Innlegg arkivert under ‘valkamp’
15. September 2009
I går vann vi eit nytt raudgrønt fleirtal. Det er faktisk litt av ein prestasjon. Sist ei fleirtalsregjering vart gjenvald og fekk fleirtal i Noreg var i 1969. Det er 40 år sidan! Vi har fått om lag like stor oppslutning, eit par promille mindre på siste prognose, og vi har tapt eit mandat. Dei to siste regjeringane i Noreg har begge tapt om lag 11% og eit hav av mandat.
Eg må gratulere Arbeidarpartiet med eit særs sterkt val og ein imponerande valkamp. Ikkje minst for Jens er dette ein stor triumf.
Eg er skuffa over SV sitt resultat, det er langt dårlegare enn det burde. Eg er likevel ikkje slått ut slik eg var etter den kraftige tilbakegangen i løpet av valkampen i 2005.
For det første er det lett å forklåre. Dette var eit regjerings- og statsministerval, der veljarane på begge sider flokka seg om partia som hadde statsministerkandidat. Regjeringsspørsmålet dominerte debatten, statsministerkandidatane dominerte valkampen. For det andre er eg verkeleg glad for fleirtalet, og veldig stolt av at det er vunne med eit prosjekt og ein politikk eg og SV har vore med på å skape. For det tredje trur eg SV har gode sjansar vidare. No er vi røynde. Vi har mange sterke unge politikarar. Vi har bestått ein svenneprøve i regjering.
Takk til alle i SV som har gjort ein fantastisk innsats. Ikkje minst takk til mitt fylkeslag Akershus. No skal eg slappe av nokre timar. Samstundes er eg allereie i gang med å tenke framover. Meir om det i neste bloggpost.
736 kommentarar |
Regjering, valkamp |
Arbeidarpartiet, fleirtal
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Arbeidarpartiet, fleirtal
Posta i Regjering, valkamp | 736 kommentarar »
7. September 2009
I Bodø med fokjølelse. Litt slitsom siste veka før valet, men motivasjonen og valkampgløden er upklageleg. Det vert ein ekstremt tett innspurt.
I dag har eg vore på eit par opplegg i Oslo-området, før turen bar hit. I morgon er det Bodø og Narvik.
Eg såg Erna og Siv på TV i dag. Lurer på korleis Siv og Geir A Moe har det no. Dette skulle vere henna val. Det geniforklåra FrP skulle overta Noreg, og parkere resten av opposisjonen for godt. Så kjem denne dama frå dette spissborgarlege og arrogante partiet og stel showet på borgarleg side. Alle målingar peikar nedover, alle bilete viser eit surt andlet, alle medier er ute etter ho (slik dei ser det) og ein kan kvar dag vakne opp til ei ny negativ sak eller måling. Du prøver å forklåre standpunkta, men du blir karakterisert som utydeleg. Du prøver å endre politikk, men dei seier at du spring frå standpunkta dine. Du prøver å stå knallhardt på ditt, men dei seier at du står i vegen for samarbeid.
Eg kjenner det att. FrP si trøyst er at dei dett frå eit høgt nivå. Det er framleis 10% ned til Høgre.
896 kommentarar |
valkamp | 
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Posta i valkamp | 896 kommentarar »
3. September 2009
Tilbake i byen etter tur til Telemark (med vår 1.kandidat Heidi Hamadi) og Oppland (der eg besøkte Nansen-skulen og Norsk fredssenter/Nansen dialog). TV-debatt i går kveld (som eg syns gjekk bra) på Gausdal vdg skule.
No skal eg duellere med Ine M Eriksen Søreide tre gonger på nokre timar!
1,161 kommentarar |
valkamp |
Ine M Eriksen Søreide
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Ine M Eriksen Søreide
Posta i valkamp | 1,161 kommentarar »
31. August 2009
Sukk. Det er kanskje litt spesielt at to sentrale medier arrangerer debatt om tema ingen debatterer, i staden for å sende ein debatt om dei på TV eller få dei opp på framsida av avisa.
Aftenposten og NRK har hatt debatttmøte på Litteraturhuset om “Temaene som forsvant”. Forskning og utdanning, likestilling, kultur, utenrikspolitikk, klima, norsk krigsdeltagelse er mellom desse vert det hevda.
Eg blir litt oppgitt, fordi
1)Dei er ikkje forsvunne. Dei foregår, alle saman, rundt om kring på ulike stader over heile landet. Det er debattmøte og diskusjonar om dei alle saman. Dei er berre forsvunne frå det nasjonale mediebiletet.
2) Klima er på lista. Dagen etter at ei måling i det same NRK viste at det er den nest viktigaste saka for veljarane, og veker etter at det totalt dominerte dagsorden.
3) Ingen kan vel gjere meir for å reise desse debattane enn NRK og Aftenposten. NRK kunne flytta TV-debatten om arbeid og økonomi til Litteraturhuset i kveld, og sett opp utanrikspolitikk på TV. Jonas og Erik mot Siv og Erna om kva Noreg vil med vårt internasjonale engasjement. Eller eit anna tema som forsvann. Partia hadde heilt sikkert stilt opp. Det kunne blitt ein kanondebatt.
2,697 kommentarar |
valkamp |
debatt
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
debatt
Posta i valkamp | 2,697 kommentarar »
31. August 2009
Eg har debattert helse, skule og høgare utdanning på Høgskulen i Akershus i dag. No ber det til Telemark.
