Innlegg arkivert under ‘Skule’



Korte svar

14. November 2009

Diverse kommentarar og synspunkt har tikka inn på bloggen dei siste veken, uten at eg har svara. Flest har kommentert datalagringsdirektivet. Det skal eg kome attende til både her og i mediene framover.

Eg vil i tillegg kort svare Petter om nasjonale prøver. Han spør om ikkje SV er for hemmeleghald av nasjonale prøver. Svaret er at vi er for dagens system. Alt er offentleg. Det vert publisert på kommunenivå og nasjonalt på nett, men ikkje publisert og lagt til rette for rangering på skulenivå.

Så skal eg få vidaresendt din kommentar om lærarutdanninga, Eliane, til Tora som er ansvarleg statsråd.



Nasjonale prøver

11. November 2009

Nasjonale prøver i skulen er gjennomført tidlegare i haust, og no kjem resultata framover. Engelsk-resultata er allereie lagt ut. Prøvene skal gje oss kunnskap om kunnskapane til norske elevar i sentrale fag nasjonalt. Dei skal også vise skilnadar mellom fylke, kommunar og skular, samt brukast til å gje tilbakemeldinga til den enkelte elev og forelder. Dei kjem i tillegg til eksamen, karakterar, andre prøver som til dømes kartleggingsprøver og den vurderinga av og tilbakemeldinga som foregår kontinuerleg.

Prøvene er eit av mange verkemiddel for å få kunnskap om kvaliteten i skulen. Dei vert brukt nasjonalt og lokalt for å sjå kva som fungerer og ikkje fungerer i ein kommune, ein skule og i eit klasserom. Folk som har ansvar for skule over heile landet set seg samvitsfullt inn i reslutata, og brukar dei til forbetring og utvikling.

Det gjer ikkje Gunnar Stavrum i Nettavisen. Det er trist å lese ein så fordummande kommentar som den han har skrive her.

For det første tek han opp ein nokså vanleg påstand, at resultata (på skulenivå) er hemmelege. Det er dei ikkje, det er mellom anna difor Nettavisn kan presentere dei. Dei vert imidlertid ikkje publisert på nett ferdig tillaga med det siktemål at ein skal rangere skular mot kvarandre i avisene. Denne artikkelen i same medium er eit godt døme på kvifor det ikkje er vegen til betre kvalitet i skulen; Nettavisen kan avsløre kva skule som har dei beste resultata i engelsk – ein skule der undervisninga foregår på engelsk! Kanskje ein ide å sjekke bakgrunn og fakta om ein skule før ein konkluderer? Det er systematisk og grundig bruk av prøvene som utviklar kvaliteten. Informasjonen om den enkelte skule vert då også presentert for denne og for dei som har ansvaret for skulen.

Direkte ille vert når Stavrum skriv “Nettavisen har gjort jobben Utdanningsdirektoratet nektes å gjøre, nemlig å gjennomgå tallene fra de nasjonale prøvene – skole for skole.” Trur han på seg sjølv? At dei som har ansvaret for prøvene berre let dei ligge? At han på ein dag har gjort den jobben eit par hundre engasjerte menneske ikkje gjer?

Utdanningsdirektoratet gjer denne jobben heile året – systematisk. Dei presenterer analyseresultata i vår. Dei set sosial bakgrunn, kjønn, størrelsen på skulen, privat/offentleg og ei rekke andre tilhøve i samband med resultata når dei vurderer dei. Dei rettleiar kommunar og fylke som gjer det svakt, dei peikar ut skular og kommunar vi kan lære av. Ikkje minst er det interessant å studere der det er store skilnadar på skular og kommunar med lik elevmasse og andre like kjenneteikn, men ulike resultat. Det er tilfellet mange stader. Kommunane og fylka arbeider også med resultata. Det kan nok gjerast betre mange stader, men det er mange som brukar dei godt.

