-professor Arne Krokan har gode poeng om det same.
I staden må vi følge det sporet som nestleiarkollega Audun skildrar i dag. Det dreier seg om vi skal følge den norske kulturpolitiske tradisjonen med å finne ei kollektiv vederlagsordning som sikrar opphavsmenn, gjer tilgang til kultur for mange og utnyttar føremonene ved spreiing av kultur. Biblioteka, NRK-lisens, kasettavgiftsfondet og TONO-avgift er ulike døme på at denne tenkinga har dominert norsk kulturpolitikk.


