Mange kommentarar på fleire postar dei siste dagane. Eg skal forsøke å svare i løpet av helga.
I dag har eg opna det nye skrivesenteret i Trondheim. Det skal arbeide med skriveopplæring og skriveforsking retta særleg mot grunnopplæringa i Noreg.
No har eg ein liten augneblink, før eg skal på Pstereo med Snorre Valen, vår 1.kandidat i Sør-Trøndelag. Blir eit fint avbrekk frå hektisk valkamp. I gang igjen med det i morgon tidleg.
Har vore Østfold rundt i dag – eller ikkje akkurat, men innom Sarpsborg, Fredrikstad og Moss. I Sarpsborg slapp vi nyhenda om at byen får det åttande regionale vitensenteret i Noreg. På biletet her viser dei meg rundt med Osmund Ueland i spissen. I Moss var det kulturskulebesøk, i Fredrikstad var det intervju om skule og møte i barnehage.
Eg var også på nasjonal opplæringskonferanse, ein stor årleg konferanse om vidaregåande opplæring, der eg hadde foredrag. Det er meir å seie om turen, men det er seint så vi får la det bli med det.
Det er veldig god og positiv stemning der ute. Kjerneveljarane er klare for fire nye år, mykje entusisasme. Men mange sit også på gjerdet, og har nok ikkje heilt teke stilling enno. Trur valet blir jamnt.
Noreg har visst knust Skottland i dag. Moro, men kan ikkje skjule meir fundamentale problem. Skal kome attende til min analyse av landslaget sine problem.
Først: Grunnen til at studentane var på Romerrike Folkehøgskule var nok berre at dei kan bu der, ha møte der og kose seg i fine omgjevnadar!
Det er litt ulike syn på H/FrP-rapporten. Nokre blir irritert, eg vil forsvare at vi peiker på kva politikk vi kan vente oss av partia. Det er jo også slåande at vår versjon av dei skal meiner er mild bris i høve til det deira eigne ungdomsparti kom med framlegg om i forrige veke. Tonje og Frode kommenterer begge behovet for rapporten, og Frode spør om vi får noko meir om kva dei raudgrøne vil gjere. Det kan du vente deg i valkampen, vi vil kome med noko felles. I tillegg gjeld jo det at når vi er samde om å halde fram, må du også vurdere kva del av det raudgrøne samarbeidet du vil styrke. SV, AP eller SP.
Til sist vil eg vise til interessant kommentarar til det siste innlegget eg skreiv før ferien. Der er det kommentarar til Midtlyngutvalet si innstilling, som inneheld ei rekke radikale framlegg til kva vi skal gjere med spesialundervisninga i skulen. Utvalet si innstilling er sendt på høyring med ekstra lang frist, over fire månedar. Vi gjer det slik fordi dette er viktige og vanskelege tema, der vi må få fram alle syn. Køyr debatt!
Takk for hjelpa med vurderingsforskrift. Alt er lese, ein del er eg samd med og noko tar eg omsyn til. Elles avdekkar debatten noko ulike syn, men ikkje minst den evige balansen mellom detaljert regulering for klåre reglar og fleksibilitet lokalt som samstundes kan skape ulike tolkingar.
Elles har eg hatt to spennande opplevingar i dag med lokale SV-folk i Fet og Nes. Besøk på bedrifta Kanmer i Nes kommune. Det er ei VTA-bedrift og ei attføringsbedrift. Eg besøkte kulturminnet Fetsund Lenser. Det var det største tømmerfløytingsanlegget i Noreg, og i drift fram til 1985. Det ligg nedst der Glomma renn ut i Øyeren, og fortel ei imponerande industrihistorie i vakre omgjevnadar. Her møtest kultur og natur på eit særeige vis. Eg rakk også ein bra runde om skule og barnehage i Fet kommune.
Det kan høyrest grenselaust kjedeleg ut, men er viktig. Vurderingsforskrifta. Eg har framlegg til vurderingsforskrift på bordet mitt no, og vil gjerne ha innspel og synspunkt på eit viktig punkt frå dokke skulefolk.
Mange høringsinstansar har reagert på dette. Eg er samd med dei. I det nye utkastet frå direktoratet er dette forsøkt balansert slik: Ny §3-3 tredje ledd:
…”Læreren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, slik at retten eleven har etter §3-1, blir oppfylt. Eleven skal delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag for å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Stort fråvær eller særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårdvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.” (eg har utheva det som er nytt)
Kva synst dokke om dette framlegget? Tek det innover seg kritikken som er kome, og er det tydeleg? Har du eit forslag?
Nokre skulefolk som orkar å gje meg råd midt i ferien (årsak, avspaseringa)? Legg igjen ein kommentar her, og sprei ordet!
I dag står det på trykk ein sak i Dagbladet papir som handlar om elevar som fell ut av skulen. Min hovudbodskap er at vi er på rett veg. Fleire lærer meir, og dei siste mobbetala viser nedgong. Eg seier også at elevar vert svikta når skulen ikkje klarer å gje dei eit godt nok tilbod, men at det er feil å kalle skulen ein taparfabrikk. Dei fleste gjer det godt og klarer seg godt. Sjå intervjuet klippa inn nederst i denne bloggposten.