Eg var gjesteredaktør i Nettavisen på fredag, og har fått spørsmål her om å linke til nokre saker. Temaet mitt for dagen var korleis klinakrisa påverkar Noreg, og denne saka synest eg illustrerer det på ein god måte. Denne saka handlar om at alle piler peikar i retning av at klimaproblema er verre enn FNs klimapanel har trudd – og at vi kollektivt er ein nasjona av klimaverstingar.
I tillegg skreiv eg ein kommentar som vel er grei nok men kanskje vart i overkant politisk korrekt. Det seier vel sitt at eg kom til å tenke på den då eg høyrde Lillebjørn Nilsen synger “Barn av regnbuen” dagen etterpå:-)
297 kommentarar |
Miljø, valkamp |
Nettavisen
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Nettavisen
Posta i Miljø, valkamp | 297 kommentarar »
30. August 2009
Dei siste dagane har bestått av ei lang rekke husbesøk, torgmøte, paneldebattar, stands, skulebesøk med meir, samt ein rundtur til togstasjonar på Romerike på fredag. Mellom slaga rakk eg å opne Robert Normann-festivalen i Sarpsborg. Det er kome både festival og museum tileigna denne fantastiske jazzgitaristen i heimbyen hans. I dag var det skattejakt på Piratøya.
Slik held det fram i morgon, då eg mellom anna reiser til Telemark.
1,121 kommentarar |
Kultur, valkamp | 
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Posta i Kultur, valkamp | 1,121 kommentarar »
27. August 2009
Under kommentarane til posten om kristenfolket ligg eit par spørsmål frå “rygh” som eg vil svare kort på. Han ber meg svare på spørsmålet om å forhandle med Taliban? Ja, eghar lenge meint at det er naudsynt å ha dialog med moderate element innan Taliban, slik den norske utanriksministeren, den britiske utenriksministeren, NATOs generalsekretær og den amerikanske presidenten har teke til orde for.
Han spør vidare om det er verre med LO/AP-kontakten enn kontakten mellom kristenfolket og FrP/KrF. Svaret er nei. Tvert om, eg synest samanlikninga er god. Det såkalla Kristenfolket er FrP sitt LO. Dei stiller partia spørsmål, og informerer så om kven som støttar dei. Etter valet krev dei at desse sakene vert gjennomført. Slik arbeider LO, slik arbeider kristenfolket. Det store spørsmålet blir då: Vil du at det såkalla kristenfolket eller LO skal ha innverknad i Noreg?
Ida og Kristine vil eg berre takke for i dag, det var moro å vere i klassen dokka. Du Kristine svarte jo også på ditt eige spørsmål, før eg rakk å gjere det. Du har heilt rett.
Og til Bjørn Smestad, som har irritert seg kraftig over mi utfordring til Sponheim og kommenterer at det er typisk politikarar å invitere til synspunkt for så ikkje å svare, vil eg svare at du har rett (om å svare, ikkje om Sponheim!). Eg skulle gjerne vore like aktiv som vanleg, men maktar det ikkje no i valkampen. Forsøker alt eg kan!
1,253 kommentarar |
Politikk, valkamp |
Kristenfolket, LO, Sponheim, Taliban
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Kristenfolket, LO, Sponheim, Taliban
Posta i Politikk, valkamp | 1,253 kommentarar »
25. August 2009
Tidsklemma tar meg for alvor. Eg skulle svart om barnehagar, kristenfolk og Sponheim men med program frå 8-22 har eg ikkje makta dei siste dagane. Skal svare om barnehagar så raskt eg kan, deretter spørsmål om LO-kristenfolk. Det andre får kanskje passere no? Eg slit med å halde tritt slik det er no, for å seie det som det er.
Ellers alt bra! Rundt forbi i Akershus på dagen i dag, Litteraturhuset om klima på kvelden. I morgon er det Kristin på politisk kvarter mot Sponheim og god måling for SV og raud-grøne. Eg skal i nokre debattar med Ine Eriksen Søreide.
På fredag skal eg vere gjesteredaktør i Nettavisen. Eg har valgt meg ei tema, som er klimaendringane og Noreg. Under den paraplyen har eg tenkt å undersøke ulike ting. Kva kan faktisk skje her på berget som følge av klimaendringane? Korleis kan du hindre oljeboring i Lofoten? Kvar bruker vi dei beste forskarane våre i dag, fossilt eller fornybart? Kva er biletet av Noreg internasjonalt?
Men eg treng fleire tips! Har du forslag til saker under denne headingen, eller litt i ytterkanten, så legg igjen kommentar!
77 kommentarar |
Meg, SV, valkamp |
Nettavisen
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Nettavisen
Posta i Meg, SV, valkamp | 77 kommentarar »
19. August 2009
Ein maraton av ein dag i dag. Tale til konferanse i Utdanningsforbundet, intevju med VG, oppdatering samferdslesaker i Akershus med vår glimrande fylkespolitikar Erlend Helle, redaksjonsmøte med ØB i Ski, eit par intervju der, valkamp på Nesodden og debattmøte på Litteraturhuset.
Og innimellom; sikkert nokre intervju, nokre telefonar, nokre saker å handtere og ein bunke sakspapir som ventar. Med andre ord ein fin valkampdag!
1,088 kommentarar |
Meg, valkamp | 
Skriven av Bård Vegar |
Permalenke
Posta i Meg, valkamp | 1,088 kommentarar »