Dei nasjonale prøvene er etter mitt syn gode og nyttige. Dei må utviklast vidare, mellom anna meiner eg det er viktig at vi betre kan samanlikne skular når vi har kontrollert for bakgrunnsvariablar. Vi må også kunne samanlikne over tid, noko som ikkje går i dag.

Vi må likevel passe på at det ikkje utviklar seg eit test- og prøvehysteri. Det er ikkje slik at fleire prøver gjer ein betre skule. No har vi det vi treng, no er det oppfølginga av resultata frå skule og lærarar som står i fokus. Då meiner eg den seriøse oppfølginga for å forbetre.

Då eg var gjesteredaktør i Nettavisen i august fekk eg eit godt inntrykk av Stavrum (og også journalisten som hadde skrive om skulen eg nemnde). Denne kommentaren er vel eit døme på at sjølv sympatiske og dyktige menneske kan vere heilt på jordet ein gong i mellom!



Utdanningsforbundet sitt landsmøte

2. November 2009

Går av stabelen denne veka. Her skal dei diskutere politikk, ha besøk av prominente gjestar som statsminister og kunnskapsminister og sikkert ha mykje moro.

Dei skal dessutan velje ny leiar. Det er to gode kandidatar, Halldis Holst og Mimi Bjerkestrand. Helga Hjetland har vore leiar sidan det samanslåtte forbundet såg dagens lys for 8 (trur eg) år sidan. Det er ei formidabel oppgåve å kome etter ho. Sjå til dømes Stein Aabø sin artikkel på Dagbladet papir i dag. Her kan du følge landsmøtet.



Svar om budsjett

16. October 2009

Det ligg diverse spørsmål i kommentarfelte om budsjettet.

Hans Karpe poengterer at heilt rett at “all” forsking tyder på at lærarane er det viktigaste for elevane i skulen. Han er så skuffa over det han kallar manglande satsing på det. Det siste er eg heilt usamd med han i. Vi står midt i ei storstilt lærarsatsing i norsk skule.

Vi skal innføre ei ny lærarutdanning i 2010, med meir spesialisering og større vekt på pedagogikk. Det ligg 100 millionar kroner til å forbetre den i budsjettet.

Det skal frå neste år vere på plass ei ordning mentor/rettleiar for alle nytilsette lærarar i skulen. Vi har inngått ein avtale med KS om det, og det ligg pengar i budsjettet.

I år har vi sett i verk ei varig ordning for etter- og vidareutdanning i skulen. Vi brukar 400 millionar kroner i år, det same neste år; det gjev rom for om lag 2000 lærarar på vidareutdanning i året. Problemet her er ikkje for lite pengar, men at mange kommunar ikkje har prioritert sin del, at skular vegrar seg for å sende folk på EVU når dei manglar vikarar. Vi har ikkje fått fylt opp alle studieplassane, difor må vi forbetre EVU-satsinga før vi løyver meir til den.

For å gje rom for meir EVU må vi rekruttere fleire lærarar. Difor vidarefører vi den sterke satsinga på rekruttering gjennom GNIST-kampanjen, avskrivingsordningar for studielån og alternative vegar inn i skulen som lektor2-ordninga. Sidan det trengs fleire lærarar ligg det og inne over 600 millionar kroner til fleire lærarar i norsk og matte i 1.-4. klasse.

I tillegg til dette vil eg nemne at eg for få dagar sidan opna den nye norske rektorutdanninga, som er eit tilbod til alle nytilsette rektorarar i skulen. Om nokre månedar kjem tidsbrukutvalet med si innstilling. Då skal vi arbeide med korleis lærarane si tid kan frigjerast til elevane, og i mindre grad bli brukt til byråkrati.

Eg meiner dette er ei sterk lærarsatsing. Den må ikkje bli eit eingongsløft, men eit varig løft for skulen.

Så fekk eg spørsmål om den nye undervisningstimen er øremerka. Svart er at den blir lovfesta. Så går kommunane overført pengar som dei må bruke til å innføre den.