På papir er overskifta “Ja, vi sviktar elevene” uten sitatstrek. Med eit bilete av meg som smiler og hoppar tau. Eg har aldri sagt det (det var ikkje med i sitatsjekken), det er desken si tolking. Ei urimeleg tolking etter mitt syn. Og ein veldig spesiell bildebruk, med bruk av eit bilete som er teke i eit intervju om satsing på SFO. Men verst, det gjer inntrykk av å vere eit sitat utan å vere det.
— Jeg kan ikke tenke meg en viktigere oppgave enn å hjelpe flest mulige til å få den hjelpen og oppfølgingen de trenger i skolen, sier
kunnskapsminister Bård VegarSolhjell til Dagbladet.
I går skrev Dagbladet at den norske skolen skaper tapere: En av tre elever føler seg ikke hjemme i det norske skolesystemet, og faller ut av undervisningen.
Kunnskapsminister Solhjell vil ikke være med på å skape tapere. Han mener den rødgrønne regjeringen har gjort synlige grep og er på god vei mot lage en norsk skole for alle:
— Vi er på rett vei og ser klare tegn til forbedringer både faglig og sosialt i den norske skolen. Vi har allerede satt i gang flere tiltak, og flere skal påbegynnes. Vi er i ferd med å snu «vente-å-se»-holdningen blant annet ved å følge opp elever tidligere og tettere, vi har fått flere lærere og flere timer inn i skolen, sier Solhjell.
Ingen «taperfabrikk» Like fullt innrømmer Solhjell at norsk skole svikter elevene:
— Vi svikter elevenes framtid når vi ikke kan gi dem et godt tilbud til læring og oppfølging i skolen. Det er positivt med fokus på dem vi har sviktet, men jeg synes det er feil å kalleden norske skolen for «taperfabrikken». Det er riktig at mange ikke finner seg til rette, men det er fortsatt mange som lærer en hel masse.
— Jeg er enig i at skolen er rettet mot noen, men ikke mot alle. Slik skal det ikke være, vi vil at færre skal falle ifra. Jeg kan ikke være
fornøyd før alle får det skoletilbudet de trenger, sier Solhjell.
Nina spør om IKT og meldinga om kvalitet i barnehagen. Du har rett i at det ikkje er ei hovedsak, vi kunne sikkert godt djupare inn i det. Det er imidlertid omtala i punkt 9.7. Så kan eg varsle at vi om kort tid vil sette i gang etableringa av eit IKT-senter som også får ansvar for barnehagen. Eg skal også sjå nærare på forslaget om ein nettportal.
Geir LS og Torgeir Åge kommenterer min artikkel om 4000 nye lærarar. Tallgrunnlaget for den er heilt rett og baserer seg på tall som SSB har samla inn og som er presentert samla av Utdanningsdirektoratet her. Eg viser til utviklinga sidan den raud-grøne regjeringa overtok, altså dei tre åra frå skuleåret 05-06 til 08-09. Kort oppsummert viser tala at det vart om lag 4000 fleire lærarar (personar) i periode og noko over 2500 årsverk (det eksakte talet går ikkje an å skaffe). Det er samstundes klårt at lærartettleiken har blitt betre og gruppestørrelsen noko mindre, men endringane er relativt små. I forrige periode, med Høgre ved makta, vart gruppene større og det var nedgang i talet på årsverk.
Det er fleire menn her; timetalet har gått opp, og noko av veksten har kome i form av personar utan godkjend pedagogisk utdanning. Når det gjeld artikkelen som Geir og Torgeir Åge viser til, så handlar den om utviklinga siste år (i tillegg til at den har gjort eit noko anna utval). Det er ingen tvil om at utviklinga siste år var klart dårlegare enn dei to første. Det var i bunn og grunn lite endring det siste året, heile veksten kom dei to første raud-grøne åra. Det stemmer også med den generelle kommuneøkonomien.
Det oppstår stadig ganske absurde tolkingar av det ein har sagt i media. Det er vanleg for ein politikar å oppleve det. At ein profilert og dyktig redaktør bommar er meir sjeldant.
Hans Kristian Amundsen, sjefredaktør i Nordlys brukar sterke ord i Nordlys i dag. “Aldri før har de rødgrønne skuffet meg mer” (!) seier han, og refererer til eit oppslag i Aftenposten der eg sa at vi må gjere meir for å gje fagleg sterke elevar utfordringar. Kvar trår han feil?
1. Han har ikkje fått med seg det som er sagt. “Tiden er inne for satsing på de flinkeste, sa SV-statsråden” siterer han fritt frå sin eigen fantasi. Feil. Tida er (framleis) inne for at at alle skal få brukt sitt talent, var bodskapen min i Aftenposten. Elevar som er særleg sterke treng ekstra utfordringar. Nett som dei som slit treng ekstra hjelp.
