Innlegg arkivert under ‘Sport’



1000 år i eit hopp

3. March 2010

Vi snakkar om å “hoppe etter Wirkola”. Det betyr å kome etter noko stort.

No blir det “å hoppe før Anette Sagen” . Det betyr å gjere noko småleg og nedlatande.

Så skjedde det. Nokre staute mannfolk skulle sjekke at bakken var i orden før vi slapp utfor den skjøre lille fuglen Anette Sagen. Det er 1000 års likestillingskamp oppsummert i eit hopp. Usynleggjort, umyndighjort og nedvurdert. Folk rasar, faren til Anette rasar.

Forsøka på å bortforklare verkar unekteleg ganske søkte. Det er som du kan høyre dei stå og humre og seie til kvarandre at det vart ei ordning på det til sist.

Eller kanskje tek eg feil. Kanskje er det ein god grunn til det heile, eller kanskje er det ein serie feil og dårlege vurderingar? Ikkje veit eg, men eg synast vi bør få vite. Eg meiner ofte at vi politikarar legg oss borti mykje rart vi bør ligge unna, og at den politiske debatten kan handle om små symbol framfor stor substans.

Men ingen regel utan unnatak. Og i denne symboltunge saka synest eg kulturminister Anniken Huitfeldt skal kalle norsk idrett inn på teppet og kreve at saka vert undersøkt til botnen, og at det vert gjort grep for å stoppe den undertonen av diskriminering og usynleggjering som av og til poppar opp. Norsk idrett får til mykje, men har openbart ein veg å gå når det gjeld likestilling.



Back in business

28. February 2010

Du kan seie kva du vil om Petter Northug, men det er ganske rått at han er med heile vegen på 50 klassisk, er sterkast opp den nest siste diagonal-bakken og alltid har det lille ekstra på oppløpet. Skulle gjerne sett han spurte mot Hellner tidlegare i OL.

Då er eg back in business igjen frå i morgon tidleg. Første dag på jobben på ei stund, på gjensyn (eller kanskje heller ha det?) pappapermisjon.

Denne veka blir litt amputert då eg skal ta innkøyring i barnehagen tirsdag og onsdag. Eg ser fram til det eg vonar blir eit høgdepunkt ut i veka, foredrag av Al Gore om den siste boka hans. Og takk til Ola Kristian, Heidi, Vegard, Line Marit, Emanuel og mange andre som har kome permisjonshelsingar og velkommen tilbake helsingar. Takk!

Kanskje litt inspirert av Petter Northug og ei “skiing is coming home”-kjensle presenterer eg alle tiders beste fotballsong. Three Lions med Lighning Seeds, her i 98-versjonen (Det ligg forresten ganske mange klipp ute der ein kan høyre 10.000vis av britiske fotballfans synge songen i kor på stadion før ein kamp. Sterke saker):



Is i rubben

25. February 2010

Permisjonen min er snart slutt. På mandag er det arbeidsdag igjen, og i helga er det landsstyremøte og dermed arbeidsdagar då og, så eg får snart vakne frå dvalen her og.

Bortsett frå barn, permisjon etc har eg vore mest oppteken av OL dei siste vekene, og kanskje særleg alle dei gode forklåringane som dukkar opp under eit OL. Det er vel berre vi politikarar etter val (”Vi var ikkje tydelege nok”) som kan konkurrere med tapande idrettsutøvarar i gode forklåringar.

Etter å ha blitt beste nordmann på 28.plass på 15 fri sa Tord Asle Gjerdalen at vi “nok trengte en gjennomkjøring”. Min favoritt Odd-Bjørn Hjelmeseth toppa sjølvsagt dette med ei suveren forklåring, han fekk “is i rubben”.

Kanskje vi skulle bytte forklåringar, vi politikarar og langrennsgutta? Odd-Bjørn kunne seie at han ikkje gjekk tydeleg nok. Og om SV nokon sinne tapar eit val igjen, så er det fordi vi har is i rubben.



