Kvifor sosiale medier?
7. April 2009Eg tok visst ikkje heilt påskefri likevel. Skreiv kort innlegg og sendte til DN i dag tidleg, mellom anna inspirert av diskusjonen på Twitter. Det kjem sikkert ikkje på før påske. Eg skreiv samstundes ut eit utkast til ein lengre kronikk (med ein kjerne av det same innhaldet) som eg tenkte å sende til ei avis over påske. Den er meir ideologisk og forsøker å seie noko om sosiale medier sin mogelege funksjon i samfunnet frå ein politikar sin synstad.
DN-artikkelen kjem sikkert ikkje på enno, så eg legg ut utkastet til kronikk her. Vil gjerne ha kommentarar og synspunkt på den i løpet av påskehelga, sender den først neste veke. Blir litt av og på nettet, men legg igjen kommentar her eller kvitre meg ei melding om du vil.
