Innlegg tagga med ‘David Bowie’



Iggy Pop: Lust For Life

22. December 2009

Iggy Pop sitt andre for året 1977 er det fjerde og siste i min Bowie-serie. Det er ikkje så totalt Bowie-dominert som det forrige, sjølv om han har delprodusert og skrive det meste.

Lust for Life er nok det mest tradisjonell albumet, i den forstand at det er sett saman av ei rad enkeltlåtar. Det er også dermed det mest ujamne. Det opnar med det ihelspelte (Trainspotting++) men veldig tøffe tittelsporet, går via nokre rockarar av ulik kvalitet til den suggerande avslutninga med “Fall In Love With Me”. Midt inni, ein kandidat til tidenes rockelåt: The Passenger.

Den har ikkje musikk av David Bowie, men Ricky Gardener. Den har eit monotont og råtøfft riff som går og går, og ein Pop-tekst som alltid gjer meg lyst til å strene ut til nærmaste tyske cabriolet og køyre avgarde. Teksten handlar rett nok om å sitte på S-bahn (den overjordiske delen av Berlin sitt T-bane system).

Denne plata er nærare Pop sine rockerøtter enn nokon av dei andre Berlin-platene. Bowie sin innverknad er der mest som låtskrivar. Det er dette formatet Iggy Pop tek med seg vidare inn i 80-talet. Den er ujamn, men går likevel utan på dei fleste album – ikkje minst fordi toppane er så høgt oppe.

Den avsluttar Berli-tida til Bowie. Han skapte Berlin-soundet, sterkt påverka av Brian Eno (her vil eg i parantes nemne at eg har blitt teke for å hevde at Eno har produsert Bowieplatene frå 77. Det har han jo ikkje) og tysk elektronika, og blanda det med sitt eige. Han tok med seg denne kombinasjonen vidare til Iggy Pop og sprøyta det inn i låtar og soundet på “The Idiot”. Resulat; fire fantastiske album på eit år.

Her kan du høyre Bowie og Pop framføre “The Passenger” saman:



Iggy Pop: The Idiot

14. December 2009

Om Iggy Pop er det mykje å seie. Stooges-sjef, punkens gudfar, heroinist, kraftverk på scena. Når ein les om livet hans kan ein lett bli overraska over at han er i live.

David Bowie får han med seg til Berlin. Det første halvåret bruker dei visstnok mest på å vandre rundt i byen, gå på galleri og sitte på kafe. Dei skriv låtar til eit album (Bowie musikk, Iggy tekst) og samlar saman eit band til eit album: The Idiot. Eit kjempesprang frå dei forrige gitarpunkplatene til Pop, over i Berlin-soundet.

I tid var dette albumdet det første Bowie lagde i Berlin, men han fekk utsett det til etter Low (som kom i januar, The Idiot i mars). Det ber preg av det tette og gode tilhøvet mellom dei to, men også at Bowie ausar av sitt overskotshorn som låtskrivar. Perler som “Nightclubbing”, “Dum Dum Boys” og China Girl” er her.

For Iggy Pop må det ha vore  som å kome til live på nytt som artist. Kommersielt fekk verda ei ny interesse for han, kunstnerisk fekk stemmen og tekstane hans stå fram med ei heilt anna tyngde.  Dette er er rock, elektrodominansen som traff Bowie finst ikkje her. Den raffinerte pop-følelsen som er Berlin-soundet er likevel klårt til stades. Det er popmelodiar i rockeformat, med ei spesiell røyst oppå.

Iggy Pop syng som ein gud. Han var ein god punk-vokalist i Stooges som med sitt skrik av ein vokal. Men stemmen hans har i seg å dominere ei låt med sin flotte djupe tone, slik han får lov til her.

Her er “Nightclubbing” live med diverse prominente gjestar samt “China Girl”

 



David Bowie: Heroes

8. December 2009

Eg hugsar første gongen eg høyrde tittelsporet. Eg kom heim frå London (1988? var om lag 16-17) med ein stor bunke plater. Mellom anna “Heroes”, kjøpt på omtale og det mystiske, innsmigrande coveret eg framleis likar så godt.

Ei tøff elektrorockelåt, ein litt seig ein – så Heroes. Tonane som kom ut av høgtalaren festa seg ved første lytting – og festa seg meir og meir i dagane som kom. Den storslåtte, nesten pompøse, melodien og produksjonen. Eit fengande refreng, og eit fengande vers. David Bowie sin desperate stemme. Den ubestemmelege lyden, og dei særs tydelege spora av Brian Eno. Og mest; heilskapen. 6 lange minutt med pop-vellyd, aldri kjedeleg.

Det er ein av dei flottaste poplåtane som er laga, og for meg så er den popmusikk. Det er slik det bør høyrest ut; pent, storslagent og orginalt. Den er ikkje magisk som Good Vibrations, ikkje dansbart som Samba Magic, ikkje desperat som Love Will Tear Us Apart, det er kanskje ikkje den beste låta i 77 eller den beste til David Bowie.  Men for meg har den alt det god popmusikk må ha i seg, som få andre songar.

albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to tydelegare. Bowie har teke inspirasjonen frå Brian Eno (som produserer og skriv også her) og Berlin tilbake til sitt eige univers og framstår tydelegare som Bowie. Samstundes slepp han den tyske inspirasjonen meir fram i enkelte andre spor. Åpnings- og avslutningssporet samt balladen “Sons Of The Silent Age” er døme på det første. Største delen av side er døme på det andre.

Dette er David Bowie på sitt mest nyskapane og mest Bowieske på same tid. Det er kanskje høgdepunktet i karrieren hans, spør du meg.

Samstundes forbind eg albumet og songen Heroes meir enn noko anna plate (også i denne serien) med Berlin. Kanskje er det fordi den vert brukt i filminnspelinga av Christiane F, kanskje fordi eg også har den tyskspråklege innspelinga av tittelsporet (”Helden”). Men også fordi den er full av eit unikt uttrykk – Berlinsoundet.

Under: Avslutningssporet “The Secret Life of Arabia” og Heroes, i fall du ikkje har høyrd den før.

 



Adventsserie 77

30. November 2009

I dag startar min adventsserie om Berlin 1977. Kvar måndag i advent skal eg presentere ei plate som er laga i Berlin i 1977 – og som i realiteten David Bowie står bak.

Dei fleste kjenner David Bowie, ein av dei største i rocken. Etter ein kontroversiell episode og eit massivt narkotikamisbruk over år flytta  han til Berlin i 1977. Her er han sentral på fire plater frå dette året som alle står i igjen i rockehistoria.



David Bowie: Low

30. November 2009

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.

Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som “Warszawa” og “Art Decade” er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. “Speed of Life” er driven av Alomar sin gitar og “Sound and Vision” er Bowie-pop.

Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.

Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har “Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.

Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.

Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet “Speed of Life”, videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta “Be my Wife”  og Eno/Bowie-komponerte “Art Decade”.