Innlegg tagga med ‘8.mars’



Gratulerer!

8. March 2010

Eg orkar ikkje kommentere ho Nabintu Herland, eller andre av dei meir kuriøse utspela på denne dagen, men nøyer meg med to ting:

Det eine er å gratulere med dagen.

Det andre er å seie at Yssen og Simonsen jo sjølvsagt tar feil i si spissformulering om at kvinner ikkje bør få barn (det er jo ei spissformulering) men har rett i mykje av det som ligg bak formuleringa. Kvinner som får barn taper i snitt økonomisk og karrieremessig. I tillegg verkar mange av forventningane til rollen negativt; I den offentlege forestillinga er det mor, ikkje far, som er dårleg dersom noko er galt med ungane.

Både harde økonomiske realitetar og rollar må endrast om vi skal kome vidare på dette feltet.



På veg til Torbjørnrud – og gratulerer med dagen

8. March 2009

Eg er på veg tilden årlege budsjettkonferansen på Torbjørnrud på Jevnaker. Eg seier årleg, fordi skiftane regjeringar gjennom tiår har hatt ein konferanse om statsbudsjettet ved Randsfjorden (tidlegare på Halvorsbøle, også på Randsvangen trur eg – ikkje spør meg kvifor det alltid må vere i dette strøket) om lag på denne tida.

Konferansen er medieprofilert, med bilete på trappa (mange hugsar busserullane, no er det fritt fram – eg hadde hettegenser i fjor) av heile regjeringa og faste innslag med statsminister og finansminister på kveldsnyhenda der dei ikkje seier noko som helst nytt. På grunn av den høge medieprofilen trur mange at det er her statsbudsjettet for neste år blir laga. Det er det ikkje.

Før denne konferansen har alle statsrådar presentert “satsingar” (framlegg om pengebruk) på sine budsjett. Så kjem finansministeren med eit samla framlegg til regjeringa. Regjeringa diskuterer så makroøkonomien (budsjettbalanse, oljepengebruk, heile finanspolitikk), skatteopplegg og kva felt ein bør prioritere. Ein samlar seg om eit førbels nivå på pengebruken (som vil bli justert ut frå den økonomiske situasjonen) og eit førebels skatteopplegg. Så vert ein samde om ein god del satsingar som går vidare til neste runde. Dei vert “ført til profil” som det heiter.

Neste runde er mot slutten av august. Her får regjeringa oppdatert informasjon om den økonomiske stoda, og finanspolitikken vert endeleg banka. Så vert det beslutta kva Regjeringa faktisk vil prioritere av alle dei kandidatne som er med frå første runde. Det er med andre ord i dette møtet budsjettet vert laga. Konferansen på Torbjørnrud er ei prekvalifisering, eller eit oppspel om ein vil.

Det er like fullt både viktig og spennande for den enkelte statsråd. Det er her vi legg grunnlaget for det vi skal bruke pengar på neste år.

Og gratulerer med 8.mars alle saman!