2. Han trur ein må velge mellom elevar. “Som amen i kirka fører det til at svakere elever, og elever som er tvunget inn i en skole som ikke passer dem, dyttes brutalt ut av politikkens og samfunnets synsfelt.” Men ein lærar i klasserommet kan ikkje velge mellom nokre av elevane sine, ho må gje alle utfodringar på sitt nivå. Då må ein kunne forvente det same av ein kunnskapsminister.
3. Han har ikkje fått med seg kva som er hovudperspektivet til regjeringa. Vi har gjennomført barnehagerevolusjonen, løyva 1 mrd til fleire lærarar for å styrke innsatsen mot dei som slit i norsk og matte, innført tettare kartlegging og gjennomført ei rekke tiltak mot fråfallet i vidaregåande skule. Vi brukar milliardar på tidleg innsats, men enno er det langt igjen. ”Alle skal med” seier dei i AP. “Ulike mennesker, like muligheter” seier vi i SV. Alt dette er hovudperspektivet i stortingsmeldinga som kjem neste månad. Amundsen bør kome på presentasjonen!
4. Han tar dessutan feil om han trur vi ikkje treng å legge til rette for sterke elevar. Han skriv ikkje det, men han kan forstås slik (eg ber om orsaking om eg misforstår). Det er for mange elevar som kjedar seg og ikkje får nok utfordringar, for mange elevar som ikkje får brukt sitt potensiale og sitt talent. I Troms har fylkesråd Pål Julius Skogholt vore flink til å ta tak i dette, ved å tilby undervisning på nivået over for enkelte elevar. Dette er viktig for at oppslutninga om fellesskulen også i framtida skal vere sterk og brei.
Hovudutfordringa er å sørge for at alle lærer seg å lese, skrive og rekne og får brukt sitt talent. Men ingen kan vel i fullt alvor meine at tilpassa opplæring berre skal vere ein rett for ein del av elevane? Så galt kan det gå.
Dei første tala frå Elevundersøkinga 2009 vert offentleg 13.5. Dei viser ein svak nedgang i talet på elevar som svarer at dei vert mobba på skulen siste år. Dei viser også ein svakt positivt trend over fleire år. 300.000 elevar svarer på elevundersøkinga, det er den største og viktigaste årlege undersøkinga av mobbing i skulen. Tala viser at det går rett veg, det blir mindre mobbing. Ambisjonen er å redusere mobbing enno meir.
Litt meir om tala (på UDIR finn du enno meir). Den svake auken frå 2007 til 2008 er no redusert igjen. Mobbinga har samla sett gått noko ned i den perioden vi har samanliknbare tal for, tilbake til 2005. Det er også færre elevar i år enn tidlegare som seier at dei opplever diskriminering på grunn av nasjonalitet.
·I 2008 sa 24 prosent at dei vart mobba ein sjeldan gang eller oftare. I 2009 er det 23,3 prosent.
·Elevar som opplever mobbing ein eller fleire gongar i veka har gått ned frå 5,36 prosent til 5.19 prosent.
Tala for elevar som seier dei har blitt mobba i det heile, inkludert dei som har svart alternativet ”en sjelden gang”, er for åra 2005 til 2009:
·2005: 24,7 %
·2006: 23,8 %
·2007: 23,2 %
·2008: 24,0 %
·2009: 23,3 %
Elevane på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule svarer på spørsmål om dei opplever å ha blitt diskriminert av ulike grunnar, som kjønn eller nasjonalitet. Frå 2007 til 2008 gjekk talet på elevar som oppgjer å ha blitt diskriminert fleire gongar i veka på grunn av nasjonalitet opp frå 2,2 prosent til 2,7 prosent. I 2009 gjekk det ned til 2,2 prosent. Det er ein nedgang i diskriminering på grunn av kjønn fleire gongar i veka frå 2,99 prosent til 2,60 prosent i 2009.
Tala er positive, men må ikkje bli ei sovepute. Difor har vi underteikna eit nytt manifest mot mobbing med ei rekke satsingar for å revitalisere arbeidet mot mobbing.
Eg var i Tabloid i dag og diskuterte mobbing. Der traff eg mellom Elin Dragland. Ho har skrive denne kronikken i Aftenposten om korleis ho opplevde det at dattera henna gjekk frå å vere livsglad, sosial og skuleflink til å bli mobba. Les den, den er sterk. Ho skildrar reflektert og direkte kva mobbing er, og kor makteslaus ein kan føle seg.
Noreg har ein skule med høg trivsel og lite ekskludering samanlikna med andre land. Det hjelper lite for den som opplever mobbing. Dessutan er tala siste år negative, dei har gått opp. Dragland utfordrar oss som styrer – som ho gjorde på Tabloid – på fleire viktige felt. Ho ber oss sørge for at skulane tek i bruk program mot mobbing som har dokumentert effekt, ho ber oss styrke kompetansen til leiing og lærarar og ho ber oss kontrollere at det fungerer i praksis. Alt dette er blant tiltaka som vi arbeider med innan ramma av manifest mot mobbing. Men kronikken og møtet med ho var også ei påminning om at vi må arbeide enno betre og meir systematisk med det, og at dette arbeidet må stå i sentrum for aktiviteten på skulen.