Drillos 2

5. September 2009

Island-Noreg 1-1. Vi er ute. Eg såg andre omgang.

Før sommaren såg eg første omgang av Makedonia-Noreg, og delar av Nederland-Noreg (vi snakkar sjølvsagt om fotball. Herrar). Det fekk meg til å gruble litt på kvifor Noreg i dag er så mykje dårlegare enn Noreg på 90-talet. 

Det er mykje i den herlege analysen til Aslak Sira Myhre, som både er god og underhaldande.

Den kan likevel ikkje forklare godt nok at Drillos 2 ikkje ser ut som Drillos 1. Vil det ordne seg med meir tid, slik Sira Myhre trur? Eit punkt kan ordne seg, at Drillos 2 ikkje spelar Drillo-fotball. Ikkje gjennombrotshissig når dei vinn ballen, ikkje langt mot etablert forsvar. Eg såg Mexico-Noreg frå USA 94 i eit opptak for litt sidan, og det var ei påminning om kor disiplinert Noreg fulgte strategien sin. Dette kan kanskje Drillo få sving på med meir tid.

Men hovudproblemet trur eg er undervurdert. Nivået på spelarane bak og på midten. Bak hadde Noreg i denne perioden spelarar som Bratseth, Berg og Johnsen sentralt, og Bjørnebye som venstreback. Alle spelarar på topp internasjonalt nivå i gode klubbar.

Eg meiner likevel det er på midten skilnden er størst. Sjå gjennom opptaket under, som er 10 minutt med høgdepunkt frå Noreg sin 2-0 siger over England i 1993. Det er høgdepunkt, men likevel; her er det fleire målsjansar enn vi har hatt i heile kvaliken til no, det er klikk-klakk på midten, det er gjennombrotshissig, det er presist pasningsspel som skaper framdrift og rom. Rekdal (seinare Rennes og Hertha Berlin), Mykland (seinare Panathinaikos og 1860 München), Bohinen (seinare N Forest og Blackburn) og Leo (seinare Liverpool) spelar på midten, saman med fyrtårnet Flo.

Gode spelarar som utfører ein klar plan. No manglar vi både spelarane og planen.



Sogndal

26. May 2009

Eg har ikkje skrive mykje om fotball på bloggen min. Det er fordi eg med åra har blitt ein medgangssupportar. Min store lidenskap, landslaget, hadde eg i mange år glede av å følge tett. Ikkje dei siste åra.

Min andre store lidenskap har eg også i periodar hatt glede av å følge tett. Kven hugsar ikkje 6.plassen i 88 (framleis beste plasseringa i eliten), Jostein og Tore Andre sine prestasjonar på 90-talet, Tommy Øren si seine heading mot Vålerenga i gjørma på Ullevål i 2000 som sikra opprykk, våren 2003 då vi låg på andre plass etter halvsepla sesong.

Eg snakkar om Sogndal fotball. Dei siste åra har det vore litt trått. For laget, og for meg. Men eg anar at noko skjer. Vi ligg no på andre plass, etter å ha slått Kongsvinger 2-0 borte i kveld. Eg såg kampen på NRK2. Kva såg eg? Eit solid forsvar. Fine langballar, eit oppspelspunkt. Innsats og tette markeringar, ei sterk sentral midtbane. Og to stykk unge Flo. Kva meir kan ein be om? Eg kjenner at noko kan vere i gjerde, og har i alle fall tenkt å booke meg inn på Melløs når Sogndal kjem på besøk i haust.

La meg i same slengen legge inn nokre godord for Andreas Hompland si bok om Sogndal og fotballen. Den er sikkert vanskeleg å få tak i i dag, men vel verdt å sjekke ut på eit bibliotek for dei spesielt interesserte. Under Håvard Flo, ein av dei mange store gjennom klubben si historie.



