PISA ute av skapet
8. December 2010Så er PISA 2009 presentert.
Det er som eit spøkelse er ute av skapet. Svartmalinga av norsk skule har i stor grad basert seg på fleire runder med svake og fallande resultat. PISA har blitt tolka som ein total dom over norsk skule. PISA-undersøkinga er ein god og gjennomarbeida studie av viktige dugleikar og fag som lesing, matematikk og naturfag. Ikkje minst lesing er ein viktig basis for å skaffe seg anna kunnskap og fungere godt i samfunns- og arbeidsliv. Samstundes seier PISA lite eller ingenting om andre viktige trekk ved skulen, som trivsel, dei kreative og praktiske faga eller i kva grad norsk elevar tek i bruk ny teknologi.
Det viktigaste med dagens resultat er at lærarar, rektorarar og andre skulefolk i Noreg kan rette ryggen. Dei har gjort jobben som gjer at vi er på rett veg. Vi politikarar kan krangle om kven som har æra. “Fiaskoer har ingen foreldre, men suksesser har mange foreldre” var Kristin Halvorsen sin treffande kommentar til at Høgre meiner dei sjølv og kunnskapsløftet har hovudæra.
Eg eg er både glad og letta for resultatat, for det viser klår framgang for norske skuleelevar i lesing, rekning og naturfag. I lesing er framgongen stor, og vi ligg klårt over OECD-snittet. I mattematikk og naturfag er framgongen mindre, og vi ligg om lag på snittet i OECD. I norden er Finland, som har fått ein nesten magisk status i skulepolitikken, framleis klårt fremst (dei er også på topp internasjonalt, saman med Korea) medan Noreg no er nest beste nasjon. Kortversjonen av resultata finn du her. Viktigare enn denne rankinglista er kanskje nokre andre tilhøve:
Pila peikar riktig veg, og det nokså klårt. I Sverige går resultata feil veg. Det er interessant å samanlikne med dei som har mange år med borgarleg skulepolitikk bak seg. Sverige har satsa på fleire privatskular, nivåinndeling og fritt skuleval, og har fått større grad av segregering i skulen. Det er ei oppskrift OECD åtvarar mot i materialet, der dei viser til at skulesystem med like muligheiter og lite segregering av elevar i ulike skular og klassar gjer det best.
Skulen er ikkje god nok til å redusere sosiale skilnadar. Det er for stor skilnad i resultat basert på elevane sin bakgrunn. Men den norske skulen er betre på å redusere sosial ulikskap enn skulen i dei fleste andre OECD-land. Samsundes viser undersøkingar at Noreg og Finland skil seg ut som dei landa som har minst skilnadar i resultat mellom skular, og størst skilnad innan skulen. Dette er eit teikn på lite segregering, og at vi har ein sterk fellesskule. Det er eit viktig trekk ved land som gjer det bra. Den dyktige forskaren som har leia arbeidet med PISA i Noreg, Marit Kjærnli, heldt ein presentasjon som viser dette godt på side 26 og 27.
Til sist vil eg legge til to ting. Politikk virkar, dersom det er rett politikk. I 5 år har vi fokusert på tidleg innsats og lesing, på kompetanseheving av lærarar, på å styrke skuleleiing og sunn bruk av kartleggingsprøver og nasjonale prøver. Vi har gjort det utan privatisering, nivådelding av klassar eller andre tiltak som forskinga åtvarar mot. Det har virka.
Politikken virkar, PISA var bra, men nor gjeld det å ikkje legge for stor vekt på den. Vi skal halde fram med den satsinga, men PISA må ikkje gå til hovudet på oss. Vi må våge å ha eit sterkt fokus på trivsel og mobbing, på fråfall i vidaregåande skule og på kreativitet i skulen. Det er viktige sider ved ein god skule som ikkje blir målt i PISA og ikkje må gå tapt. Tvert imot, kreativitet og kultur i skulen til dømes fortener ei kraftfull satsing.

I det helga startar har eg sett meg grundig inn i materialet til Torbjørnrud, sjølv om det gjenstår ein del arbeid med det. Torbjørnrud er kallenamnet på regjeringas første budsjettkonferanse av to. Eg skreiv ein post i fjor som gjer ei
