Torbjørn Røe Isaksen er ein av dei mest interessante politikarane i Høgre. Det er uklårt for meg om han står til venstre eller høgre i partiet, men han viser seg stadig å vere ein uavhengig type som har spennande tankar.
I det nye programforslaget Høgre presenterte i går, har han ei rekke dissensar. Eg merkar meg at han gjer framlegg om å avvikle kontantstøtta. Det som kanskje overraskar mest med den dissensen er at han er aleine om den.
For meg er det uforståeleg at Høgre framleis kan forsvare kontantstøtta. Partiet verkar å leve i den gamaldagse forestillinga at kunnskap er noko som høyrer skulen til og først blir aktuelt i seks-års alderen. Programforslaget illustrerer det ganske godt, ved at barnehage er plassert trygt under familiepolitikken medan skule er del av kunnskapskapittelet. I framlegget til alternativt statsbudsjett gjorde dei nyleg framlegg om å heve forreldrebetalinga, noko som vil føre til at mange barn som treng eit barnehagetilbod ikkje vil få det. Det er det motsette av å gje tilgang til kunnskap.
Om lag halvparten av grunnlaget for dei kunnskapane vi tileignar oss vert lagt før vi er fyllt seks år. Alle som har med små ungar å gjere veit at dei er som svampar etter kunnskap, og har eit stort potensiale for å lære. Språk og sosiale evner utviklar seg allereie frå 2-3 års alderen, og framover mot skulealder er lærelysta enorm. Ved skulestartalder kan ein lærar allereie merke stor skilnad på elevar ut frå kva stimulering og tilbod om utvikling dei har hatt før skulestart. Barndomen er særs avgjerande for seinare skulegong og kunnskapsutvikling.
Det er også godt dokumentert at barn som går i barnehage gjer det betre på skulen, til dømes i lesing. I ein ny forskingsrapport frå Kunnskapsdepartementet og Folkehelseinstituttet kjem det fram at barn som går i barnehage ved alder 18 og 36 månedar har betre språk. Særleg er uslaga store for minoritetsspråklege barn og for barn med foreldre med låg utdanning.
Kontantstøttebruken i Noreg har gått kraftig ned dei siste åra, men for ei gruppe går den opp. Minoritetsspråklege. Mange barn går glipp av mykje læring og utvikling på grunn av kontantstøtta. Fleire vil gjere det om prisen på ein barnehageplass går opp. Framleis byrjar det barn på den norske skulen som ikkje kan eit ord norsk, eller som er særs lite vant til kontakt med andre ungar.
Eg meiner vi skal gjere det motsette av det Høgre vil. Vi må avvikle kontantstøtten og la maksprisen bli verande på 2330 kroner. Så bør vi gjere slik SVs programkomite seier i vårt nye framlegg til arbeidsprogram for 2009-2013; Innføre eit gratis, obligatorisk barnehagetilbod for alle 5-åringar og utvikle ordningar med gratis kjernetid for enno mindre born.
Alle ungar fortener den gode staren på livet og den gode førebuinga til skulen som eit barnehagetilbod er.