Innlegg tagga med ‘Erna Solberg’



“Parti representerer ulike interesser i samfunnet”

1. September 2010

På mandag var eg i diverse debattar med Erna Solberg med utgangspunkt i denne artikkelen i Dagsavisen. I den hevda eg at Høgre aldri har vore og aldri kjem til å bli eit velferdsparti. Eg begrunna det med at dei har arbeida mot og stemt mot ei rekke sentrale velferdsreformer dei siste 120 åra.

Det mest interessante med denne debattrunden var Erna Solberg sin reaksjon på ein konkret, og etter mitt syn ganske openbar og uskuldig, påstand kom med. Eg sa at dei politiske partia i Noreg representerer ulike interesser i samfunnet.

Erna Solberg blei irritert og indignert av denne påstanden. Det er ikkje slik at partia representerer ulike interesser, men ulika ideear svarte ho den første gongen. Dette er ei vulgær framstilling svarte ho den andre gongen.

Eg synest dette er interessant. For meg er det elementær historie, politisk sosiologi og statsvitskap at det er slik eg sa. Med nyansar sjølvsagt; mange stemmer også på tvers av interessene, og dei var meir framtredande i partia før. Men likefullt, om vi ser på historien, veljarane eller omlandet til partia er dette openbart. Kvifor vil ikkje Høgre at partia i norsk politikk skal representere ulike interesser? Eg trur det er på grunn av dei interessene dei representerer. I Noreg kler det ingen å representerer dei med høgast inntekt, mest makt. Vi likar ein underdog. Det kler særleg ikkje eit part som vil vere eit folkeleg velferdsparti.

Denne kommentaren kan tene som ein mild illustrasjon til mitt poeng over.



Toras metode

14. June 2010

I to år hadde eg gleda av å arbeide i lag med Tora Aasland, statsråd for forsking og høgare utdanning.  Eg hadde godt høve til å sjå korleis ho arbeidde.

Den arbeidsmåten vil eg døype Toras metode. Toras metode er resultatorientert, men tålmodig. Argumenterande, men ikkje insisterande. La meg illustrere:

Kort tid etter at ho vart statsråd kom det såkalla Stjernøutvalet med si innstilling. Både Tora og eg hadde sans for dei perspektiva utvalet trakk opp: Klarare kvalitetsmål for høgare utdanning, sterkare profesjonsutdanningar, endringar i finansieringssystemet og mest kontroversielt; arbeidsdeling og samanslåing av universitet og høgskular til langt fleire einingar. Tora insisterte likevel på at dette grepet i innstillinga måtte avvisast som eit nasjonalt strukturgrep. Ho var sterkt for retninga, men klår på at metoden måtte vere annleis. Vi ville berre få det til om drivkrafta var institusjonane sitt eige ønskje om og forståing for arbeidsdeling og evt samanslåing.

Sidan det har ho arbeidd målretta for det med eit sett av verkemiddel: Tett dialog med institusjonane, systematisk argumentasjon for tettare samarbeid, økonomiske incentiv, oppfordring til at dei finn sine eigne samarbeidsløysingar og ein krystallklar og eksplisitt respekt for dei som ikkje vel samanslåing.

Resultat: Tidenens bølge av samanslåingar, samarbeid og betre arbeidsdeling i norsk høgare utdanning. Sjølvdrivne prosessar i Troms, i Nordland, på vestlandet, rundt Oslofjorden, i Møre og Romsdal (!) og sikkert nokre til eg ikkje kjem på i farten. Eg har møtt fleire av dei involverte institusjonane. Det dei har til felles er at dei sjølv opplever å ha initiativet, dei har ei reell forståing for utfordringane og dei har tid og rom til å finne den løysinga som passar dei. Det inkluderer også den institusjonen eg har vore på der det var stor skepsis til denne tenkinga; dei var trygge på at dei kunne velge sjølv, og dermed bruke tid på å finne sin veg vidare.

