Digital spørretime 11.august kl 12.30
10. August 2009Audun Lysbakken og eg inviterer i dag til digital spørretime kl 12.30
SV har valkampopning i dag. Etter den vil vi følge opp pressekonferansen på Parkteateret med ei digital valgkampopning. Allereie no kan du stille spørsmål til Audun og meg på http://rettvenstre.no og http://bardvegar.no. Skriv i kommentarfeltet til denne posten. Hugs å skrive spørsmålet ditt på bloggen til den du vil skal svare. Dei 5 mest populære spørsmåla frå kvar blogg vil bli besvart mellom 12.30 og 13.30 i morgon. For å stemme kan du lage ein profil her.
I tillegg til at innsendte spørsmål vil få svar, vil det også foregå ei livesending i Cover It Live der alle er invitert til å stille spørsmål om SVs valkamp og politikk. Dette kan du gjere direkte i Cover It Live vinduet eller via twitter med hashtagen #SVlive.
Vi prøver oss med denne kombinasjonen no, så får vi sjå korleis det går. Eg trur det kan skape litt meir system i dei innsendte spørsmåla, samstundes som ein faktisk kan kommentere og forhalde seg til det som skjer på opninga.
Her kan du følge spørretimen:
