Adventsserie 77
30. November 2009I dag startar min adventsserie om Berlin 1977. Kvar måndag i advent skal eg presentere ei plate som er laga i Berlin i 1977 – og som i realiteten David Bowie står bak.
Dei fleste kjenner David Bowie, ein av dei største i rocken. Etter ein kontroversiell episode og eit massivt narkotikamisbruk over år flytta han til Berlin i 1977. Her er han sentral på fire plater frå dette året som alle står i igjen i rockehistoria.


