Evaluering av digital spørretime
7. May 2009Takk igjen for mange gode spørsmål i digital spørretime. Eg må innrømme at det var utruleg morosamt. Litt leit at over halvparten av spørsmåla var ubesvart, men det er også eit sikkert teikn på at eg må gjere det igjen.
Det var fleire ting som ikkje fungerte så godt som det burde, og vi må sjå etter forbetringar til neste runde. Eg treng hjelp av dokke til det. Difor, evaluering fase 1; Kommenter her. Skriv inn di oppleving av møtet, med særleg vekt på kva som må fungere betre. Kom også med framlegg til kva vi skal gjere med det.
Oppdatering 22.25; Til dei eg ikkje fekk svart; Eg synest det er dumt, eg hugsar at eg nesten hadde dårleg samvit for det der eg sat og svarte. Men ser no at eg faktisk svarte på 46 spørsmål, ikkje verst. Trur det er eit nesten uløyseleg problem. Er det mange nok spørsmål får du ikkje svart på alle.