Fotballens svar på Snåsamannen

12. February 2009

Så skjedde det. Drillo kom inn frå venstre, og brått var Noreg eit interessant forballag som kunne true dei beste (VGDagbladet, Nettavisen). Det er nesten ikkje til å tru.

Eg kjenner det i heile kroppen no på morgonen. Eit lite snev av sitringa frå tidleg 90-tal. VM-kvalifiseringa til USA 94 er den største oppturen eg har hatt som idrettstilskodar. Det var eit eventyr. Dag Solstad har skildra dette glitrande i si bok om VM (skrive saman med Jon Michelet). Han skildrar korleis ingen eigentleg kunne tru at Noreg skulle nå opp til eit slikt nivå, kvalifisere seg. Ein kunne irritere seg over at England ikkje kom til VM, tenke på at det hadde vore gøy med fleire nordiske der. Men at Noreg ikkje kom til VM, det var berre slik. Punktum. Til 94. Berre vi som såg Noreg tape 0-1 på Ullevål mot Island (eller Sveits, eller…) på 80-tallet etter godt spel og eit uheldig baklengs, berre dei som følgde Noreg gjennom tiår utan ein einaste viktig suksess (England ja, men vi gjekk ikkje vidare) kan forstå dette.

Det er denne sitringa eg kjenner eit snev av. Ein hunger etter igjen å sitte benka i 90 minutt å verkeleg tru at det kanskje kan gå bra, og at vi har eit lag å vere stolte av.

Eg er vel Noregs største tilhengar av Drillo, men eg trudde ikkje på han denne gangen. Men han er openbart fotballens svar på Snåsmannen. Han får i grunn Snåsamannen til å bleikne synest eg.



Marit Breivik – idrettsleiar 2.0?

14. December 2008

Noreg vann ein ny finale i kvinnehandball – til trass for piping mot slutten. Ein av grunnane er Marit Breivik. Eg har møtt ho nokre gongar i samband med at ho leiar ei rådgjevingsgruppe for å få til betre fysisk aktivitet i skulen, ikkje berre meir tid til fysisk aktivitet. Ho gjer eit utruleg reflektert og godt inntrykk, og resultata henna som trenar er fascinerande.

Det er så vidt eg kan kome på i farten tre norske trenarar som har utmerka seg med stor suksess i lagidrettar. Egil Drillo Olsen, Nils Arne Eggen og Marit Breivik. Dersom du ser bort frå at dei openbart er dyktige og at alle tre står til venstre, synest eg det er slåande kor ulike dei kan verke som leiarar.

Olsen og Eggen var opptatt av systemet, spelestilen. Dei valde spelarar ut frå systemet, og drilla dei til disiplinert å følgje det. Spelarane var komponentar i eit heile, der heilskapen var betre enn summen av spelarane. Å ikkje følgje spelestilen framstod som den verste form for synd.

Breivik vektlegg at spelarane sjølv må ta avgjerdsler om korleis laget skal spele. Dei må diskutere seg fram til ein strategi – ikkje få den tredd nedover hovudet. Under kampen må spelarane også stå fram og ta vanskelege avgjerder sjølv.

Det er sjølvsagt sterke element av struktur i alle gode lag, så dette er stilisert. Det er også dette, men likefullt: Drillo sin leiarstil og filosofi minner meg om ein tradisjonell organisasjon frå manuelt arbeid, til dømes tungindustrien. Store skilje mellom leiing og tilsett, funksjonar viktigare enn personar, avgjerdslene vert tekne av leiinga. Breivik sin kan minne meir om ei kunnskapsbedrift med små skilje, stort ansvar på den enkelte og kollektive prosessar mot avgjerdsler.

Inntrykket mitt er at Breivik førebels er eit unnatak i idretten, som i store delar av samfunnet elles. Kanskje representerer ho idrettsleiaren 2.0? Noko seier meg at dei fleste leiarar har enormt å lære av ho.