Fleirtal
15. September 2009
I går vann vi eit nytt raudgrønt fleirtal. Det er faktisk litt av ein prestasjon. Sist ei fleirtalsregjering vart gjenvald og fekk fleirtal i Noreg var i 1969. Det er 40 år sidan! Vi har fått om lag like stor oppslutning, eit par promille mindre på siste prognose, og vi har tapt eit mandat. Dei to siste regjeringane i Noreg har begge tapt om lag 11% og eit hav av mandat.
Eg må gratulere Arbeidarpartiet med eit særs sterkt val og ein imponerande valkamp. Ikkje minst for Jens er dette ein stor triumf.
Eg er skuffa over SV sitt resultat, det er langt dårlegare enn det burde. Eg er likevel ikkje slått ut slik eg var etter den kraftige tilbakegangen i løpet av valkampen i 2005.
For det første er det lett å forklåre. Dette var eit regjerings- og statsministerval, der veljarane på begge sider flokka seg om partia som hadde statsministerkandidat. Regjeringsspørsmålet dominerte debatten, statsministerkandidatane dominerte valkampen. For det andre er eg verkeleg glad for fleirtalet, og veldig stolt av at det er vunne med eit prosjekt og ein politikk eg og SV har vore med på å skape. For det tredje trur eg SV har gode sjansar vidare. No er vi røynde. Vi har mange sterke unge politikarar. Vi har bestått ein svenneprøve i regjering.
Takk til alle i SV som har gjort ein fantastisk innsats. Ikkje minst takk til mitt fylkeslag Akershus. No skal eg slappe av nokre timar. Samstundes er eg allereie i gang med å tenke framover. Meir om det i neste bloggpost.