I kontrast til dette: I perioden 2001-2005 var Erna Solberg kommunalminister, og fekk tittelen jern-Erna i media. Det var på grunn av asylpolitikken, men den same stilen brukte ho når det gjaldt kommunesamanslåingar. Store ord og høge mål, press på kommunane og økonomiske incentiv. Resultat: Eg har ikkje sjekka, men ei bølge av samanslåingar vart det ikkje.

Den siste metoden gjer fleire medieoppslag, den framstår tøffare og meir “tydeleg” og er meir populær i riksavisene sine redaksjonar. Det er feil å seie at resultat ikkje spelar ei rolle i media si vurdering av politikarar. For dei spelar ei rolle. Men i langt mindre grad enn korleis politikaren framstår for mediene. Bjarne Håkon Hanssen fekk lite skryt for gjennomføringa av dei kompliserte pensjons- og NAVreformene, men vart hylla som ein visjonær politikar då han lanserte samhandlingsreformen. Heilt etter manus har Anniken Huitfeldt fått litt tyn i vinter etter at ho tok over for Trond Giske, men eg har til å gode å sjå eit einaste politisk argument for det. Det er også vert å merke seg omtalen av den “tøffe” Torbjørn Røe Isaksen vs den systematiske Bent Høie.

Ingen journalist eg kjenner har fått med seg at veksten i forskingsbudsjetta var sterkare i forrige fireårsperiode enn veksten i kulturbudsjetta dei fire siste åra. Det kan tolkast på minst på to vis. Den politiske, at dei som arbeidde med forsking var flinke til å sikre pengar til sin sektor. Den meidale, at dei som arbeidde med kultur var flinke til å selge sine pengar. Begge delar er rett, og begge delar høyrer vel med i biletet, gjer det ikkje?



Konservativekristne.no

20. August 2009

Vil Siv Jensen høyre på dei kristenkonservative, og gjennomføre den ytterleggåande midtøstenpolitikken dei står for? Vil ho reversere ekteskapslova? Ho seier ja på direkte spørsmål. Vil i så fall Erna Solberg ha kraft til å stå mot?

I dag har eg vore i debatt på Tabloid mot mellom anna Bjarte Ystebø, talsperson for kampanjen Kristenfolket. Det er ein allianse av ytterleggåande og konservative kristne som vil mobilisere mot dei rød-grønne og for KrF og FrP. Det gjer dei på saker som nei til felles ekteskapslov, ja til Israels folkerettsstridige mur gjennom palestinsk territorium og einsidig å flytte den norske ambassaden til Jerusalem.

Mange med meg blir nok provosert av at dei kallar seg kristenfolket. Dette er ikkje kristenfolket, det er det ytterleggåande kristenfolket. Kristenfolket finst i alle parti, med dei fleste meiningar. Dei fleste meir tolerante og nestekjærlege enn det vi her talar om.

Verre er det at denne gjengen i hovudsak har full støtte frå FrP og KrF, og kan få stor innverknad i norsk politikk ved ein borgarleg valsiger. Spørreundersøkinga deira blant stortingskandidatar viser det. Med Dagfinn Høybråten i spissen er dei fleste KrF-kandidatar med på alt dei ytterleggåande kristne spør om. Det same er Siv Jensen og FrP sine folk.

Vi kan få ein statsminister som stør seg på dei konservative kristne. Lars Sponheim og Erna Solberg skal stå imot denne gjengen, som vil vere godt representert i det klart største partiet på høgresida. Då er det også paybacktime for alle veljarane dei har skaffa.

Kristenfolket.no er inspirert av korleis dei kristenkonservative i USA fekk George W Bush til makta. No skal dei få Siv Jensen til makta.

Er det berre eg som blir utruleg provosert av at konservative mørkemenn kan få avgjerande innverknad på norsk politikk? Bør vi ikkje i det minste få klare svar på om desse ytterleggåande meiningane vil ha gjennomslag?