Kva skjer med klimakrisa?
30. March 20092007. FNs klimapanel (kanskje verdas mest omfattande forskingsprosjekt) legg fram ei serie rapportar som dokumenterer
klimaproblema, isen smeltar raskare enn nokon trudde i Arktis, isbreeane i Europa dreg seg attende, Al Gore vert global klimahelt og vår merksemd er retta mot klimaproblema.
Mars 2009: Vi får tung dokumentasjon for at tilstanden er verre enn FNs klimapanel trudde for eit par år sidan. Men vår merksemd er ikkje retta mot klimaproblema på same vis.
For nokre veker sidan var 1600 forskarar samla i København for å oppdatere politikarar på den siste kunnskapen om klimaproblema, ikkje minst nye resultat som ikkje var klare til FNs klimapanel presenterte sine rapportar.
Det er dramatiske konklusjonar som vert lagt fram. På opningsdagen vakte det ei viss merksemd i internasjonale media (ikkje i norske media) at havoverflata kan stige med 0.5-1 meter innan år 2100. Faktum er at hovudbodskapen frå konferansen var at klimaendringane går raskare enn ein har trudd på nesten alle felt. Temperaturendring (sjå figur, kjelde NOAA), issmelting, havnivå og mogelege irreversible endringar ligg nærare i tid enn vi har trudd før, skal vi tru forskinga som vart presentert.
Samstundes får eg ei snikande kjensle av klimakrise har blitt vane i Noreg. Media rapporterte nesten ikkje frå København, finanskrisa er meir akutt. Earth Hour passerte forbi med lunkent engasjement.
Ikkje misforstå meg. Eg veit at klimakrisa er akutt, og eg føler meg sikker på at vi vil sjå ei heilt anna haldning og handling i åra som kjem. Men eg fryktar at det skal gå for langsamt. Kva skjedde etter forrige miljøbølge for 20 år sidan? Eit stort fall i interessa for miljø, og mange år utan nok trykk. Dersom politikarar og næringslivleiarar skal handle må klima vere toppsak i valkamp, i forbrukarane sine preferansar, i kommuneplanar, på G8-møte – over alt eigentleg.
La oss begynne med å gjere klima viktig i valet 09.
