Innlegg tagga med ‘Beach Boys’



Dennis Wilson: Pacific Ocean Blue

18. July 2009

Neste Wilson ut er den openbart minst talentfulle frå Beach Boys, Dennis. At han skulle bli den første Wilson til å gje ut eit soloalbum var ei overrasking. At han har kome med det klårt beste Wilson-albumet er ein sensasjon.

Pacific Ocean Blue – det einaste han rakk å gje ut før han drukna som 39-åring – er ei strålande trist sommarplate.

Dennis Wilson var mellomste bror, og hadde visstnok det mest konfliktfylte tilhøvet til den autoritære faren. Han hadde rollen som kvinnebedårar og opprørar i Beach Boys. Utover 70-talet slo han seg ned, arbeidde seriøst med musikk og spelte inn ein god del (t.d er opptaka til ein oppfølgar tilgjengelege i dag).

Pacific Ocean Blue luktar salt. Det er veldig vestkyst (Jackson Browne?), veldig 70-tals (litt Eagles, litt Nick Drake) veldig stor lyd (van Dyke Parks) og litt Beach Boysk ein stad i bakgrunnen. Først og fremst er det likevel sterkt personleg. Fine og orginale balladar og ein særprega stemme. Ei plate som ikkje eigentleg liknar på så mange andre, sjølv om den er tidstypisk (frå 1977).

Den høyrest ut som California på ein trist dag som likevel er litt fin, synest eg. Her er ein av mange fine, Thoughts of You:



Brian Wilson: Smile

30. June 2009

 

Namnet Wilson får eg meg til å tenke på sommaren – og motsatt. Mykje stor sommarmusikk er skrive av ein Wilson. Noko av det i bullseye av kva dei fleste ser på som sommarmusikk. Andre delar av det Wilsonske er for litt meir kompliserte sommardagar. I sommar vil eg presentere 3 stykk Wilson. Vi byrjar i bullseye trur eg.

Beach Boys er sommar. Eg treng ikkje seie meir. Det er også popmusikk på sitt største og beste. “Pet Sounds” frå 1966 er eit flott album som ein ofte finn på kåringar over tidenes beste.

“Pet Sounds” var imidlertid berre eit oppspark, eit lite hint, om dei fantastiske musikalske gledene som skulle kome på oppfølgar “Smile”. Brian Wilson skulle vise verda. Dei slapp ein smakebit, “Good Vibrations”, etter seks månedar i studio. Eg held den for (kanskje) å vere den beste singelen i rockehistoria. Sidan meir studiotid, men ikkje noko album. I 1967 vert albumet avlyst.

Mytene om dette er utallige. BB-leiar, komponist og musikalsk intuisjonsgeni Brian Wilson mista retninga for første gong. Det vert sagt at han var besatt av å gjere eit like revolusjonerande framsteg som med det forrige albumet. Han følte eit kunsterisk press på seg, samstundes som dei hadde opplevd sviktande sal av “Pet Sounds”. Han brukte meir og meir narkotika. Det seiest også at han var ekstremt oppteken av konkurransen med The Beatles. Han skal ha høyrt ein demo av “Sgt. Pepper” kort tid før albumet vart avlyst.

Kva som stemmer veit ikkje eg. Eg veit at alt som kom ut av det i samtida var ein singel til, tøffe “Heroes and Villains”. Eg veit også at materialet vart henta fram meir enn 35 år seinare, gjort på nytt og spela live på ein lengre turne. Til slutt kom det ut på plate.

Det er ei flott innspeling, full av fin lyd og fine songar. Samarbeidspartnar Van Dyke Parks frå den opprinnelege innspelinga er med. Du kan høyre at dette er lyden av noko stort, sjølv om litt magi har gått tapt. Under er to låtar. Først ein nyare live versjon av “Heroes and Villains”.

Så eit gammalt og elendig live opptak av Good Vibrations som ikkje får med starten på låta. Kva veit eg, kanskje dumpar det innom ein lesar som ikkje har høyrt den. For dei som kjenner den er det uansett moro å sjå Brian W i godt slag, thereminen (trur det er det?) og kanskje spørre seg: Kor bra og orginalt kunne ikkje popmusikk vere i 1967.