Melodi Grand Prix junior
28. November 2008
Ja, ikkje at eg er så opptatt av korkje senior eller juniorvarianten, men årets norske bidrag til den nordiske finalen får sjølv den mest hardbarka til å smelte. Les til dømes Trude Ringheim i Dagbladet papir i dag.
The Black Sheeps frå Nesseby i Finmark van den norske finalen. Dei lærte å spele instument av læraren, øver på skulen, har enormt med sjarm - og er meir rock’n roll enn dei fleste. Sjekk når dei kjem slentrane opp trappa medan dei spelar! Den vedlagte videoen er ein kandidat til årets beste, spør du meg. I alle fall i kategorien sjarm. Låtvalget er perfekt, flott indierock som tåler å bli strippa. Eg heier på Nesseby i morgon kveld.