SM2 på eit døgns avstand

7. October 2009

No har vi lagt fram Soria Moria 2, og du kan sjølv ta stilling til kva du likar og ikkje likar i dokumentet.

Min analyse er om lag slik: Soria Moria1 var Europas mest radikale regjeringsplattform. Det var stor endringskraft og mykje entusiasme frå valkampen, og etter å ha lagt fram erklæringa var alle vinnarar på alt. Det er tøft å følge opp det, med mindre trykk på endring og mindre økonomisk handlingsrom.

I byrjinga av prosessen var eg redd dette skulle bli “stille i båten”. Med dokumentet litt på avstand, og ei grov gjennomlesing av det meste, må eg seie at det vart det ikkje. Det er heller “videre til venstre”.

Grovt sett er SM2 eit skritt til venstre på miljø, utanrikspolitikk og likestilling, same retning på dei fleste velferdsfelt og ei innstramming av asylpolitikken.

Eg skal ikkje bruke mykje tid på asyl, anna enn å seie at eg meiner mange overdriv dette. Dei fleste punkta som ligg er allereie vedtatt, så er det nokre innstrammingar. Det er ikkje FrP-politikk, det er AP-politikk. Som valet gav større styrke. NOAS har nokså edruelege kommentarar.

To-tre andre ting syns eg er verdt å merke seg. Utanrikspolitikken markerer enno ein sving mot venstre. Eg har høyrd enkelte seiet at i utanrikspolitikken, der har ikkje SV innverknad. Eg meiner SV har hatt særleg stor innverknad der, og det held fram med dette dokumentet. Det er eit program for avskaffing av atomvåpen, betre kontroll med våpensal, gjeldsslette, styrka utviklingspolitikk og ei klår norsk stemme internasjonalt.

Når det gjeld likelønn set vi i gang prosessen som kan ende med ein likelønspott og eit stort likelønnsløft. Vi gjev eit klårt signal om at vi vil bidra, og ber partane i arbeidslivet avklåre kva grupper som skal omfattast og og korlesi dei vil sikre mekanismar for å gjere det varig. Denne strategien har vi skissert før, og det er berre slik vi kan få til eit løft. Inga regjering kan dele ut ekstra pengar utan forpliktande avtalar om kven som skal få dei og korleis dei skal sikre likelønn. Ellers får vi ikkje eit likelønnsløft, men eit udefinert lønnsløft. Organisasjonane er delte. NTL er positive, Utdanningsforbundet betinga positive og Sjukepleiarforbundet negative.

I itllegg til dette er eg godt nøgd med delen om utdanning. Eg syns den har ein klårare kunnskap- og mestringsprofil denne gongen, og klårare proritering av kva som er viktig. Det er framleis stasting på læraren i sentrum, med kompetansehveing og lovfesta norm for nok lærarar, men også SFO-reform og meir praksis.  Eg meiner også at mijlø og klima gjennomsyrar dokumentet langt betre enn sist.

Eg har hatt sjansen til å følge mediebiletet både på nett og TV i kveld. Her er hovudtemaet asylinnstrammingar, med meir vekt på “SVs tap” enn på innhaldet i saka. I det heile tatt, SV som taper er eit eit standhaftig gjennomgangstema i norsk politikk. “Bilde av et SV som bare taper er så sterkt at virkeligheten sliter med å trenge gjennom medias filter” skriv Andreas Halse i denne bloggposten. Dei som analyserer med litt senka skuldre har lett for å finne spor av SV sine 6.2%. Etter å ha sett SV i kveld kan ein verkeleg lure på kva som gjer nett denne mediedramaturgien så sterk?



Kvifor SV?

13. September 2009

1) Fordi SV sitt valresultat kan avgjere om det blir raudgrøn regjering. Gjer vi det bra kan vi klare det så vidt. Gjer SV det dårleg kan fleirtalet ryke.

