Innlegg tagga med ‘del og bruk’



Gratulerer del og bruk!

13. April 2009

Nettverket del og bruk har i løpet av få månedar fått 1001 medlemmer. Slik presenterer dei seg sjølv: “Et nettverk for lærere, pedagoger, forskere, byråkrater, bibliotekarer og andre med interesse for sosial web, IKT og skole. Del, øk og bruk din digitale kompetanse. Sammen er vi smartere!”

Det er eit nettverk for å diskutere og utveksle synspunkt, for å lære av andre og for å legge igjen idear og læringsressursar. Det er grupper for ulike tema samt diskusjonsforum. Knytta til nettverket finst det og ein Wiki, altså ein base eller ressursbank, for digitale læringsressursar.

Nettverket er eit godt døme på korleis ein kan bruke sosial web til å skape deling og deltaking som er nyttig for den enkelte og samfunnet. Det er også ei viktig utvikling å støtte for skulen. Vi veit frå undersøkingar at det er mykje å gå på før skulen er ein god nok lærande organisasjon. Dette er eit initiativ som gjer fleire høve til å utivkle seg på tvers av skular, og som kan spreie kunnskap meir effektivt.

Eg er imponert og gratulerer!