Innlegg tagga med ‘Barack Obama’



Obama???

9. October 2009

Obama? Eh? Sånn reagerte nok mange i dag. Synspunkta er særs delte (VG Dagbladet).  Det er ein overraskande og spesiell pris, til ein mann som ikkje har utretta mykje som statsleiar enno. Samstundes kan ein forstå argumenta til komiteen når ein tenker ein runde ekstra. Han har satt ein tone og spela ein rolle for fred og nedrustning det siste året. Komiteen kan støtte og påverke ein prosess.

Det siste er eg likevel usikker på. “The Last Thing He Needs” er tittelen på denne kommentaren frå Time, og mange kommentatorar i USA heller i den retning. Her heime er prisen godt motteke, men det vert den jo alltid. Eg syns Anniken Huitfeldt oppsummerte det godt i ei tekstmelding ho hadde fått frå mannen sin; Litt spesiell pris, men eg trur eg takkar ja til å bli med på utdelinga i år!



Liv utanfor bobla

2. October 2009

Sjølv sit eg og forhandlar Soria Moria 2 til om lag klokka 23 kvar kveld for tida. Eit lite blikk ut av bobla i dag har fortalt meg at Lars Sponehim opnar for at Venstre skal samarbeide mot venstre ved neste val, at Obama var i København og at Chicago ikkje fekk OL i 2016. Det gjekk til Rio.

Men mest engasjerande synest eg; Magnus Carlsen knusar all motstand i superturneringa i Nanjing i Kina (der eg sjølv har vore for nokre år sidan). Både Dagbladet og VG har fått opp auga for det. Magnus leiar no suverent etter halvspelt turnering. Han har 4,5 av 5 poeng, dei fem andre har 2-2,5 alle saman.



Skrik

29. January 2009

Barack Obama (Dagbladet og VG) og Kristin Halvorsen (Dagsavisen og VG) er ute i same ærend i dag og skrik ut mot banksjefar som ikkje vil avgrense løn og bonusar. Det er eg 100% samd i!

Sjølv kan eg ikkje skrike i det heile. Eg har nesten mista stemmen etter to dagar med vondt i halsen og ei rekke foredrag og møte. Eg får ta meg ein tur til Regjeringas bedriftshelseteneste, eller Snåsamannen som vi kallar han.



Obama igjen

20. January 2009

Du skal vere ganske sterk for ikkje å la deg rive med av dagens amerikanske hending (VGDagbladet). Så sterk er ikkje eg. Det er fantastisk å sjå Barack Obama erstatte George W Bush som president, og verdas viktigste leiar. Det er fantastisk å sjå at ein svart mann kan bli nr. 1 i dette landet. Det er fantastisk å sjå kor mange menneske han kan inspirere og engasjere. Kvardagen kjem raskt nok. I dag seier eg berre gratulerer Amerika.

Eg hyllar USA med denne mangetydige, snåle men morosame viedoen og låta frå 80-talet (som eg av ein eller annan grunn byrja å tenke på medan eg såg på TV. Eg advarar; den er veldig 80-tals)



Mest å tape i 2009

1. January 2009

Denne mannen har mest å tape i 2009. Han er den mest populære leiaren i USA på 30 år – før han har byrja i jobben. Det som ventar han er ei finanskrise som har ramma USA særs hardt, ein krig i Irak han skal få USA ut av, ein krig i Afghanistan han vil ha USA (og Europa) lenger inn i, ei klimakrise han skal forsøke å ta leiarskapen i å løyse, ein helsereform han har gått til val på å gjennomføre og 1 million små og store ting som folk har forventningar til at han kan gjere noko med.

Lukke til!