2) Fordi SV er utdanningspartiet. Vi har forslaget som kan sikre mindre klassar og fleire lærarar i skulen. Samstundes satsar vi på kompetanseheving av lærarar, ei eiga rektorutdanning og ei betre og meir krevjande lærarutdanning. Vi har gjennomført ei barnehagereform, no skal vi få oppkvaliteten og ned prisen i SFO. Vi vil betre finansieringa av høgskular og Universitet, og innføre 11. månedar studiefinansiering.

3) Fordi SV i ei raudgrøn regjering er det einaste som kan halde Lofoten oljefritt. Dersom det blir borgerleg fleirtal kan stortingsfleritalet av AP, H og FrP presse det gjennom. Det gjeld også dersom V og KrF bind opp H i regjering. AP og FrP vil ha fleirtal i Stortinget og kan stemme det gjennom. Berre SV med støtte frå SP kan binde opp ei fleirtalsregjering til å seie nei, slik vi har gjort i denne perioden.

4) Fordi vi har sloss for likelønn i årevis, og no er det endeleg breiare støtte for ein likelønnspott til dei tilsette i kvinnedominerte sektorar som pleie/omsorg og barnehagar. Det trengs eit parti som er villig til å prioritere det.

5) Fordi det trengs meir sosialisme, ikkje mindre. Fleire radikale folk, ikkje færre. Meir nytenking i utanrikspolitikken, ikkje mindre. Og fordi eg og andre i SV skal halde fram med å vere leiande på sosiale medier, vere i dialog og bruke sjansen til å høyre på råd.

Godt val!



Sluttfase

9. September 2009

I dag har eg vore rundt i Akershus. Eit av stoppa var på kulturskulen i Ås. Kommunen har satsa på ein god kulturskule, og meir enn 1 av 5 elevar i grunnskulen er også elevar på kulturskulen. Eg fekk sjå både elevar og lærarar i aksjon, og gav økonomisk støtte til eit prosjekt. Eg fekk også kjenne litt på ei fiolin. For første gong på årevis. Eg spelte faktisk fiolin i mange år, fram til eg var om lag 15 år.

Tidlegare i veka la regjeringa fram våre planar om satsing på kulturskulen. Mange undervurderer dette tilbodet, som meir enn 100.000 norske born har glede av.



Tid

9. September 2009

Eg har skrive om tid og norskfaget på nettsida til Landslaget for norskundervisning. Les innlegget her, og legg inn din kommentar. Eg vil sjå innom med jamne mellomrom.



Pstereo

21. August 2009

Mange kommentarar på fleire postar dei siste dagane. Eg skal forsøke å svare i løpet av helga.

I dag har eg opna det nye skrivesenteret i Trondheim. Det skal arbeide med skriveopplæring og skriveforsking retta særleg mot grunnopplæringa i Noreg.

No har eg ein liten augneblink, før eg skal på Pstereo med Snorre Valen, vår 1.kandidat i Sør-Trøndelag. Blir eit fint avbrekk frå hektisk valkamp. I gang igjen med det i morgon tidleg.



Østfold rundt

12. August 2009

Har vore Østfold rundt i dag – eller ikkje akkurat, men innom Sarpsborg, Fredrikstad og Moss. I Sarpsborg slapp vi nyhenda om at byen får det åttande regionale vitensenteret i Noreg. På biletet her viser dei meg rundt med Osmund Ueland i spissen. I Moss var det kulturskulebesøk, i Fredrikstad var det intervju om skule og møte i barnehage.

Eg var også på nasjonal opplæringskonferanse, ein stor årleg konferanse om vidaregåande opplæring, der eg hadde foredrag. Det er meir å seie om turen, men det er seint så vi får la det bli med det.

Det er veldig god og positiv stemning der ute. Kjerneveljarane er klare for fire nye år, mykje entusisasme. Men mange sit også på gjerdet, og har nok ikkje heilt teke stilling enno. Trur valet blir jamnt.

Noreg har visst knust Skottland i dag. Moro, men kan ikkje skjule meir fundamentale problem. Skal kome attende til min analyse av landslaget sine problem.