Meg som bloggar
17. November 2008Eg erklærer med dette meg sjølv for å vere ein bloggar. Etter nokså mykje om og men har eg teke skrittet. Eg kjenner meg som ein amtør i i proff-ligaen, men det får stå til. Eg lærer vel nok til å framstå som eg har peiling etter kvart. Kanskje også nok til å ha peiling.
Eg eit visst behov for å forklare (overfor meg sjølv) kvifor eg byrjar å blogge.
- For det første fordi det gjer meg høve til å uttrykke meiningar, refleksjonar, idear og påstandar om politiske saker, kultur og samfunn – ja alt mogeleg rart. Eg kan med andre ord ta favoritthobbyen min frå laust prat i sofaen til eit varig liv på nettet.
- For det andre kjem eg i jobben min over mykje interessant stoff – forsking, data, meiningar, opplevingar – som aldri vert formidla. Det når meg i form av eit notat. Kanskje går det aldri vidare. Er stoffet heldig vert det ei fotnote i ei stortingsmelding. Eg trur ein del av dette stoffet kan interessere fleire.
- Eg har dessutan eit visst misjonsbehov. Eg vil gjerne formidle mitt syn på til dømes musikk og politikk – smaken min om du vil – til andre
Difor. Men kvifor ikkje før? Svaret på det spørsmålet er enkelt. Logistikk. Eg har kjempa mot underskog, facebook og blogg for ikkje å bli fanga der. Og då er det naturleg å starte no, med 2 1/2 barn, kone, saab, hus og ein intensjon om å spele fotball to gonger i veka? Nei, sjølvsagt ikkje. Det skuldast berre overmot.
I alle fall; Eg melder frå London, Heathrow at loddet no er kasta. Rubicon er kryssa. Eg er bloggar
