Innlegg tagga med ‘Brian Eno’



David Bowie: Heroes

8. December 2009

Eg hugsar første gongen eg høyrde tittelsporet. Eg kom heim frå London (1988? var om lag 16-17) med ein stor bunke plater. Mellom anna “Heroes”, kjøpt på omtale og det mystiske, innsmigrande coveret eg framleis likar så godt.

Ei tøff elektrorockelåt, ein litt seig ein – så Heroes. Tonane som kom ut av høgtalaren festa seg ved første lytting – og festa seg meir og meir i dagane som kom. Den storslåtte, nesten pompøse, melodien og produksjonen. Eit fengande refreng, og eit fengande vers. David Bowie sin desperate stemme. Den ubestemmelege lyden, og dei særs tydelege spora av Brian Eno. Og mest; heilskapen. 6 lange minutt med pop-vellyd, aldri kjedeleg.

Det er ein av dei flottaste poplåtane som er laga, og for meg så er den popmusikk. Det er slik det bør høyrest ut; pent, storslagent og orginalt. Den er ikkje magisk som Good Vibrations, ikkje dansbart som Samba Magic, ikkje desperat som Love Will Tear Us Apart, det er kanskje ikkje den beste låta i 77 eller den beste til David Bowie.  Men for meg har den alt det god popmusikk må ha i seg, som få andre songar.

albumet Heroes er dette høgdepunktet, men resten blir ikkje ein nedtur. Albumet er (som Low) ei blanding av vokale popspor og instrumentale elektrospor. Her er skiljet mellom dei to tydelegare. Bowie har teke inspirasjonen frå Brian Eno (som produserer og skriv også her) og Berlin tilbake til sitt eige univers og framstår tydelegare som Bowie. Samstundes slepp han den tyske inspirasjonen meir fram i enkelte andre spor. Åpnings- og avslutningssporet samt balladen “Sons Of The Silent Age” er døme på det første. Største delen av side er døme på det andre.

Dette er David Bowie på sitt mest nyskapane og mest Bowieske på same tid. Det er kanskje høgdepunktet i karrieren hans, spør du meg.

Samstundes forbind eg albumet og songen Heroes meir enn noko anna plate (også i denne serien) med Berlin. Kanskje er det fordi den vert brukt i filminnspelinga av Christiane F, kanskje fordi eg også har den tyskspråklege innspelinga av tittelsporet (”Helden”). Men også fordi den er full av eit unikt uttrykk – Berlinsoundet.

Under: Avslutningssporet “The Secret Life of Arabia” og Heroes, i fall du ikkje har høyrd den før.

 



David Bowie: Low

30. November 2009

David Bowie dreg til Berlin i 1977, plaga av dop og kritikk i heimlandet. 1977 i Berlin skulle bli ein fantastisk kreativ periode for han. Han sobrar opp og arbeider masse, og går og køyrer rundt og samlar inntrykk frå byen. Og høyrer meir og meir på tysk elektronisk musikk. Med seg har han den rette mannen til å omforme dette til musikk, Brian Eno. Eno bidrar med ein stor dose eigenart, men er også flink til å la Berlin og Eno finne saman med Bowies unike uttrykk, ikkje skugge over det.

Low er den første plata Bowie lagar i Berlin. Den er dels vokal pop, dels instrumental elektronika. Låtar som “Warszawa” og “Art Decade” er sterkt inspirert av elektronisk musikk som Kraftwerk og prega av Eno. “Speed of Life” er driven av Alomar sin gitar og “Sound and Vision” er Bowie-pop.

Plata er springane, men likevel einskapleg i uttrykket. Den er stillare og meir nedpå enn noko anna han har laga.

Den er også eit brot med Bowie før Berlin. Den har “Berlin-soundet, som skal prege alle platene han er med på dette året. Mange av dei faste musikarane er likevel med, og det er umisskjenneleg Bowie.

Den har til ein viss grad fått status som eit mellomalbum i katalogen hans, eller som ein forsmak til det som skulle kome. Det er synd, for den står sterkt på eigne bein. Eg kjenner dei som meiner den er ei av hans beste.

Under eit gammalt liveopptak av det tøffe opningssporet “Speed of Life”, videoen til den kanskje mest konvensjonelle låta “Be my Wife”  og Eno/Bowie-komponerte “Art Decade”.



David Byrne

26. March 2009

Av alle dei små tapa livet gjer, synest eg for min eigen del at tapet av oppmøte på David Byrne sin konsert i oslo forrige veke er særleg tungt å svelge. Eg går jo stort sett aldri på konsert lenger, men likevel. Dette er mannen og bandet (Talking Heads) som eg så utruleg gjerne vil sjå men aldri har sett.

Opplegget var at han spelte musikk han hadde laga saman med Brian Eno, altså ei spennande blanding av funky TH, sære lydbielete frå “My Life…” og fjorårets country-aktige sak. Meldingane av konserten er euforiske. David Byrne og Brian Eno er for meg eit musikkens toppmøte. Det er Reagan og Gorbatsjov sammen.

Eg må mimre for å kompensere. På bileta  til venstre er dei i lag i ca 1980 og ca no. Her er ein av mine mange Byrne/Eno favorittar, frå den beste konsertfilmen som nokon sinne er laga.



Talking Heads: Fear of Music

4. January 2009

Talking Heads er eit av dei store banda i rockehistorien. Dei møttest på kunstskule i New York, derav klistrelappen kunstrock. Den seier lite.

Bandet er eit oppkomme av dansbare, rytmedrivne rockelåtar. Dei hentar inspirasjon frå mange stilartar, litt etnisk her, ein dose psykedelia der. 

Mange vel seg den kaotiske men einskaplege “Remain in Light”. Eg vel denne, som har betre låtar, er meir funky, friskare og mindre prega av Brian Eno. Den funky inspirasjonen kjem tydeleg fram i Life During Wartime, her i eit konsertopptak frå det året albumet kom ut – 79.

Det er lett å tenke at David Byrne var Talking Heads. Han skreiv nesten alle låtane, sang og leverte det meste av dei mange orginale påfunna og ideane. Men faktum er at det meste han har tatt i etter TH er rimeleg kjedeleg og middels. TH var derimot brilliant. Eg trur difor det er ein band-effekt her, med sterke musikarar personlegdomar ved sidan av han.

Nettet er fullt av klipp med Talking Heads. Her er ein fin versjon av Air, her Heaven frå den legendariske Stop Making Sense turneen.